{"id":7034768,"date":"2009-09-24T22:46:31","date_gmt":"2009-09-24T22:46:31","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/aktuell-time-onsdag-23-september-7034768\/"},"modified":"2009-09-24T22:46:31","modified_gmt":"2009-09-24T22:46:31","slug":"aktuell-time-onsdag-23-september-7034768","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aktuell-time-onsdag-23-september-7034768\/","title":{"rendered":"Aktuell time onsdag 23. september 2009"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r eg skal lage aktuell time, likar eg \u00e5 ha minst fire innslag. D\u00e5 f\u00e5r vi ro til \u00e5 belyse temaet, og s\u00e5 kan vi likevel spele litt musikk i l\u00f8pet av timen.<\/p>\n<p>Onsdagskvelden hadde eg tenkt \u00e5 starte med han som i kveld hadde foredrag om <em>Generasjonsskifte i landbruket<\/em> i Kommunestyresalen, Odd Ustumo. Eg fekk tak i han og han sa seg villig til \u00e5 vere med om eg kunne snakke med han i fem minutt fr\u00e5 klokka 18. Han var p\u00e5 eit m\u00f8te i Bykle som skulle starte klokka 18, men rekna med at det kom til \u00e5 g\u00e5 nokre minutt f\u00f8r dei kom i gang. Det lova eg, s\u00e5 eg sa til teknikar Torleif at vi skulle spele kjenningsmelodien tre minutt p\u00e5 seks.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 skjedde det som av og til hender n\u00e5r vi skal kople oss opp til Bykle og kome p\u00e5 lufta, det skjer seg og vi f\u00e5r ikkje connection, som det st\u00e5r i displayet i studio. D\u00e5 g\u00e5r tida som regel ganske fort og vi pr\u00f8ver ulike r\u00e5dgjerder for \u00e5 f\u00e5 denne kontakten, men i g\u00e5r m\u00e5tte vi f\u00e5r kontakt med J\u00f8rund Georg for \u00e5 l\u00f8yse problemet, og d\u00e5 var klokka fem over seks, s\u00e5 dermed fekk vi ikkje snakke med han. Han ville ha gjeve innspel i samband med ny odelslov, eg nemnde det i sendinga og vonar at det var fullt hus i Kommunestyresalen i kveld.<\/p>\n<p>Nummer to p\u00e5 lista var vikarprest \u00d8yvind Vognild, som skal vere vikar i Valle truleg fram til jol. Han er tr\u00f8nder som no bur p\u00e5 Evje, der kona hans er prest, og han sj\u00f8lv har f\u00e5tt vikarprestestilling i Agder bisped\u00f8mme. F\u00f8r dei kom til Setesdal, var han prest p\u00e5 St\u00f8ren i Nidaros bisped\u00f8mme. Han fortalde og at han og kona hadde vore misjon\u00e6rar i Thailand for Det Norske Misjonsselskap, og at dei hadde l\u00e6rt seg thai. Sj\u00f8lv hadde han vore med ei gruppe thailandske kristne som hadde evangeliserande m\u00f8te og arrangement nordaust i landet, p\u00e5 grensa mot Laos og Kambodsja. Flyktningane fr\u00e5 Burma som no bur i Valle kom fr\u00e5 flyktningeleir nordvest i Thailand, og der hadde han ikkje vore.<\/p>\n<p>Deretter snakka eg om elgjakta som stundar til med Lars Erik Gangsei i Faun naturforvaltning. Han seier at elgstamma er i d\u00e5rleg kondisjon og meiner at ein b\u00f8r skyte fleire elgar enn dei kvotane ein har f\u00e5tt. Han arbeider mykje med bestemming av alder p\u00e5 felte elgar gjennom analyse av tennene.<\/p>\n<p>Til slutt prata eg med Ingebj\u00f8rg Ellinor Rysstad om fornyinga dei har gjort p\u00e5 Coop Hylestad Samvirkelag, dei har f\u00e5tt nye hyller og snudd p\u00e5 korleis varene er plassert s\u00e5 dei i starten mest ikkje fann varene sj\u00f8lv. Men alle kundene synest det er blitt bra, og d\u00e5 er jo dei tilsette n\u00f8gde. Butikken har ope til 18 alle dagar, og til 20 p\u00e5 fredagar etter ynskje fr\u00e5 hyttefolk som gjerne vil f\u00e5 handle p\u00e5 Rysstad n\u00e5r dei kjem oppover.<\/p>\n<p>Av og til vert det slik at ein heil time g\u00e5r utan andre folk i studio. Det er meir triveleg med folk ein kan snakke med ansikt til ansikt, men denne gongen vart det telefonprat det meste av kvelden. Godt at den er oppfunnen, og mobiltelefonen gjer livet lettare for ein som skal ha tak i folk p\u00e5 farten. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r eg skal lage aktuell time, likar eg \u00e5 ha minst fire innslag. D\u00e5 f\u00e5r vi ro til \u00e5 belyse temaet, og s\u00e5 kan vi likevel spele litt musikk i l\u00f8pet av timen. Onsdagskvelden hadde eg tenkt \u00e5 starte med han som i kveld hadde foredrag om Generasjonsskifte i landbruket i Kommunestyresalen, Odd Ustumo. Eg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/aktuell-time-onsdag-23-september-7034768\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Aktuell time onsdag 23. september 2009<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-7034768","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7034768"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7034768"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7034768\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7034768"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7034768"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7034768"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}