{"id":7348061,"date":"2009-11-10T22:45:31","date_gmt":"2009-11-10T22:45:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/11\/orgelmusikken-7348060\/"},"modified":"2009-11-10T22:45:31","modified_gmt":"2009-11-10T22:45:31","slug":"orgelmusikken-7348060","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/orgelmusikken-7348060\/","title":{"rendered":"Orgelmusikken"},"content":{"rendered":"<p>I dag var eg p\u00e5 Esso, det er kompedag, s\u00e5 eg fekk meg ei kompe og sat i stova der og kunne nyte den. D\u00e5 kom det eit par andre menn inn, og vi kom i prat, ein med kompe og ein med p\u00f8lse. Sj\u00f8lv var eg nesten ferdig med mi.<\/p>\n<p>-Du er mest oppteken av skule for utlendingane og Valle Radio, sa den eine.<\/p>\n<p>Eg kunne ikkje nekte for det.<\/p>\n<p>-Det verkar som om dei utlendingane fr\u00e5 Burma er trivelege folk.<\/p>\n<p>Eg var samd med han i det og.<\/p>\n<p>-Kjem Niklos i radioen i kveld?<br \/>\n-Nei, han er med annankvar veke, og i kveld kjem han ikkje, svara eg.<br \/>\n-Det verkar som om han f\u00f8rebur seg godt til sendingane. Han har mykje informasjon om det han spelar.<br \/>\n-Det har han, eg er ikkje s\u00e5 grundig, eg.<br \/>\n-Men det er jo flott at du f\u00e5r det til likevel.<\/p>\n<p>Vi f\u00e5r av og til sp\u00f8rsm\u00e5l om folk h\u00f8yrer p\u00e5 Valle Radio. D\u00e5 seier eg at eg trur det, men det er ikkje s\u00e5 ofte eg f\u00e5r kommentarar. Difor er eg takksam for desse kommentarane over kompemiddagen.<\/p>\n<p>I kveld spelte eg ein orgelkonsert av H\u00e4ndel: Concerto i g-moll Opus 4 nr. 1. Det var Simon Lindley som spelte orgel saman med Northern Sinfonia dirigert av Bradley Creswick, og opptaket var gjort i Holy Cross Church i Fenham, England i 1996. Fenham er ein bydel i Newcastle. Det var ei Naxos-plate, nummeret var 8.553835<\/p>\n<p>Deretter spelte eg Camille Saint-Sa\u00ebns Prelude et Fugue en mi bemol (ess-dur). Den var det Olivier Latry som framf\u00f8rte p\u00e5 Grand Orgue de Notre-Dame de Paris. Innspelinga var fr\u00e5 1993. Plata heitte Recital \u00e0 Notre-Dame de Paris p\u00e5 merket Soli Deo Veritas nr. 74321470132<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var eg p\u00e5 Esso, det er kompedag, s\u00e5 eg fekk meg ei kompe og sat i stova der og kunne nyte den. D\u00e5 kom det eit par andre menn inn, og vi kom i prat, ein med kompe og ein med p\u00f8lse. Sj\u00f8lv var eg nesten ferdig med mi. -Du er mest oppteken &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/orgelmusikken-7348060\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Orgelmusikken<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[53],"class_list":["post-7348061","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-postludium"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7348061"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7348061"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7348061\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7348061"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7348061"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7348061"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}