{"id":7369565,"date":"2009-11-13T22:34:47","date_gmt":"2009-11-13T22:34:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/11\/to-minutt-7369565\/"},"modified":"2009-11-13T22:34:47","modified_gmt":"2009-11-13T22:34:47","slug":"to-minutt-7369565","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/to-minutt-7369565\/","title":{"rendered":"To minutt"},"content":{"rendered":"<p>Kvar fredag n\u00e5r eg k\u00f8yrer nedetter dalen, h\u00f8yrer eg p\u00e5 S\u00f8rlandssendinga. Litt over klokka 12:30 har dei avisrunde, og p\u00e5 fredagane er det Setesd\u00f8len som dei ringjer til. I dag snakka dei i to minutt om oppslaget p\u00e5 framsida, der ein joletreprodusent meiner at det kunne vere lurt av setesd\u00f8lar med jord \u00e5 starte joletreproduksjon. Han meiner klimaet er betre for trea i Setesdal enn i Audnedal, der han bur.<\/p>\n<p>I dag var det den eine saka dei nemnde, avisa var jo full av stoff, men programleiaren i Arendal, det er alltid han p\u00e5 fredagane, sa at ein f\u00e5r sj\u00e5 korleis det g\u00e5r, og s\u00e5 sette han i gang ei ny plate. Eg hugsar ikkje kva det var, det kan for s\u00e5 vidt vere det same. Men at ein i det heile tatt tek ein telefon til ein redakt\u00f8r for \u00e5 snakke om dagens avis, og s\u00e5 bare brukar to minutt, det synest eg n\u00e6rmar seg skandaleniv\u00e5et. Kva musikk var det som var s\u00e5 viktig at dei m\u00e5tte spele den i staden for \u00e5 ha ein skikkeleg prat med Sigurd Haugsgjerd? Rein pop denne gongen, av og til har dei musikk fr\u00e5 Setesdal rundt innslaget, men ikkje denne gongen.<\/p>\n<p>Eg blir litt matt av S\u00f8rlandssendinga og eg sl\u00e5r ofte av n\u00e5r musikken kjem, og s\u00e5 gl\u00f8ymer eg \u00e5 sl\u00e5 p\u00e5 n\u00e5r den er slutt. Dermed g\u00e5r eg glipp av reportasjar som eg kunne hatt glede av \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5. Men eg f\u00e5r gnags\u00e5r i \u00f8yro av all den musikken som skal kome mellom reportasjane. Hadde dei hatt 10 minutt prat, kunne ein nok t\u00e5lt 3 minutt musikk, men n\u00e5r samtalen vert to minutt, d\u00e5 kunne ein like godt bare sitert fr\u00e5 framsida sj\u00f8lv, og ikkje teke bryet med \u00e5 ringje til redakt\u00f8ren.<\/p>\n<p>For meg er det ei g\u00e5te at dei m\u00e5 ha s\u00e5 mange folk tilsette i S\u00f8rlandssendinga for \u00e5 spele musikk i sendingane. Dei har sending fr\u00e5 11:05 til 13 med avbrot av Dagsnytt klokka 12. Det er knapt 120 minutt, kanskje heller 110 minutt. Eg har ikkje hatt oppteljing av kor mange plater dei spelar, heller ingen statistikk p\u00e5 kor mange minutt dei snakkar, men det skulle forundre meg mykje om det er 35 minutt samtale med folk, ein tredel av tida. Og noko av styrken til ei lokalsending burde jo vere at ein kunne snakke med folk i nedslagsfeltet, anten ved at dei kom i studio eller ved \u00e5 ta ein telefon.<\/p>\n<p>Seinare p\u00e5 dagen kjem Her og n\u00e5. Dei kan ha ein heil time utan musikk, men med interessante samtalar, og dei har sikkert fleire lyttarar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kvar fredag n\u00e5r eg k\u00f8yrer nedetter dalen, h\u00f8yrer eg p\u00e5 S\u00f8rlandssendinga. Litt over klokka 12:30 har dei avisrunde, og p\u00e5 fredagane er det Setesd\u00f8len som dei ringjer til. I dag snakka dei i to minutt om oppslaget p\u00e5 framsida, der ein joletreprodusent meiner at det kunne vere lurt av setesd\u00f8lar med jord \u00e5 starte joletreproduksjon. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/to-minutt-7369565\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">To minutt<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7369565","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7369565"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7369565"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7369565\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7369565"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7369565"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7369565"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}