{"id":7211929,"date":"2009-10-20T22:56:52","date_gmt":"2009-10-20T22:56:52","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/10\/ikkje-paskerally-nei-7211929\/"},"modified":"2009-10-20T22:56:52","modified_gmt":"2009-10-20T22:56:52","slug":"ikkje-paskerally-nei-7211929","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ikkje-paskerally-nei-7211929\/","title":{"rendered":"Ikkje p\u00e5skerally, nei"},"content":{"rendered":"<p>\u00c5 k\u00f8yre forbi Evje i desse dagar er jo ikkje akkurat noko p\u00e5skerally n\u00e5r ein kjem fr\u00e5 s\u00f8r. Ein kjem til brua s\u00f8r for Evje, s\u00e5 m\u00e5 ein ut p\u00e5 ein tur p\u00e5 vestsida av Otra, der er vegen smal og trafikken stor. Samstundes er det mykje \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 utanfor vegen, Fennefossen er vakker om han er aldri s\u00e5 liten, og nett no er det s\u00e5 lite vatn at ein kunne kome eit stykke ut i \u00e5na p\u00e5 l\u00e5ge sko.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 er det interessant \u00e5 sj\u00e5 Evje fr\u00e5 vestsdia, det er ikkje ofte ein har h\u00f8ve til det, men ein m\u00e5 jo halde eit auge med trafikken, for det kjem ofte 10 bilar i slengen, naturleg nok ettersom dei har st\u00e5tt i k\u00f8 p\u00e5 Evje for \u00e5 kome over brua. D\u00e5 vert det klumpevis trafikk. S\u00e5 er det laga ein trafikkdump ved Krossen, og sjeldan kan ein k\u00f8yre rett over brua, alts\u00e5 ha gr\u00f8nt lys n\u00e5r ein kjem til brua. Eg har nokre gonger teke turen p\u00e5 vestsida heilt til Byglandsfjord, d\u00e5 slepp eg trafikkdumpane mellom rundk\u00f8yringa og Breidablikk. Og s\u00e5 f\u00e5r ein jo sj\u00e5 ei ny side av Setesdal.<\/p>\n<p>Men om ein vel \u00e5 ta turen innom Evje, s\u00e5 er det naturleg \u00e5 svinge s\u00f8rover mot HydroTexaco og f\u00e5 ein tissepause og ein kopp kaffe f\u00f8r ein held fram oppover dalen. Tilbake p\u00e5 Riksveg 9 kjem ein til lyskrysset ein gong til, s\u00e5 eg har helst svingt inn i sentrum for \u00e5 sleppe \u00e5 st\u00e5 i k\u00f8. Men d\u00e5 er det fort at ein finn ut at ein skal stoppe litt p\u00e5 ein av butikkane i sentrum, og d\u00e5 g\u00e5r b\u00e5de k\u00f8tida og ein halvtime fort. Plutseleg har ein brukt ein time p\u00e5 Evje. Sj\u00f8lv om mange klager over det nye trafikkm\u00f8nsteret, er det nok og nokre som brukar meir tid der enn f\u00f8r. D\u00e5 var det s\u00e5 greitt, bare ein kort stopp p\u00e5 Verskmoen, s\u00e5 gjekk turen s\u00f8r eller nord og butikkane p\u00e5 Evje var for andre enn meg.<\/p>\n<p>Det fine med Riksveg 9 er dei mange plassene ein kan stoppe og ta ein h\u00f8neblund. Syrtveit, Grendi, F\u00e5nefjell, rasteplassen s\u00f8r for Bygland, Storstraumen, Rei\u00e5rsfossen, Hekni. Om ein tek 15 minutt p\u00e5 kvar av desse, er ein jo heilt utsoven n\u00e5r ein kjem til Valle. S\u00e5 eg n\u00f8yer meg med ein kvar gong, men eg har pr\u00f8vd mange etter kvart. Fint n\u00e5r det er blitt kultur for \u00e5 stoppe n\u00e5r augo vert tunge, eg las i avisa at ein lett k\u00f8yrer 8-10 meter p\u00e5 ein sekund-dupp, og d\u00e5 kan det fort g\u00e5 gale. Litt mat, s\u00e5 ein ikkje f\u00e5r l\u00e5gt blodsukker, eit sete som ein kan vippe ned, og sm\u00e5tt om senn er ein framme og klar for ei ny \u00f8kt i Valle.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00c5 k\u00f8yre forbi Evje i desse dagar er jo ikkje akkurat noko p\u00e5skerally n\u00e5r ein kjem fr\u00e5 s\u00f8r. Ein kjem til brua s\u00f8r for Evje, s\u00e5 m\u00e5 ein ut p\u00e5 ein tur p\u00e5 vestsida av Otra, der er vegen smal og trafikken stor. Samstundes er det mykje \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 utanfor vegen, Fennefossen er vakker &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ikkje-paskerally-nei-7211929\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ikkje p\u00e5skerally, nei<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7211929","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7211929"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7211929"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7211929\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7211929"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7211929"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7211929"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}