{"id":6999130,"date":"2009-09-19T23:00:21","date_gmt":"2009-09-19T23:00:21","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/politikarar-6999130\/"},"modified":"2009-09-19T23:00:21","modified_gmt":"2009-09-19T23:00:21","slug":"politikarar-6999130","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/politikarar-6999130\/","title":{"rendered":"Politikarar og sosiale medier"},"content":{"rendered":"<p>Nyvalde politikarar var emne for rebusane i Valle Radio onsdag 16. september. Det slo meg d\u00e5 eg h\u00f8yrde p\u00e5 programmet at vi veit lite om andre enn dei mest profilerte rikskjendisane. Om eg leitar i avisene, er det lite eg finn om sv\u00e6rt mange av politikarane over heile landet. Det handlar mest om Sponheim, som ikkje kom inn, men som siste veka har vore i alle media, Stoltenberg, Navarsete, Jensen, H\u00f8ybr\u00e5ten, Halvorsen og nokre f\u00e5 til. N\u00e5r ein tenkjer p\u00e5 at det er over 160 representantar, er det mange av oss som ikkje held styr p\u00e5 10 prosent av dei.<\/p>\n<p>Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg, er det fem nye p\u00e5 Agderbenken. Dei skal f\u00e5 kjempe for \u00e5 f\u00e5 fortalt oss veljarane kva dei st\u00e5r for og kva dei klarar \u00e5 f\u00e5 gjort i dei fire \u00e5ra som ligg framom. Ein m\u00e5te \u00e5 f\u00e5 kontakt med veljarane p\u00e5, er \u00e5 bruke det som vi kallar sosiale medier, det vil seie blogging, facebook og twitter. Men sosiale medier er ikkje det same som ein talarstol der ein skal halde foredrag. Ein m\u00e5 vere tilgjengeleg og svare n\u00e5r ein f\u00e5r respons. I ein travel kvardag kan slikt nok verte vanskeleg.<\/p>\n<p>Eg gjorde eit s\u00f8k for \u00e5 sj\u00e5 korleis representantane fr\u00e5 Aust-Agder nyttar dette. Eg las i avisa at Svein Harberg har registrert eit domene som heiter stortingsrepresentant.no, men det var ikkje aktivt til no, s\u00e5g det ut til. I staden hadde han ein blogg, http:\/\/sveinharberg.blogspot.com\/   Men siste innlegg var 22. august, d\u00e5 var det tre veker til valet. Det ser ut til at han starta \u00e5 skrive i mai, og til no har han 14 innlegg. Men han har bare f\u00e5tt to kommentarar, og dei har han ikkje svart p\u00e5. S\u00e5 at han vart vald m\u00e5 nok skuldast andre grunnar enn kontakten med lesarane p\u00e5 bloggen.<\/p>\n<p>Kjell Ingolf Ropstad er meir aktiv. I 2008 hadde han 64 innlegg p\u00e5 bloggen, og til n\u00e5 i \u00e5r har han hatt 159 innlegg. Han har ogs\u00e5 48 som har registrert seg som followers, som det heiter p\u00e5 moderne spr\u00e5k. Og siste sju dagar var det over tusen som hadde lese det han skriv. I snitt skriv han eitt innlegg p\u00e5 bloggen annankvar dag. Og mest kvar gong f\u00e5r han respons p\u00e5 det han skriv.<\/p>\n<p>Freddy de Ruiter har ingen slike aktivitetar \u00e5 syne til. Han har ei side p\u00e5 Arbeiderpartiet si heimeside, men er ikkje aktiv der.<\/p>\n<p>Ingebj\u00f8rg Godskesen har eiga heimeside: http:\/\/godskesen.info\/  Ho starta p\u00e5 den jola 2008 og har lagt inn mange bilete og ei rekke tekstar. Det er ikkje h\u00f8ve for andre \u00e5 skrive til henne p\u00e5 sida, men det er i interessant side der ein kan verte meir kjent med den nyvalde representanten fr\u00e5 Framstegspartiet. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Nyvalde politikarar var emne for rebusane i Valle Radio onsdag 16. september. Det slo meg d\u00e5 eg h\u00f8yrde p\u00e5 programmet at vi veit lite om andre enn dei mest profilerte rikskjendisane. Om eg leitar i avisene, er det lite eg finn om sv\u00e6rt mange av politikarane over heile landet. Det handlar mest om Sponheim, som &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/politikarar-6999130\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Politikarar og sosiale medier<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6999130","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6999130"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6999130"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6999130\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6999130"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6999130"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6999130"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}