{"id":7868525,"date":"2010-01-25T00:00:27","date_gmt":"2010-01-25T00:00:27","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/01\/kryssord-7868525\/"},"modified":"2010-01-25T00:00:27","modified_gmt":"2010-01-25T00:00:27","slug":"kryssord-7868525","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kryssord-7868525\/","title":{"rendered":"Kryssord"},"content":{"rendered":"<p>I Opi sending er det kryssord-teknikkar som vert brukte for \u00e5 l\u00f8yse oppg\u00e5vene. Det fekk meg til \u00e5 tenkje p\u00e5 ei oppleving eg hadde i sommar, d\u00e5 vi var p\u00e5 tur til Nord-Norge. I Vester\u00e5lens Avis er det kryssord i helgene, og ettersom vi var der ei helg, vart det til at vi l\u00f8yste oppg\u00e5va.<\/p>\n<p>Vertskapet v\u00e5rt var s\u00e5 vennlege at dei sa at dei trudde vi kom til \u00e5 vinne, og sanneleg, det gjekk troll i ord, som dei seier, vi vann. Premien var eit Vester\u00e5lens Avis-krus. Ettersom vi var reiste d\u00e5 l\u00f8ysinga kom, og avisa har som regel at vinnaren m\u00e5 kome innom og hente premien, gjekk verten v\u00e5r innom avisa og henta p\u00e5 v\u00e5re vegner. Det kunne ho godt gjere, for ho var s\u00e5 sikker p\u00e5 at vi kom til \u00e5 vinne, at ho tok to krus fr\u00e5 si samling av premiar og gav oss f\u00f8r vi reiste, s\u00e5 no sit b\u00e5de eg og Reidun og kosar oss med kaffe i krus fr\u00e5 Vester\u00e5lens Avis.<\/p>\n<p>Krus er i det heile ein fin premie, og i mange typar konkurransar er det krus det handlar om. Slik og i opi sending. Etter det eg hugsar, var det Gyro Uppstad som fekk krus siste gongen. Som eg skreiv i g\u00e5r, var det mange telefonar onsdagskvelden. Vi har til regel at vi trekkjer kruset mellom alle som ringjer inn, ikkje bare mellom dei som kjem inn i studio i l\u00f8pet av sendinga. D\u00e5 held spaninga seg for alle heilt til slutt.<\/p>\n<p>Sist sundag fekk eg ein telefon med sp\u00f8rsm\u00e5l om eit par kryssorduttrykk. Vi l\u00f8yste dei saman og i kveld fekk eg ein ny telefon. Ho som strevde med kryssord sist helg hadde vunne tredje gevinst, som var to flaks-lodd. Dei kom ut i null, s\u00e5 den varige premien var namnet i avisa. Men ho gjekk laus p\u00e5 nye oppg\u00e5ver denne helga og vi prata litt om nokre av orda i den oppg\u00e5va og. Alt f\u00f8r ho tok telefonen til meg, hadde ho klart gata i kryssordet, men det var eit par st\u00f8tteord som vi kunne snakke litt om. Det gjorde vi, og s\u00e5 sludra vi litt om andre ting i same slengen.<\/p>\n<p>Eg la inn eit godt ord for wikipedia til kryssordl\u00f8ysing, men det var nynorskordboka p\u00e5 nett som kom oss til hjelp d\u00e5 vesle vitet ikkje strakk til. Mange ting har endra seg etter at ein fekk Internett, ja.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I Opi sending er det kryssord-teknikkar som vert brukte for \u00e5 l\u00f8yse oppg\u00e5vene. Det fekk meg til \u00e5 tenkje p\u00e5 ei oppleving eg hadde i sommar, d\u00e5 vi var p\u00e5 tur til Nord-Norge. I Vester\u00e5lens Avis er det kryssord i helgene, og ettersom vi var der ei helg, vart det til at vi l\u00f8yste oppg\u00e5va. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kryssord-7868525\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kryssord<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7868525","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7868525"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7868525"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7868525\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7868525"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7868525"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7868525"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}