{"id":7659919,"date":"2009-12-29T23:58:39","date_gmt":"2009-12-29T23:58:39","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/12\/romjol-7659919\/"},"modified":"2009-12-29T23:58:39","modified_gmt":"2009-12-29T23:58:39","slug":"romjol-7659919","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/romjol-7659919\/","title":{"rendered":"Romjol"},"content":{"rendered":"<p>Det er lenge sidan vi har hatt ei s\u00e5 kald romjol p\u00e5 S\u00f8rlandet. Denne jola er det sn\u00f8 og mange minusgrader, ned mot 10, og det er kaldare enn p\u00e5 lang tid. S\u00e5 sel dei bortoverski s\u00e5 det susar, det er jo lettare \u00e5 kunne spenne p\u00e5 seg skia i ei lysl\u00f8ype ein halv times k\u00f8yretur heimanfr\u00e5, enn \u00e5 ruste seg med nedoverski og dra til eit alpinsenter, anten det er i Brokke eller p\u00e5 Hovden.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv kunne eg ikkje tenkje meg ski, korkje nedover eller bortover, s\u00e5 eg held meg til raggsokkar utan skisko og nyt livet utan \u00e5 f\u00e5 naglebit, om eg d\u00e5 ikkje m\u00e5 f\u00e5 bort sn\u00f8 fr\u00e5 bilen for \u00e5 ta meg ein tur til butikken. Det er seks kilometer til sentrum, s\u00e5 om ein ikkje treng noko, droppar ein den turen.<\/p>\n<p>I g\u00e5r tok vi turen til Lyngdal p\u00e5 romjolsbursdagsfeiring, og d\u00e5 fekk vi ei avveksling fr\u00e5 <em>Den store julereisen<\/em>, konkurransen i F\u00e6drelandsvennen som vi har brynt hovudet p\u00e5 denne jola. D\u00e5 spelte vi <em>Gruble<\/em>. Det er eit enkelt spel, men gruble m\u00e5 ein likevel. F\u00f8rst bestemmer ein emne, kanskje fem til ti ulike emne. S\u00e5 trekkjer ein bokstav, og s\u00e5 gjeld det \u00e5 skrive ned eit ord innan kvart emne som startar med denne bokstaven. Jentenamn er lett, Norske \u00f8yer, Hovudstader, Forfattarar og teikneseriefigurar er vanskelege, men om ein godtek mat til \u00e5 vere alt som kan etast, g\u00e5r det som oftast \u00e5 kome p\u00e5 noko p\u00e5 to minutt. Dei som klarar eit unikt svar, f\u00e5r to poeng, dei som deler med andre, f\u00e5r eitt poeng. Ein slik konkurranse kan ta ei stund, den er sosial og triveleg, s\u00e6rleg n\u00e5r ein sj\u00f8lv kjem h\u00f8gt p\u00e5 lista til slutt. D\u00e5 kan ein mest gl\u00f8yme kulda og ta eit ekstra kakestykke.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det er lenge sidan vi har hatt ei s\u00e5 kald romjol p\u00e5 S\u00f8rlandet. Denne jola er det sn\u00f8 og mange minusgrader, ned mot 10, og det er kaldare enn p\u00e5 lang tid. S\u00e5 sel dei bortoverski s\u00e5 det susar, det er jo lettare \u00e5 kunne spenne p\u00e5 seg skia i ei lysl\u00f8ype ein halv times &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/romjol-7659919\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Romjol<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7659919","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7659919"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7659919"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7659919\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7659919"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7659919"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7659919"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}