{"id":7724460,"date":"2010-01-09T23:32:32","date_gmt":"2010-01-09T23:32:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2010\/01\/nar-straumen-vert-borte-7724460\/"},"modified":"2010-01-09T23:32:32","modified_gmt":"2010-01-09T23:32:32","slug":"nar-straumen-vert-borte-7724460","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nar-straumen-vert-borte-7724460\/","title":{"rendered":"N\u00e5r straumen vert borte"},"content":{"rendered":"<p>I kveld vart straumen borte hos oss og naboen. Det var litt rart \u00e5 sj\u00e5 fullt opplyste hus hos andre naboar, men det var ikkje anna \u00e5 gjere enn \u00e5 ringe til leverand\u00f8ren og sm\u00f8rje seg med t\u00e5lmod. Og s\u00e5 heller ta det som ein smak av ei anna tid.<\/p>\n<p>Ikkje TV, ikkje Valle Radio (dei sender no heller ikkje ein laurdagskveld, men Lindesnes Radio gjer det) eller annan radio, ikkje data, ingen musikk, kan ikkje spele p\u00e5 det elektroniske orgelet heller. Bare stearinlys. Og nokre ekstra vedskier i omnen, for varmepumpa tok tidleg kveld. Laurdagskospizzaen vart varma p\u00e5 vedomn, han vart god nok den, men te orka vi ikkje \u00e5 lage, s\u00e5 det vart kald melk.<\/p>\n<p>Det var nok ein feil i nettet, for etter eit par timar blinka det i lysa att, og s\u00e5 var straumen tilbake, vi h\u00f8yrde ikkje noko fr\u00e5 feilrettarane, dei har min st\u00f8rste v\u00f8rnad, sj\u00f8lv om det bare var -3 grader ute. Ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 snakke om, kanskje, dei er vande med \u00e5 m\u00e5tte ut i all slags ver, men eg som frys om det vert under 20, kan ikkje anna enn \u00e5 beundre dei som gjer at samfunnet fungerer.<\/p>\n<p>Utan straum stoppar det meste. Heile det normale livet er basert p\u00e5 at straumen skal vere der: N\u00e5r vi fyller bensin, treng pumpene straum og n\u00e5r vi betalar med kort, treng vi straum. I v\u00e5re dagar er det meste av telefonar og straumdrivne. Og fryseboksar og kj\u00f8leskap og respiratorar og kuv\u00f8ser, n\u00e5 ja, sjukehusa har vel straumaggregat og klarer seg h\u00f8veleg om straumen g\u00e5r.<\/p>\n<p>Men etter kvart ser ein kor mykje som er basert p\u00e5 straum. I denne kuldeperioden kan eg ikkje anna enn \u00e5 vere glad for at vi har han, ja eg til og med undrar meg av og til litt over livet f\u00f8r straumen kom. Truleg la folk seg tidlegare enn vi gjer. Men no er det tid for meg og \u00e5 ta kveld. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld vart straumen borte hos oss og naboen. Det var litt rart \u00e5 sj\u00e5 fullt opplyste hus hos andre naboar, men det var ikkje anna \u00e5 gjere enn \u00e5 ringe til leverand\u00f8ren og sm\u00f8rje seg med t\u00e5lmod. Og s\u00e5 heller ta det som ein smak av ei anna tid. Ikkje TV, ikkje Valle Radio &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/nar-straumen-vert-borte-7724460\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">N\u00e5r straumen vert borte<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7724460","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7724460"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7724460"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7724460\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7724460"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7724460"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7724460"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}