{"id":740769,"date":"2006-04-19T23:40:42","date_gmt":"2006-04-19T23:40:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/04\/bleka_i_byglandsfjord740769\/"},"modified":"2006-04-19T23:40:42","modified_gmt":"2006-04-19T23:40:42","slug":"bleka_i_byglandsfjord740769","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bleka_i_byglandsfjord740769\/","title":{"rendered":"Bleka i Byglandsfjord."},"content":{"rendered":"<p>**Ein samtale med Bernt Olav Martinsen -BO- og Nils B\u00f8rge Kile -NB- p\u00e5 Syrtveit fiskeanlegg** Ved Harald Haugland -HH-<br \/>\nSendt i Valle radio fredag 7. april 2006<\/p>\n<p>HH: Det er mange som har tenkt p\u00e5 bleka i Byglandsfjorden n\u00e5r dei kj\u00f8rer forbi fiskeanlegget p\u00e5 Syrtveit p\u00e5 veg oppover Setesdal p\u00e5 p\u00e5skeferie. Har du vore med lenge i blekeprosjektet her?<\/p>\n<p>BO: Eg har vore med i opplegget med settefisk og blekeproduksjon sidan tidleg p\u00e5 80-talet.<\/p>\n<p>HH: D\u00e5 skj\u00f8nar eg at eg har treft den rette personen n\u00e5r eg no vil snakke om bleka. Det er jo ein fantastisk jobb som er gjort ved at ein no har klart \u00e5 berge bleka, vil du ikkje seie det?<\/p>\n<p>BO: Jo, den gongen redningsaksjonen vart sett i gang for \u00e5 berge bleka, var ho vel meir og mindre d\u00f8ydd ut i vassdraget her. Det var lokale eldsjeler som den gongen ropte eit varsko og det vart sett i gang ein aksjon for \u00e5 berge henne, og det lyktest jo, kan ein seie.<\/p>\n<p>HH: Det lyktes p\u00e5 den m\u00e5ten at det vart teke i bruk ulike tiltak. Korleis var det?<\/p>\n<p>BO: Den gongen var det veldig d\u00e5rleg vannkvalitet i vassdraget her. Spesielt var det problem p\u00e5 det gamle klekkeriet som l\u00e5g p\u00e5 Bygland. Det dei gjorde den gongen, var \u00e5 overf\u00f8re nokre f\u00e5 individ som dei greidde \u00e5 berge til eit settefiskanlegg p\u00e5 Reinsvoll. Dei hadde s\u00e5 pass god vannkvalitet at der greidde dei \u00e5 halde liv i fisken.<\/p>\n<p>HH: Pr\u00f8vde dei ikkje \u00e5 sende fisk til to anlegg?<\/p>\n<p>BO: Det var nok andre anlegg som var inne i biletet, men det var Reinsvoll som hadde ein vannkvalitet den gongen som gjorde at dei greidde \u00e5 berge bleka. Ein m\u00e5 hugse at dette var ein periode der det var stor d\u00f8delighet p\u00e5 fisk p\u00e5 grunn av for sure vassdrag. Det lokale klekkeriet p\u00e5 Bygland hadde store problem med vannkvaliteten den  gongen.<\/p>\n<p>HH: Og s\u00e5 kom fisken tilbake fr\u00e5 Reinsvoll til Byglandsfjord?<\/p>\n<p>BO: Ja, etter kvart fekk vi orden p\u00e5 vannkvaliteten p\u00e5 Bygland og fekk tilbake materiale fr\u00e5 Reinsvoll. S\u00e5 kunne vi starte med utsetting i Byglandsfjorden.<\/p>\n<p>HH: Anlegget p\u00e5 Syrtveit, kva tid kom det?<\/p>\n<p>BO: Oteraaens Brugseierforening bygde det tidleg p\u00e5 90-talet, det stod vel ferdig i 1992. Det fekk fart i arbeidet med berging av Byglandsfjordbleka.<\/p>\n<p>HH: N\u00e5 er det kome ein rapport. Bleka i Byglandsfjorden. Bestandstatus og tiltak for naturleg rekruttering. Den kom i 2005.