{"id":7552347,"date":"2009-12-10T23:38:24","date_gmt":"2009-12-10T23:38:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/12\/valle-pensjonistforening-7552347\/"},"modified":"2009-12-10T23:38:24","modified_gmt":"2009-12-10T23:38:24","slug":"valle-pensjonistforening-7552347","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle-pensjonistforening-7552347\/","title":{"rendered":"Valle pensjonistforening"},"content":{"rendered":"<p>I kveld klokka fem hadde Valle pensjonistforening jolem\u00f8te, kunngjort i Valle Radio sist tysdag med p\u00e5minning om \u00e5 melde seg p\u00e5 til Anne Lise Harstad innan fredag i sist veke.<\/p>\n<p>Etter ein knapt akademisk kvarter helsa ho oss velkomne og kunne fortelje at det var eit heilt \u00e5r sidan sist m\u00f8te, ingen av oss var i tvil om kva som hadde vore grunnen til det, for av Valle Radio sine mest trugne telefonvener i Opi sending, Anne Lise og Torleif, er no bare Anne Lise att.<\/p>\n<p>Etter ein song fekk eg halde andakt, og eg tok utgangspunkt i joleevangeliet sine ord om at det ikkje var husrom til barnet som vart f\u00f8dd. Eg knytte det saman med jolesalma Mitt hjerte alltid vanker, der det i andre verset heiter:<br \/>\nAkk kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn<br \/>\nog full av lengsel sukke: Kom Jesus dog herinn.<\/p>\n<p>Etter andakten var det naturleg \u00e5 syngje denne salma saman, Pensjonistforeninga har sangbok med stor skrift som er lett \u00e5 lese for folk som dimmest p\u00e5 synet, s\u00e5 utover kvelden vart songen bare betre og betre. Som vanleg spelte Kjetil Rike trekkspel til songane.<\/p>\n<p>Gjest p\u00e5 m\u00f8tet var fylkesleiar for Aust-Agder, Gro Lande fr\u00e5 Evje. Ho hadde med gratulasjonar i h\u00f8ve at det var 25 \u00e5r sidan laget starta opp. Bare to av dei som var med p\u00e5 det, er framleis medlemmer i laget, men ingen av dei var p\u00e5 m\u00f8tet. Gro hadde med ei g\u00e5ve p\u00e5 600 kroner og ein blomebukett som Anne Lise fekk etter helsinga. S\u00e5 kunne ein halde fram med meir song, og etter &#8220;Det lyser i stille grender&#8221; av Jakob Sande las Torleif Harstad &#8220;Kallen og katten&#8221; av Jakob Sande med dramatisk innleving, det var s\u00e5 vi kunne sj\u00e5 den stavrande kallen med katten etter seg. &#8220;&#8230;men verst var han skamfaren bak&#8230;&#8221;<\/p>\n<p>Dette inspirerte Gro Lande til \u00e5 lese eit dikt om ein som realiserte ein Lotto-gevinst f\u00f8r han fekk vite at den som skulle levere inn kupongen, hadde gl\u00f8ymt \u00e5 gjere det. Det fekk Anna Rysstad til \u00e5 fortelje om d\u00e5 ho og mannen spelte p\u00e5 hest og ho ville ha hest nr. 9, men han ville ikkje h\u00f8yre p\u00e5 kona. D\u00e5 ho kom heim fr\u00e5 jobb om kvelden, fekk ho vite at dei hadde vunner nest h\u00f8gaste premie, den var p\u00e5 vel sju tusen kroner, men om dei hadde spelt p\u00e5 nr. 9, hadde premien vore over tre milliionar kroner. Seinare fekk ho sp\u00f8rsm\u00e5l om ho framleis budde saman med mannen som ikkje ville h\u00f8yre p\u00e5 henne.<\/p>\n<p>Desse innspela inspirerte Kjetil Rike til \u00e5 fortelje om d\u00e5 han og Kjetil Kyrvestad som sm\u00e5, tre-fire \u00e5r var dei kanskje,  gjekk jolebassar og vart skremde, for hans del hadde han bare pr\u00f8vd \u00e5 g\u00e5 jolebasse bare ein gong seinare. D\u00e5 var det sv\u00e6rt naturleg \u00e5 syngje &#8220;Ein skulle vore fire \u00e5r i romjul&#8217;n&#8221;.<\/p>\n<p>Klokka seks var det nydeleg jolemiddag, ribbe med tilbeh\u00f8yr, riskrem og kaffe. S\u00e5 samlast vi etter middagen til meir underhaldning, d\u00e5 var Hanna Kyte Assman og Bj\u00f8rnar St\u00f8le komne for \u00e5 spele og syngje for oss. Nydelege jolesongar fr\u00e5 nydelege ungdomar&#8230;.<\/p>\n<p>Eg vann ein kakeboks og ein pose kaffe i basaren etterp\u00e5, og etter nokre fleire jolesongar var det tid for \u00e5 bryte opp. Eit triveleg jolem\u00f8te var slutt. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveld klokka fem hadde Valle pensjonistforening jolem\u00f8te, kunngjort i Valle Radio sist tysdag med p\u00e5minning om \u00e5 melde seg p\u00e5 til Anne Lise Harstad innan fredag i sist veke. Etter ein knapt akademisk kvarter helsa ho oss velkomne og kunne fortelje at det var eit heilt \u00e5r sidan sist m\u00f8te, ingen av oss var &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/valle-pensjonistforening-7552347\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Valle pensjonistforening<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7552347","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7552347"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7552347"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7552347\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7552347"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7552347"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7552347"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}