{"id":7121452,"date":"2009-10-07T22:23:18","date_gmt":"2009-10-07T22:23:18","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/10\/kulturveka-er-ein-suksess-7121452\/"},"modified":"2009-10-07T22:23:18","modified_gmt":"2009-10-07T22:23:18","slug":"kulturveka-er-ein-suksess-7121452","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kulturveka-er-ein-suksess-7121452\/","title":{"rendered":"Kulturveka er ein suksess"},"content":{"rendered":"<p>Malmfrid Nyborg Homme, leiar i Valle Folkeakademi, var enig med meg i kveld om at Kulturveka 2009 har vore ein suksess, med unntak av veret Sauesj\u00e5dagen, men det er jo bare til \u00e5 le av. Aldri har det vore eit s\u00e5 omfattande program p\u00e5 den dagen, og aldri har veret vore s\u00e5 ille heller.<\/p>\n<p>Men Malmfrid var sv\u00e6rt imponert av at 25 personar kom p\u00e5 spitekafe tysdagskvelden for \u00e5 l\u00e6re kontstrikking. Sj\u00f8lv hadde ho funne ut at det ikkje var noko for henne og g\u00e5tt tidleg. Ho var ikkje mindre imponert av at mellom 50 og 60 kom p\u00e5 filosofikafe p\u00e5 Sylvgarden mandagskvelden, der temaet var forsoning. &#8211; Dette var forresten og temaet Bj\u00f8rgulv T. Berg hadde i Tankar fr\u00e5 Bibelen i kveld. &#8211;<\/p>\n<p>Sundagskvelden var det fest for Paal-Helge Haugen, og det fekk i tillegg til str\u00e5lande oppm\u00f8te, fine reportasjar b\u00e5de i Setesd\u00f8len og i F\u00e6drelandsvennen. Og folkemusikkonserten i Valle kyrkje samla over 100 deltakarar.<\/p>\n<p>S\u00e5 i den aktuelle timen valde vi \u00e5 sj\u00e5 litt framover. Onsdagskvelden var humorbonden Geir Styve p\u00e5 Valle Motell for \u00e5 fortelje og gje mot p\u00e5 \u00e5 satse. Kor mange som kom der, kan eg ikkje rapportere om. I morgon er det Fest i Dovregubbens hall, med oppm\u00f8te p\u00e5 Prestst\u00f8yl, eit arrangement i regi av Valle Bygdekvinnelag. Hylestad bygdekvinnelag held stev-for-dagen-kurs p\u00e5 Brokkest\u00f8ylen laurdag og serverer soppsuppe p\u00e5 arrangementet.<\/p>\n<p>Fredag er det konsert ved \u00c5smund Nordstoga, som Malmfrid meiner er s\u00e5 god at det heller var han som burde vore p\u00e5 jolekonsert-turne med Sissel Kyrkjeb\u00f8, og ikkje broren Odd. Om dette arrangementet g\u00e5r bra, vil \u00f8konomien i Kulturveka ikkje oppleve skadelege konsekvensar, trudde ho.<\/p>\n<p>Laurdag er det bedehusbasar i Oveinang, basar m\u00e5 ein ha i ei kulturveke. Om kvelden er det dans med Sharks p\u00e5 Sylvgarden, og sundag er det tid for dei spreke \u00e5 vere med i Sprekleiken. Der kan ein melde seg p\u00e5 som enkeltperson eller i lag, og Bygdekvinnelaget hadde alt meldt p\u00e5 eit lag, kunne Malmfrid fortelje f\u00f8r ho forlet studio for \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 humorbondef\u00f8redrag.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Malmfrid Nyborg Homme, leiar i Valle Folkeakademi, var enig med meg i kveld om at Kulturveka 2009 har vore ein suksess, med unntak av veret Sauesj\u00e5dagen, men det er jo bare til \u00e5 le av. Aldri har det vore eit s\u00e5 omfattande program p\u00e5 den dagen, og aldri har veret vore s\u00e5 ille heller. Men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/kulturveka-er-ein-suksess-7121452\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Kulturveka er ein suksess<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7121452","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7121452"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7121452"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7121452\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7121452"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7121452"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7121452"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}