<br \/>\nhttp:\/\/www.dirnat.no\/wbch3.exe?ce=25669  Kva er det som er status no, Nils B\u00f8rge Kile? Kva kan vere tiltak for auka naturleg rekruttering?<\/p>\n<p>NB: I rapporten er det samla saman fangsttal fr\u00e5 dei lokale fiskarane i Byglandsfjorden for \u00e5 sj\u00e5 kor stor andel det er av bleke i fangstane. Det viser seg at ein tek til \u00e5 f\u00e5 gode gjenfangstar s\u00e6rleg av den fisken som er utsett fr\u00e5 Syrtveit. Blekebestanden blir halden oppe ved utsetting. Dei seinare \u00e5ra er det og p\u00e5vist eigenrekruttering av bleke. Men forel\u00f8pig er det veldig l\u00e5ge tal og sporadisk i einskilde omr\u00e5de. N\u00e5 jobbar ein vidare med \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 dei gamle gytelokalitetane, om ein kan gjere noko der for \u00e5 auke den naturlege rekrutteringa. Seinast i fjor vart det lagt ut eit nytt gyteflak. P\u00e5 Vassenden, eitt av dei gamle rekrutteringsomr\u00e5da  har vi lagt ut gytegrus og lagt til rette for at bleka kan g\u00e5 inn p\u00e5 den. Alt no verkar det som om bleka g\u00e5r inn og gyt p\u00e5 den, s\u00e5 no vert det spanande i \u00e5ra framover.<\/p>\n<p>HH: Kva slags grus er gytegrus?<\/p>\n<p>NB: I det samarbeidet vi har hatt med NFI (Universitetet i Bergen) har vi pr\u00f8vd \u00e5 finne ut kva slags grus bleka likar og der har ein kome fram til ein storleik p\u00e5 grusen som er ideell, og slik grus er lagt ut i dei omr\u00e5da.<\/p>\n<p>HH: Korleis er den storleiken?<\/p>\n<p>NB: Eg kan ikkje detaljane, men grusen er 1,5 &#8211; 2 mm i gjennomsnitt. Slik grus har vi no lagt ut i Vassenden og no m\u00e5 vi fylgje opp der for \u00e5 sj\u00e5 korleis det resultatet blir. Om dette sl\u00e5r til kan det i framtida bli aktuelt \u00e5 etablere fleire slike gyteomr\u00e5de. Men det er litt tidleg \u00e5 seie noko bastant p\u00e5 dette.<\/p>\n<p>HH: N\u00e5r de set ut fisk, s\u00e5 merkar de den?<\/p>\n<p>BO: Ja, det stemmer, vi klipper den lille fettfinna som alle kjenner bak ved sporen. Den blir klipt bort p\u00e5 all settefisken. Den blir sett ut i slutten av juli, begynnelsen av august. D\u00e5 er den ferdig merka og klar for utsetting. Det fine med dette er at vi med hundre prosent sikkerheit kan skille den utsette fisken fr\u00e5 den fisken som blir rekruttert naturleg i fjorden og som har fettfinna.<\/p>\n<p>HH: De set ut 100.000 fisk i \u00e5ret.<\/p>\n<p>BO: Ja, men i tillegg til det er vi no i gang med planting av \u00f8yerogn. Det vil seie rogn der ein kan sj\u00e5 augo p\u00e5 fisken i rognkornet. Det legg vi ut i gruskassar p\u00e5 gamle gyteplassar som vi kjenner. I desse kassane brukar vi den grustypen som bleka nyttar n\u00e5r ho g\u00e5r inn og gyt naturleg.<\/p>\n<p>HH: St\u00e5r du med saks og klypper fettfinna av 100.000 fiskar?<\/p>\n<p>BO: Ja, vi st\u00e5r med saks. Kvar einskild fisk vert bed\u00f8vd slik at han er lett handterleg, s\u00e5 blir han klypt og sett tilbake i karet. Han kjem seg veldig fort igjen. Fisken taklar det veldig godt.