{"id":7453793,"date":"2009-11-24T22:36:41","date_gmt":"2009-11-24T22:36:41","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/11\/gjestfri-for-nye-tankar-7453793\/"},"modified":"2009-11-24T22:36:41","modified_gmt":"2009-11-24T22:36:41","slug":"gjestfri-for-nye-tankar-7453793","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gjestfri-for-nye-tankar-7453793\/","title":{"rendered":"Gjestfri for nye tankar?"},"content":{"rendered":"<p><em>Gjestfri for nye tankar<\/em> er slagordet til Valle kommune. Av og til lurer eg p\u00e5 om det stemmer.<\/p>\n<p>I kveld skulle eg skrive om kommunestyrem\u00f8tet i morgon her p\u00e5 bloggen. D\u00e5 hadde det vore greitt \u00e5 sitere framlegga i skulesaka og diskutere dei. Fordi eg er i Valle Radio, f\u00e5r eg tilsendt kommunestyrepapira, og skulesaka var ganske lang. Men sj\u00f8lve framlegga til vedtak var h\u00f8velege \u00e5 sitere. Problemet var bare at dei var scanna inn fr\u00e5 ein printa versjon, i alle fall trur eg det. Det var ikkje r\u00e5d \u00e5 klyppe og lime, sj\u00f8lv ikkje med hjelp av program som kan lese pdf-filer og gjere dei om til vanleg skrift. Men det f\u00f8reset at dei ikkje er bilete. Sakspapira denne gongen kom p\u00e5 kryss og tvers, eg trur det var 42 sider. Om ein ville ha ut noko, m\u00e5tte ein f\u00e5 det p\u00e5 papir. D\u00e5 er det lita hjelp i \u00e5 sende epost, eg kunne like godt f\u00e5tt lefsa i posten.<\/p>\n<p>Det kan vere mange grunnar til \u00e5 scanne eit dokument. Til d\u00f8mes er det naturleg \u00e5 scanne ei rekning, d\u00e5 kan ein ikkje forandre tala, men m\u00e5 betale det som st\u00e5r der. Men eit dokument som skal brukast som grunnlag for \u00e5 behandle ei sak i eit utval er kanskje ikkje like naturleg \u00e5 scanne. Kanskje var det viktig \u00e5 kunne ta ut ei sak, ikkje alt, fordi ein ville arbeide meir med denne saka.<\/p>\n<p>Eg trudde eg kunne gjere det d\u00e5 eg gjekk p\u00e5 heimesidene til Valle kommune. Der er det ei fane som heiter &#8220;politisk&#8221; og p\u00e5 den sida ein f\u00e5r opp n\u00e5r ein trykkjer p\u00e5 fana, kjem det lenker til r\u00e5d og utval, mellom anna kommunestyret. Men framleis er det som det har vore der og, ingen sakspapir er tilgjengelege. Her kan ein likevel sj\u00e5 dei einskilde sakstitlane og dermed finne ut kva som er interesant: http:\/\/www.valle.kommune.no\/councilmeeting.aspx?ObjectType=ePhorteCommitteeMeeting&#038;ePhorteCommitteeMeeting.ID=312<\/p>\n<p>Slik var det for eitt \u00e5r eller to sidan og d\u00e5 eg unders\u00f8kte det. D\u00e5 vart det sagt at ein snart skulle kunne lese sakspapir fr\u00e5 heimesidene, men det har alts\u00e5 g\u00e5tt vinter og v\u00e5r og sommar og haust utan at ein f\u00e5r tilgang p\u00e5 sakspapira fr\u00e5 heimesidene. Og viss ein f\u00e5r dei tilsendt, kan ein ikkje kopiere ut ei sak og arbeide med henne saman med partifeller f\u00f8r kommunestyrem\u00f8tet. Om ein skal nytte litt av framlegget og s\u00e5 skrive eit nytt framlegg til vedtak, s\u00e5 m\u00e5 ein skrive alt saman sj\u00f8lv fr\u00e5 grunnen av.<\/p>\n<p>Om Valle kommune var gjestfri for nye tankar, s\u00e5 la dei ut sakspapira som HTML-tekst direkte p\u00e5 Internettet, slik at ein kunne finne sakene n\u00e5r ein s\u00f8kte med Google, og s\u00e5 kunne ein representant klyppe og lime fr\u00e5 dei til ein fekk eit framlegg til vedtak ein ville ha med til m\u00f8tet i kommunestyret. Eller eg kunne klyppe ut fr\u00e5 sakspapira og legge ut p\u00e5 bloggen med kommentarar.<\/p>\n<p>N\u00e5 er det ikkje sikkert at folk les og\/eller kommenterer det eg skriv. Men dei hadde hatt h\u00f8ve til det, og det hadde gjort tilbodet fr\u00e5 Valle Radio meir komplett. Men det er sl\u00f8sing med tid og krefter \u00e5 m\u00e5tte printe ut saka og leggje den ved sida av tastaturet og s\u00e5 skrive det inn p\u00e5 nytt. Det f\u00e5r d\u00e5 vere m\u00e5te p\u00e5 kva ein skal bruke tida og kreftene til.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Gjestfri for nye tankar er slagordet til Valle kommune. Av og til lurer eg p\u00e5 om det stemmer. I kveld skulle eg skrive om kommunestyrem\u00f8tet i morgon her p\u00e5 bloggen. D\u00e5 hadde det vore greitt \u00e5 sitere framlegga i skulesaka og diskutere dei. Fordi eg er i Valle Radio, f\u00e5r eg tilsendt kommunestyrepapira, og skulesaka &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gjestfri-for-nye-tankar-7453793\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gjestfri for nye tankar?<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7453793","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7453793"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7453793"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7453793\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7453793"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7453793"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7453793"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}