{"id":7862531,"date":"2010-01-23T23:36:17","date_gmt":"2010-01-23T23:36:17","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/01\/opi-sending-med-litt-av-kvart-7862531\/"},"modified":"2010-01-23T23:36:17","modified_gmt":"2010-01-23T23:36:17","slug":"opi-sending-med-litt-av-kvart-7862531","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/opi-sending-med-litt-av-kvart-7862531\/","title":{"rendered":"Opi sending med litt av kvart"},"content":{"rendered":"<p>Det var Jorunn Lund Harstad og K\u00e5re Rike som skulle ha open sending onsdagskvelden, men d\u00e5 Tore Lund gjekk bort m\u00e5ndag, var det ikkje naturleg for Jorunn \u00e5 vere med, s\u00e5 K\u00e5re fekk med seg Jon Ola Rysstad, H\u00f8grepolitikar og med p\u00e5 dette for fyrste gong. Det var ein debut han kunne vere n\u00f8gd med, dei to snakka med innringarane som gamle kjende.<\/p>\n<p>K\u00e5re hadde laga rebusar om litt av kvart, og etter nokre rebusar med aktuelle dagar og tider p\u00e5 \u00e5ret, gjekk han over til sportsheltar. Dei var noko til\u00e5rskomne, og mange av innringarane var ikkje p\u00e5tenkte d\u00e5 dei hadde si glanstid. \u00c5 sp\u00f8rje ein ti\u00e5ring om kor han var d\u00e5 Oddvar Br\u00e5 brakk staven, det er jo r\u00e5tt parti. Fred Anton Maier er og ein helt fr\u00e5 historieb\u00f8kene, men svar fekk dei to i studio. Til tider var det ganske hektisk ved telefonen, eg hadde telefonteneste etter at eg hadde vore programleiar dei fyrste timane.<\/p>\n<p>Det var mange som fylgde med over internett, dei som kom inn i studio var ei fin blanding av lokale og fjernare innringarar, b\u00e5de fr\u00e5 Songdalen, Sirdal og Kristiansand kom det telefonar.<\/p>\n<p>For den som er ansvarleg for opi sending er det ein del praktiske oppg\u00e5ver som m\u00e5 l\u00f8ysast, s\u00e6rleg med omsyn til \u00e5 finne premiar og distribuere dei. Knut gjorde dette og p\u00e5 ein god m\u00e5te, men s\u00e5 er han jo l\u00e6rt opp av Jorunn. Og denne gongen l\u00e5g musikken han nytta i ein eigen katalog p\u00e5 Spotify, s\u00e5 teknikar Inga Flateland hadde ein enkel jobb denne kvelden.<\/p>\n<p>Nesten 120 telefonar p\u00e5 halvannan time, b\u00e5de eg og Gudrun Nomeland skreiv s\u00e5 blekket spruta i innringings\u00f8ktene. Og s\u00e5 slutta dei av i h\u00f8veleg tid, 22:30 er det greit \u00e5 runde av n\u00e5r det er skule og arbeid dagen etter. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det var Jorunn Lund Harstad og K\u00e5re Rike som skulle ha open sending onsdagskvelden, men d\u00e5 Tore Lund gjekk bort m\u00e5ndag, var det ikkje naturleg for Jorunn \u00e5 vere med, s\u00e5 K\u00e5re fekk med seg Jon Ola Rysstad, H\u00f8grepolitikar og med p\u00e5 dette for fyrste gong. Det var ein debut han kunne vere n\u00f8gd med, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/opi-sending-med-litt-av-kvart-7862531\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Opi sending med litt av kvart<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7862531","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7862531"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7862531"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7862531\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7862531"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7862531"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7862531"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}