<\/p>\n<p>HH: Treng ikkje fisken den fettfinnen?<\/p>\n<p>BO: Nei, ikkje s\u00e5 vidt eg kjenner til, sj\u00f8lv om det nok har vore diskutert.<\/p>\n<p>HH: Det er jo ein veldig effektiv m\u00e5te \u00e5 sj\u00e5 skilnaden.<\/p>\n<p>BO: Ja, det er klart, ein hadde jo ikkje hatt h\u00f8ve til \u00e5 skjelne mellom utsett fisk og sj\u00f8lvrekruttert bleke om ikkje fisken hadde vore merka.<\/p>\n<p>HH: Korleis har ein peiling p\u00e5 gyteplassane?<\/p>\n<p>NB: Det er jo mykje gammal historie fr\u00e5 Byglandsfjorden om dei gamle gyteplassane. Vassenden i s\u00f8r og elvestrekninga fr\u00e5 Ose opp til Hallandsfossen har kjente og gode gyteplassar til bleka. Dette har ein f\u00e5tt kjennskap til fr\u00e5 lokalbefolkninga.<\/p>\n<p>HH: No er det jo kome eit kraftverk til, Hekni. Har det stoppa bleka, s\u00e5 den ikkje lenger kjem opp til Hallandsfossen.<\/p>\n<p>NB: Det er gjort lite p\u00e5 strekningen fr\u00e5 Ose og oppover, s\u00e5 det er lite data p\u00e5 kor mykje bleke som g\u00e5r oppover. Eit problem er ogs\u00e5 surheita fr\u00e5 sidevassdraga. Bleka er jo ein laksefisk og den er meir \u00f8mfintleg overfor surt vatn enn auren. I \u00e5ra framover blir det nok kanskje lagt meir vekt p\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 det omr\u00e5det ogs\u00e5, slik at ein kan f\u00e5 oversikt over bleka si vandring.<\/p>\n<p>HH: Men vatnet er blitt mykje betre i heile vassdraget no?<\/p>\n<p>BO: Ja, det er heilt klart, og det har nok vore med og hatt positiv verknad p\u00e5 resultatet her i vassdraget ogs\u00e5. Dei siste \u00e5ra har vi f\u00e5tt gode resultat p\u00e5 gjenfangst p\u00e5 den utsette bleka.<\/p>\n<p>HH: Eg h\u00f8yrde Matzow- http:\/\/tinyurl.com\/menjk  -fortelje at no var vannkvaliteten slik at auren kom att i vatna p\u00e5 fjellet. Det tyder vel og at auren er i Byglandsfjorden. Korleis lever dei side om side?<\/p>\n<p>BO: Dei har kvart sitt leveomr\u00e5de i fjorden. N\u00e5r ein snakkar med eldre som hugsar den tida det var godt med bleke i Byglandsfjorden, s\u00e5 var det 50\/50 i fangstane. Auren lever inne langs breidda p\u00e5 botndyr og tek til seg den type n\u00e6ring, medan bleka lever i stim ute i dei frie vannmassane, det vil seie at den lever av pelagisk plankton. Dei konkurrerer ikkje med kvarandre.<\/p>\n<p>HH: Det er eitt problem som sikkert m\u00e5 ha ein innverknad p\u00e5 dette, og det er reguleringssituasjonen. Nokre gonger er Byglandsfjorden l\u00e5g og nokre gonger er han h\u00f8g. Plutseleg ligg gytegropene t\u00f8rre.<\/p>\n<p>NB: Det er er eit problem for b\u00e5de auren og bleka. Men det er noko som blir sett p\u00e5 i den vidare delen av blekeprosjektet. I Vassenden blir reguleringa gjort i forhold til gyteplassene som er etablert ved brua over til Senum slik at ein kan sj\u00e5 korleis dette verkar inn p\u00e5 fisken. Reguleringa verkar og inn p\u00e5 mat-tilbodet for fisken. Ein god del n\u00e6ringsdyr blir sl\u00e5tt ut, det er eit velkjent problem.<\/p>\n<p>HH: Tek regulanten omsyn til det?