{"id":7471809,"date":"2009-11-27T23:43:24","date_gmt":"2009-11-27T23:43:24","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/11\/bergensbanen-7471809\/"},"modified":"2009-11-27T23:43:24","modified_gmt":"2009-11-27T23:43:24","slug":"bergensbanen-7471809","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bergensbanen-7471809\/","title":{"rendered":"Bergensbanen"},"content":{"rendered":"<p>I dag er det 100 \u00e5r sidan f\u00f8rste toget gjekk p\u00e5 Bergensbanen. I h\u00f8vet jubileet sender NRK ei heil togreise fr\u00e5 Bergen til Oslo p\u00e5 NRK2. Det er eit smalt program, og truleg hadde dei ikkje venta s\u00e5 mange sj\u00e5arar. Men i kveld har eg lese mange kommentarar som seier at programmet er mykje betre enn venta, og sj\u00f8lv vart eg fanga ein time fr\u00e5 litt f\u00f8r Myrdal og til Hallingskeid. Det var vinter oppe p\u00e5 fjellet, naturen var sjeldan vakker, og dei var sanneleg heldige med veret p\u00e5 turen.<\/p>\n<p>Inne i tunnellane, det er mange av dei, syner NRK2 klipp fr\u00e5 andre produksjonar dei har gjort med Bergensbanen som tema gjennom \u00e5ra. Dermed f\u00e5r ein b\u00e5de eit historisk bilete og situasjonen i dag.<\/p>\n<p>Det er sjeldan eg reiser med tog no, og Bergensbanen er det sikkert 30 \u00e5r sidan eg har reist med. Men \u00e5 reise med tog er fascinerande, og \u00e5 sj\u00e5 det fr\u00e5 lokomotivf\u00f8raren sin plass er ei oppleving ein gjerne kan ta med seg. Truleg tenkjer mange fleire som eg, s\u00e5 det er nok ein del folk som ser p\u00e5 programmet i kortare eller lengre tid i kveld og i natt, det skulle halde p\u00e5 til klokka 03.<\/p>\n<p>Dette er ein sterk kontrast til mange av radioprogramma ein kan h\u00f8yre. Der er samtalane to til tre minutt, s\u00e5 m\u00e5 ein ha ei plate att. Musikk, musikk, heile tida skal musikk bryte den gode samtalen om eit emne. Vi har slike program i Valle Radio og, men d\u00e5 kallar vi dei musikkprogram. Og ein halvtime med Kommunen informerer har eit eller to musikkinnslag. Eg synest det er bra at v\u00e5re program toler meir samtale og skulle \u00f8nske at NRK sine radioprogram og kunne ha det.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag er det 100 \u00e5r sidan f\u00f8rste toget gjekk p\u00e5 Bergensbanen. I h\u00f8vet jubileet sender NRK ei heil togreise fr\u00e5 Bergen til Oslo p\u00e5 NRK2. Det er eit smalt program, og truleg hadde dei ikkje venta s\u00e5 mange sj\u00e5arar. Men i kveld har eg lese mange kommentarar som seier at programmet er mykje betre &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bergensbanen-7471809\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bergensbanen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7471809","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7471809"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7471809"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7471809\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7471809"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7471809"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7471809"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}