{"id":7282718,"date":"2009-10-31T20:57:54","date_gmt":"2009-10-31T20:57:54","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/10\/bloggen-gav-avisoppslag-7282718\/"},"modified":"2009-10-31T20:57:54","modified_gmt":"2009-10-31T20:57:54","slug":"bloggen-gav-avisoppslag-7282718","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bloggen-gav-avisoppslag-7282718\/","title":{"rendered":"Bloggen gav avisoppslag 2"},"content":{"rendered":"<p>Innlegget eg skreiv p\u00e5 bloggen etter m\u00f8tet i Valle kyrkje onsdagskvelden brukte Johs. Bj\u00f8rkeli som grunnlag for \u00e5 skrive i F\u00e6drelandsvennen i dag om saka. Han viste til Valle radio si heimeside, og for tida er det nok bloggen min som er heimesida til Valle Radio, heimesida p\u00e5 valleradio.com har bare lenke til streaminga av sendingane. Vi arbeider sterkt med \u00e5 f\u00e5 ein betre situasjon, og vonar at det vil vere p\u00e5 plass ei heimeside snart.<\/p>\n<p>I Setesd\u00f8len i g\u00e5r var det omtale av m\u00f8tet, og Ole Birger Lien hadde og fleire bilete fr\u00e5 kyrkja. Mellom folka i kyrkja kunne vi sj\u00e5 nokre av dei burmesiske flyktningane som bur i Valle. Dei saknar og presten v\u00e5r, men spr\u00e5ket deira er ikkje s\u00e5 godt at dei fekk med seg alt som vart sagt i kyrkja. D\u00e5 eg spurde om dei hadde forst\u00e5tt det som vart snakka om i kyrkja, smilte den eine av dei til meg og sa:<\/p>\n<p>-Biskopen sa: Jesus sier: Kom til meg alle som har tungt \u00e5 b\u00e6re.<\/p>\n<p>Og det var tema for andakten denne kvelden, ein andakt til ettertanke og der biskopen streka under at vi alle kan ha ting som er tunge \u00e5 bere p\u00e5, men at Jesu ord om at han vil g\u00e5 med oss gjeld ogs\u00e5 i slike dagar.<\/p>\n<p>Av og til kan det vere godt \u00e5 stoppe opp for det enkle evangeliet, det er jo det som held kyrkja saman og byggjer opp kyrkjelyden. Og dei karenske folka fr\u00e5 Burma som har sete i flyktningeleir i Thailand minner oss om det. Dei er ein del av den verdsvide kyrkja som har ei heilt annleis soge enn kyrkjelyden i Valle, men anten dei er her eller i aust, held dei seg oppe ved evangeliet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Innlegget eg skreiv p\u00e5 bloggen etter m\u00f8tet i Valle kyrkje onsdagskvelden brukte Johs. Bj\u00f8rkeli som grunnlag for \u00e5 skrive i F\u00e6drelandsvennen i dag om saka. Han viste til Valle radio si heimeside, og for tida er det nok bloggen min som er heimesida til Valle Radio, heimesida p\u00e5 valleradio.com har bare lenke til streaminga av &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bloggen-gav-avisoppslag-7282718\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bloggen gav avisoppslag 2<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7282718","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7282718"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7282718"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7282718\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7282718"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7282718"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7282718"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}