<\/p>\n<p>BO: Ja, det gjer han, og arbeidet med \u00e5 finne gyteplassar m\u00e5 ogs\u00e5 ta omsyn til at stadene ikkje i s\u00e5 stor grad skal vere p\u00e5verka av reguleringa. Dette jobbar ein med i dag.<\/p>\n<p>HH: Korleis vil du beskrive den prosessen som skjer her p\u00e5 Syrtveit?<\/p>\n<p>BO: Slik som anlegget er bygd opp her s\u00e5 er det vel naturleg \u00e5 starte med stamfisken. Det er jo den som legg grunnlaget for produksjonen. Den stamfisken vi har i anlegget i dag er henta inn som \u00f8yerogn fr\u00e5 foreldrefisk i fjorden. Den blei lagd inn som \u00f8yerogn og klekka, s\u00e5 forar vi han fram til stamfisk &#8211; tre til fire \u00e5r &#8211; d\u00e5 er han kj\u00f8nnsmoden, gytemoden, stamfisk. Den tek vi d\u00e5 rogn fr\u00e5. Grunnen til at vi N\u00e5r vi tek inn stamfisk fr\u00e5 fjorden p\u00e5 denne m\u00e5ten, vonar vi at foreldrene til den settefisken vi produserer her, skal vere s\u00e5 n\u00e6r opp til villfisk som mogleg. Alle foreldrene til stamfisken vi brukar er etter sj\u00f8lrekruttert bleke fr\u00e5 fjorden. Vi legg inn rogn midt i desember i klekkebakkane her p\u00e5 anlegget. D\u00e5 stryk vi stamfisken og tek rogn og melke fr\u00e5 den. S\u00e5 vert han befrukta i anlegget og lagt inn i klekkebakkane. Der ligg han til rundt midten av mai, s\u00e5 klekker han. D\u00e5 har han med seg plommesekken, nistepakka si, og n\u00e5r den er brukt opp, tek vi til \u00e5 fore han. Vi forar han gjennom sommaren til han er 5-6 cm. D\u00e5 er han klar for utsetting.<\/p>\n<p>HH: Kva forar de med?<\/p>\n<p>BO: Det er for som vi kj\u00f8per fr\u00e5 produsentar av fiskefor. Det er tilsett dei n\u00e6ringsstoffa som fisken skal ha.<\/p>\n<p>HH: Er det bare \u00e5 sleppe fisken ut i elva utanfor anlegget?<\/p>\n<p>BO: Vi spreier fisken s\u00e5 godt som mogleg langs heile vassdraget. Det meste vert sett ut i Byglandsfjorden og \u00c5raksfjorden. S\u00e5 vert det sett ut noko nedstr\u00f8ms dammen ogs\u00e5. Det er viktig \u00e5 finne stader der han kan g\u00f8yme seg for annan fisk i fjorden. Dei f\u00f8rste dagane etter utsetting er han nok litt tummelumsk. N\u00e5r han skal fr\u00e5 karet her p\u00e5 anlegget og ut i den store Byglandsfjorden, er det viktig at han har skjul i starten. Om ikkje, kan han fort bli mat for svolten aure. Alle veit at det er alt for mykje aure i Byglandsfjorden. Den er svolten, den har mangel p\u00e5 mat og er hissig p\u00e5 sm\u00e5bleke som vi har sett ut. Difor m\u00e5 vi pr\u00f8ve \u00e5 g\u00f8yme han s\u00e5 godt vi kan, innimellom steinar og kvist. Ein svolten aure i Byglandsfjorden treng ikkje vere stor for \u00e5 sluke ein eitt\u00e5rig blekefisk p\u00e5 fem centimeter. Det har vi sett eksempel p\u00e5 n\u00e5r vi har g\u00e5tt og sett ut fisk. Difor er det viktig at dei kan g\u00f8yme seg.<\/p>\n<p>HH: N\u00e5r du set dei ut, er dei \u00e5leine d\u00e5?