{"id":7354672,"date":"2009-11-11T22:52:08","date_gmt":"2009-11-11T22:52:08","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/11\/fagarbeider-helse-7354672\/"},"modified":"2009-11-11T22:52:08","modified_gmt":"2009-11-11T22:52:08","slug":"fagarbeider-helse-7354672","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fagarbeider-helse-7354672\/","title":{"rendered":"Fagarbeider helse"},"content":{"rendered":"<p>\u00d8yvind Jacob var ansvarleg for den aktuelle timen i kveld, og han hadde ein prat p\u00e5 telefonen med prosjektleiaren for kurset som tolv kvinner i Valle no tek for \u00e5 verte fagarbeidar helse. Maureen Johnsen har vore avdelingssjukepleiar p\u00e5 Valle Bygdeheim. Men det var eit vikariat, s\u00e5 d\u00e5 det gjekk ut, fekk ho ei prosjektstilling for \u00e5 leie arbeidet med \u00e5 gje tolv kvinner fagbrev i sjukepleie.<\/p>\n<p>Dette er sydd saman ved at mange sm\u00e5 bidrag kan dekke kostnadene, og s\u00e5 bytter deltakarane vakter for \u00e5 kunne g\u00e5 p\u00e5 kurset. I dag hadde dei ein forel\u00f8pig test, alle besto den og kan vere med vidare. Den tilsvarte VK1 p\u00e5 vidareg\u00e5ande skule.<\/p>\n<p>-Dei har jo lang erfaring fr\u00e5 slikt arbeid, s\u00e5 det er den teoretiske delen dei no f\u00e5r p\u00e5 plass. Om det ikkje hadde vore lagt opp slik, ville dei nok ikkje kunna ha teke dette faget, for dei har band i bygda gjennom familie og born.<\/p>\n<p>-No hjelper vi Valle kommune med \u00e5 f\u00e5 folk med papir til \u00e5 jobbe her, og det vert nok bare vanskelegare og vanskelegare \u00e5 f\u00e5 folk i det heile, sa Maureen Johnsen til \u00d8yvind Jacob.<\/p>\n<p>-Kurset skal vare i tre semester og vil g\u00e5 v\u00e5rsemesteret og ein del av hausten i 2010. S\u00e5 vil dei f\u00e5 papir p\u00e5 det dei kan, sa ho og fortalde at ho ikke hadde h\u00f8yrt om eit liknande tiltak nokon stad i Noreg. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00d8yvind Jacob var ansvarleg for den aktuelle timen i kveld, og han hadde ein prat p\u00e5 telefonen med prosjektleiaren for kurset som tolv kvinner i Valle no tek for \u00e5 verte fagarbeidar helse. Maureen Johnsen har vore avdelingssjukepleiar p\u00e5 Valle Bygdeheim. Men det var eit vikariat, s\u00e5 d\u00e5 det gjekk ut, fekk ho ei prosjektstilling &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fagarbeider-helse-7354672\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fagarbeider helse<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7354672","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7354672"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7354672"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7354672\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7354672"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7354672"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7354672"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}