{"id":7087688,"date":"2009-10-02T22:05:22","date_gmt":"2009-10-02T22:05:22","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/10\/ivar-7087688\/"},"modified":"2009-10-02T22:05:22","modified_gmt":"2009-10-02T22:05:22","slug":"ivar-7087688","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ivar-7087688\/","title":{"rendered":"Ivar"},"content":{"rendered":"<p>Ivar Aasen er eit namn som er kjent av dei fleste i nynorsk-land. Han vert hylla som ein heidersmann som gav oss eit skriftspr\u00e5k basert p\u00e5 norsk talem\u00e5l i staden for det danske som var blitt nytta i Norge i fleire hundre\u00e5r. Du kan lese meir om han her: http:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Ivar_Aasen<\/p>\n<p>Det du neppe visste var at han sj\u00f8lv tala dansk i alle offisielle samanhengar, slik m\u00e5tte det truleg vere p\u00e5 den tida.<\/p>\n<p>Det du sikkert heller ikkje visste, var at han hadde ein gudson som og heitte Ivar. Han var son av l\u00e6rar Johannes Welle og kona Inger Lehne. Johannes var l\u00e6rar p\u00e5 M\u00f8llegata skule i Oslo, og d\u00e5 sonen Ivar skulle d\u00f8ypast sommaren 1875, spurde dei sambygdingen Ivar om \u00e5 vere gudfar. Denne Ivar Welle sette spor etter seg p\u00e5 ein annan m\u00e5te, han vart prest og forfattar. Han skreiv fleire romanar, eit kyrkjesogeverk i tre bind som kom i fleire opplag og nokre andaktsb\u00f8ker. Han var og redakt\u00f8r av Luthersk Kirketidende i ein periode p\u00e5 1930-talet.<\/p>\n<p>Ivar Welle var og sj\u00f8mannsprest, i 1908 kom han til Buenos Aires. D\u00e5 han var der, vitja han to gonger hvalfangarbasen Grytviken p\u00e5 S\u00f8r-Georgia og var truleg medverkande til at det vart reist ei kyrkje der, sj\u00f8lv om han ikkje sj\u00f8lv kom til \u00e5 sj\u00e5 den.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 omsette han fleire b\u00f8ker, mellom andre Pascals <em>Tanker<\/em> og Thomas Aquinas <em>Kristi etterf\u00f8lgelse<\/em>. Han hadde og ansvaret for \u00e5 velje ut tekster i bandet med oldkyrkjelege tekstar i bokserien <em>Hovedverker fra den kristne litteratur<\/em>. Og han sto for den fyrste omsetjinga til norsk av Adeste fideles i 1952, den fekk tittellinja <em>Kom alle kristne<\/em> i hans omsetting. P\u00e5 nr. 49 i salmeboka finn vi Per L\u00f8nning si omsetjing, men den kom 30 \u00e5r seinare.<\/p>\n<p>I dag skreiv eg artikkelen om han p\u00e5 wikipedia: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Ivar_Welle Det er artig \u00e5 sj\u00e5 ein slik gamal kjenning dukke opp n\u00e5r eg samlar stoff fr\u00e5 ulike kjelder. Eg var bare 10 \u00e5r d\u00e5 han d\u00f8ydde i 1957, men d\u00e5 namnet hans dukka opp, visste eg at eg hadde h\u00f8yrt det f\u00f8r. Og no er det ein artikkel om han p\u00e5 wikipedia.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ivar Aasen er eit namn som er kjent av dei fleste i nynorsk-land. Han vert hylla som ein heidersmann som gav oss eit skriftspr\u00e5k basert p\u00e5 norsk talem\u00e5l i staden for det danske som var blitt nytta i Norge i fleire hundre\u00e5r. Du kan lese meir om han her: http:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Ivar_Aasen Det du neppe visste var &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/ivar-7087688\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Ivar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7087688","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7087688"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7087688"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7087688\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7087688"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7087688"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7087688"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}