<\/p>\n<p>BO: Nei vi set dei ut i sm\u00e5 grupper ut fr\u00e5 korleis tilh\u00f8va er. I eit omr\u00e5de med godt med stein og plasser til \u00e5 g\u00f8yme seg kan ein setje ut fleire, for det er eit godt oppvekstomr\u00e5de. Etter kvart som dei veks til trekkjer dei meir ut i fjorden. Vi m\u00e5 ogs\u00e5 vere n\u00f8ye p\u00e5 at det er god temperatur i vatnet og godt med plankton slik at dei fort kan finne mat. Det gunstige er n\u00e5r det er 14-15 grader i vatnet. D\u00e5 vert det ogs\u00e5 godt med plankton.<\/p>\n<p>HH: Er det ikkje gyteplassar nok i fjorden til at ein bare kunne bruke dei plassane som alt er i fjorden. Treng ein styre med \u00e5 skaffe grus og legge ut nye gyteflak?<\/p>\n<p>NB: Det er lite unders\u00f8kt. Fugle\u00f8yni nord for Storestraumen har gode forhold, og s\u00e5 er det her s\u00f8r i Vassend som er unders\u00f8kt. Men i \u00e5ra framover kjem ein til \u00e5 unders\u00f8ke fleire plassar og sj\u00e5 p\u00e5 korleis lokalitetane er eigna til gyting for bleka.<\/p>\n<p>HH: Korleis unders\u00f8ker ein dette?<\/p>\n<p>NB: Dei siste sesongane har det vore folk fr\u00e5 Universitetet i Bergen som har vore rundt i dykkerdrakter og dykka ned for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 omr\u00e5da. No tek dei til \u00e5 f\u00e5 litt erfaring med kva slags omr\u00e5de, korleis omr\u00e5da til bleka skal sj\u00e5 ut. Dei har vore leia av Bj\u00f8rn Barlaup  http:\/\/www.uib.no\/info\/dr_grad\/96\/august\/barlaup.html<\/p>\n<p>HH: \u00c5r om anna brukast ein del pengar p\u00e5 dette? N\u00e5r vi kj\u00f8per bleke som middag p\u00e5 ein restaurant st\u00e5r ikkje prisen i tilh\u00f8ve til det som er brukt p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 fram denne fisken.<\/p>\n<p>BO: Bleka er ein eksklusiv fisk, den er heilt spesiell. Det er jo bare her i Otra-vassdraget vi ha bleke. Det finst tilsvarande relikt laks, men bleka er jo spesiell. Ein kan ikkje sj\u00e5 p\u00e5 kostnadene p\u00e5 same m\u00e5te som elles, dette er ein utrydningstrua art og ein m\u00e5 bruke det det kostar for \u00e5 ta vare p\u00e5 dette fiskeslaget. Det er ikkje lett \u00e5 seie kor mykje som har blitt brukt p\u00e5 dette opp gjennom \u00e5ra, men n\u00e5r ein ser p\u00e5 resultatet, s\u00e5 vil eg tru at det har vore verd det.<\/p>\n<p>HH: Det er jo fantastisk at ein har klart \u00e5 f\u00e5 denne fisken, som ikkje t\u00e5ler s\u00e5 mykje surt vatn, til \u00e5 overleve.<\/p>\n<p>BO: Ja, det er jo ein laks p\u00e5 same m\u00e5ten som den atlantiske laksen. Men bleka lever heile livssyklusen i ferskvatn og har vore utsett for d\u00e5rleg vannkvalitet.<\/p>\n<p>HH: Kvifor kjem ikkje bleka seg ut i sj\u00f8en som den atlantiske laksen?<\/p>\n<p>BO: Etter siste istid og landhevinga har bestanden utvikla seg her i vassdraget. Om bleka ikkje kjem ut i havet eller om ho ikkje kjem opp i elva, det kan ein sj\u00e5 p\u00e5 ulike m\u00e5tar. Men ho lever heile syklusen sin p\u00e5 ferskvatn.<\/p>\n<p>HH: Er det mange som fiskar med stang etter bleke.