{"id":7402509,"date":"2009-11-17T20:40:00","date_gmt":"2009-11-17T20:40:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/11\/shillong-7402509\/"},"modified":"2009-11-17T20:40:00","modified_gmt":"2009-11-17T20:40:00","slug":"shillong-7402509","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/shillong-7402509\/","title":{"rendered":"Shillong"},"content":{"rendered":"<p>I dag handla k\u00e5seriet mitt om wikipedia, som det gjer av og til. Det er vel slik at n\u00e5r ein er oppteken av noko, s\u00e5 kjem det ut litt oftare enn det kanskje skulle. Men det er no situasjonen.<\/p>\n<p>Eg fortalde om at vi har starta noko vi kallar Ukens konkurranse. Du som les bloggen veit at eg skreiv om det sist veke, d\u00e5 eg fortalde at vi skreiv biografiar om folk som har vore omtala i Hvem Hva Hvor. Vi hadde 209 r\u00f8de lenker, det vil seie folk som ikkje det var artiklar om. I l\u00f8pet av ei veke kom vi i m\u00e5l med artiklar om alle saman.<\/p>\n<p>No er konkurransen om byar i India. Der er det mange store byar, og vi hadde ei liste med nesten 600 byar som ikkje hadde artiklar. Ikkje eingong delstatshovudstadene hadde f\u00e5tt artiklar, s\u00e5 det var nok \u00e5 ta av. Eg enda p\u00e5 2. plass i biografikonkurransen, men har ikkje teke m\u00e5l av meg til \u00e5 kome h\u00f8gt denne veka. Men s\u00e5 s\u00e5g eg at det var ein by der som heiter Shillong, og det verka litt kjent, sj\u00f8lv om eg aldri har vore i India, og ikkje har planar om \u00e5 reise dit heller.<\/p>\n<p>Men syster mi og mannen var misjon\u00e6rar i Bangladesh, i ei folkegruppe som heiter khasi, og det bur ein del av denne gruppa ogs\u00e5 i India. Kor i India, tenkjer du. Heilt rett, i omr\u00e5det rundt Shillong, s\u00e5 dei har vore i byen fleire gonger, og i fjor var ei anna syster og mannen hennar med dei dit. D\u00e5 vart det for fristande, s\u00e5 eg skreiv ein liten artikkel, det vil seie eg baserte meg p\u00e5 den svenske og omsette den. Og s\u00e5 fann eg eit kart og la inn saman med biletet som svenskane hadde.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 eg s\u00e5g p\u00e5 den engelske artikkelen om byen, s\u00e5g eg eit bilete som var mykje meir karakteristisk, s\u00e5 eg ville heller nytte det. D\u00e5 m\u00e5tte eg flytte det fr\u00e5 den engelske wikipedia og til v\u00e5r felles database for bilete som heiter Commons. Det er litt vanskeleg, s\u00e5 eg plundra litt f\u00f8r eg fekk det til. Men no er det der og kan setjast inn i artiklar om Shillong p\u00e5 andre spr\u00e5k.<\/p>\n<p>Og neste gong me m\u00f8test, veit eg litt meir om byen som fleire i familien min alts\u00e5 har bes\u00f8kt og sett. Bare 50 km fr\u00e5 plassen som har nedb\u00f8rsrekord i verda, over 1400 meter over havet, eit klima som h\u00f8ver betre for europearar og som difor var nytta til sommarhovudstad d\u00e5 britane styrde India.<\/p>\n<p>Ein l\u00e6rer s\u00e5 lenge ein lever.<\/p>\n<p>Les meir p\u00e5 wikipedia:<br \/>\nhttp:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Shillong<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag handla k\u00e5seriet mitt om wikipedia, som det gjer av og til. Det er vel slik at n\u00e5r ein er oppteken av noko, s\u00e5 kjem det ut litt oftare enn det kanskje skulle. Men det er no situasjonen. Eg fortalde om at vi har starta noko vi kallar Ukens konkurranse. Du som les bloggen &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/shillong-7402509\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Shillong<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[71],"class_list":["post-7402509","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-wikipedia"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7402509"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7402509"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7402509\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7402509"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7402509"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7402509"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}