{"id":7850761,"date":"2010-01-21T23:43:52","date_gmt":"2010-01-21T23:43:52","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/01\/coop-valle-fornyar-seg-7850761\/"},"modified":"2010-01-21T23:43:52","modified_gmt":"2010-01-21T23:43:52","slug":"coop-valle-fornyar-seg-7850761","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/coop-valle-fornyar-seg-7850761\/","title":{"rendered":"Coop Valle fornyar seg"},"content":{"rendered":"<p>Gunnar Brottveit var i studio i nyhetstimen i g\u00e5r og fortalde om korleis Coop Valle fornyar seg. Heile innreiinga er skifta ut, det var ein stor jobb \u00e5 f\u00e5 ut alt det gamle, inn med det nye og f\u00e5 varene p\u00e5 plass i hyllene, mykje skulle p\u00e5 nye plassar.<br \/>\n -Leverand\u00f8rane m\u00e5tte stille med folk for \u00e5 sette p\u00e5 plass varer, fortalde han. P\u00e5 det meste var det 15 &#8211; 20 personar i sving. Det var ganske hektisk.<\/p>\n<p>Bakgrunnen for dette er at kjeden sentralt vil profilere alle butikkane likt, og dermed m\u00e5tte og Valle inn under den nye profilen. Kostnaden vart vel opp mot ein million, trudde Gunnar, som enno ikkje hadde full oversikt. Men det meste vert dekka av kjeden sentralt.<\/p>\n<p>-Butikken er blitt opnare. Vi har sett saman ein del av det som var faghandel f\u00f8r og noko av matvarene er flytt opp p\u00e5 niv\u00e5et der faghandelen var f\u00f8r. Det ser ut som om kundene synest det er greitt, varene er p\u00e5 nye plassar, men folk finn fram etter kvart.<\/p>\n<p>-Det var godt \u00e5 f\u00e5 br\u00f8dskj\u00e6remaskinen bort fr\u00e5 plassen han stod p\u00e5, for der var det helst trongt.<br \/>\n-Ja, han hadde ikkje nokon grei plass, s\u00e5 det var mykje greiare n\u00e5r han vart flytt, seier Gunnar, som og fortel at fr\u00e5 1. januar skal tobakk ikkje vere synleg i butikken. Det har f\u00f8rt til at butikken har f\u00e5tt ein automat der folk hentar r\u00f8yken etter at dei har betalt i kassa.<br \/>\n-Det systemet fungerer godt, fortel Gunnar.<\/p>\n<p>Han kunne fortelje at Coop Valle framleis skaffar brunevarer og kvitevarer. At dei skaffar kvitevarer, visste ikkje eg, s\u00e5 eg sa at det seier du ikkje i reklamen p\u00e5 Valle Radio.<br \/>\n-Nei, du har nok rett i det, men vi skaffar alts\u00e5 kvitevarer, smilte han.<\/p>\n<p>Etter dette fekk han forlate studio i Valle Radio for \u00e5 kome seg heim og f\u00e5 mat etter ein lang dag p\u00e5 jobb. Vi takka for velvilje til \u00e5 stille opp og ynskte til lukke med oppgraderinga.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Gunnar Brottveit var i studio i nyhetstimen i g\u00e5r og fortalde om korleis Coop Valle fornyar seg. Heile innreiinga er skifta ut, det var ein stor jobb \u00e5 f\u00e5 ut alt det gamle, inn med det nye og f\u00e5 varene p\u00e5 plass i hyllene, mykje skulle p\u00e5 nye plassar. -Leverand\u00f8rane m\u00e5tte stille med folk for &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/coop-valle-fornyar-seg-7850761\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Coop Valle fornyar seg<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7850761","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7850761"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7850761"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7850761\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7850761"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7850761"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7850761"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}