<\/p>\n<p>BO: Ja, det tek seg meir og meir opp. Bleka er jo ein laks, og det er klart at n\u00e5r ein g\u00e5r med slukstang eller fluestang langs elva her, s\u00e5 er det stor skilnad p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 bleke og aure p\u00e5 stanga. Bleka er mykje meir sprelsk og frisk av seg, s\u00e5 ein merkar stor skilnad p\u00e5 det og det vil eg tru er popul\u00e6rt for ihuga sportsfiskarar.<\/p>\n<p>HH: Ein m\u00e5 kj\u00f8pe fiskekort?<\/p>\n<p>BO: Otra fiskelag sel fiskekort. Det kan ein f\u00e5 kj\u00f8pt alle stader her i dalen.<\/p>\n<p>HH: Det er ikkje s\u00e5 dyrt som n\u00e5r kongen reiser til Namsen og fiskar laks.<\/p>\n<p>BO: Nei, her f\u00e5r ein fiske laks for ein rimeleg penge om ein ikkje har ambisjonar om dei store fiskane. Folk kan st\u00e5 ved kanten p\u00e5 Byglandsfjorden og rekne med \u00e5 f\u00e5 bleke.<\/p>\n<p>HH: Elles er det n\u00e6ringsfiske med garn og ruser.<\/p>\n<p>BO: Ja, det blir drive n\u00e6ringsfiske i vassdraget her. Mest rusefiske. Det er meir effektivt og arbeidssparande for dei som driv det, og kvaliteten p\u00e5 fisken vert betre.<\/p>\n<p>NB: Nyleg var det eit m\u00f8te for dei som leverer fisk gjennom Stein Uleberg i Setesdalmat. Dei f\u00e5r betaling for \u00e5 levere fisken.<\/p>\n<p>HH: Kor stor er den st\u00f8rste bleka du har sett.<\/p>\n<p>NB: Den st\u00f8rste eg har vore borti var litt over 200 gram.<\/p>\n<p>HH: Det er jo ikkje det same som \u00e5 fiske laks i Namsen eller Mandalselva. Men her kan ein f\u00e5 mange fiskar?<\/p>\n<p>BO: Fiskeplassane er lett tilgjengeleg. Om du skal ha med barn p\u00e5 fisketur, s\u00e5 er Byglandsfjord og Otravassdraget ypperleg for familiefiske. Er du ein ihuga sportsfiskar og skal ha det st\u00f8rste, s\u00e5 blir bleka kanskje lita, men ho er alltid r\u00f8d og fin i kj\u00f8ttet, ho smaker godt og er fin \u00e5 p\u00e5 grillen ein sommardag. Det er ogs\u00e5 godt med aure i vassdraget her. Har du glede av \u00e5 fiske kan du lett kome til fine fiskeplassar her, og du kan lett f\u00e5 stor, fin aure.<\/p>\n<p>HH: Lukke til med det vidare arbeidet med \u00e5 ta vare p\u00e5 bleka. Takk for praten.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>**Ein samtale med Bernt Olav Martinsen -BO- og Nils B\u00f8rge Kile -NB- p\u00e5 Syrtveit fiskeanlegg** Ved Harald Haugland -HH- Sendt i Valle radio fredag 7. april 2006 HH: Det er mange som har tenkt p\u00e5 bleka i Byglandsfjorden n\u00e5r dei kj\u00f8rer forbi fiskeanlegget p\u00e5 Syrtveit p\u00e5 veg oppover Setesdal p\u00e5 p\u00e5skeferie. Har du vore med &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bleka_i_byglandsfjord740769\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bleka i Byglandsfjord.<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-740769","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/740769"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=740769"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/740769\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=740769"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=740769"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=740769"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}