{"id":6957827,"date":"2009-09-13T22:44:00","date_gmt":"2009-09-13T22:44:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/busettingssoga-i-setesdal-6957827\/"},"modified":"2009-09-13T22:44:00","modified_gmt":"2009-09-13T22:44:00","slug":"busettingssoga-i-setesdal-6957827","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6957827\/","title":{"rendered":"Busettingssoga i Setesdal 8"},"content":{"rendered":"<p><strong>Her kjem siste del av Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal som han heldt i Valle Radio den fyrste sendinga hausten 2009, 2. september.<\/strong><\/p>\n<p>Jernvinne og anna utmarksn\u00e6ring p\u00e5 heia, og handel og handverk nede i dalbotnen &#8211; dette i kombinasjon med vanleg gardsdrift &#8211; kan ha vore grunnlaget for den velstanden vi tykkjest finne i dalen i vikingtida.<\/p>\n<p>Men ikkje alt varer evig. Nedgangstidene i seinmiddelalderen med pest og annan sjukdom r\u00e5ka hardt. Heiane vart fr\u00e5flytta, og busetnaden konsentrert til dalbotnen. Johannes Skar fortel: Men &#8220;Storedaui&#8221; kom. Og han herja so hardt. Heile dalen mestom l\u00e5g i \u00f8ydet. P\u00e5 Bykleheidane livde fire menneskje etter. (&#8212;)<\/p>\n<p>Finndalen kom aldri i h\u00e6ve meir. Der var prest ei tid frametter; men han druknast d\u00e5 han skulde til kyrkja. D\u00e5 la dei Finndalen under Valle &#8211; etter segni. (&#8212;)<\/p>\n<p>Gardane er underlagde til st\u00f8ylar &#8211; \u00c6kra og Gamasb\u00f8 er st\u00f8ylar som andre; men Gamasb\u00f8 hev dei vendt av namnet og kallar det &#8220;G\u00e5m\u00e5lsb\u00f8&#8221;. Mange av gardane ligg plent i \u00f8ydet. Men manntykt hev der vore; der er ikkje ko \u00e5kerf\u00f2ll utyver st\u00f8ylane.<\/p>\n<p>Bj\u00f8rgedalen vart \u00f8yden. Der sat tri kjempor i Bj\u00f8rgedalen d\u00e5 sotti kom; det var Rygg Fissst\u00f8yl og \u00c5ni Skjellest\u00f8yl og Knipp Harst\u00f8yl. Dei var som rysar p\u00e5 storleik og skapleik og lag. Storedaui tok dei, alle tri. Dei er gravne kvar p\u00e5 sin gard. (&#8212;)<\/p>\n<p>P\u00e5 Uppstad vart hjuringen etter. So l\u00e6ste han hurdene og tok p\u00e5 Nordlandet &#8211; lyklane kasta han i &#8220;Lyklebekkjen&#8221;. D\u00e5 han kom att, var der ein som hadde teke garden; men han sette kvar lykjel i sin l\u00e5s, og hin laut pila seg. Fr\u00e5 Bj\u00f8nnar\u00e5 kom ei gjente. So sat dei p\u00e5 Uppstad, hjuringen og ho. (&#8212;)<\/p>\n<p>Sk\u00e5medalen var bygd i lang tid framigjenom; der var so vent og greidt. Men det gjekk nedetter; gardane vart underlagde til st\u00f8ylar, den eine etter den andre. Fyre enden var ikkje ko J\u00f8rundlid etter. Men det tok same vegen\u0094.<\/p>\n<p>Slik var det til langt ut p\u00e5  1600-talet, d\u00e5 folketalet p\u00e5 ny var p\u00e5 veg oppover. Men det lyt verte ein annan historie ei anna gong.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Her kjem siste del av Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal som han heldt i Valle Radio den fyrste sendinga hausten 2009, 2. september. Jernvinne og anna utmarksn\u00e6ring p\u00e5 heia, og handel og handverk nede i dalbotnen &#8211; dette i kombinasjon med vanleg gardsdrift &#8211; kan ha vore grunnlaget for den velstanden vi &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6957827\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Busettingssoga i Setesdal 8<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[19],"class_list":["post-6957827","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-busetting"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6957827"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6957827"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6957827\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6957827"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6957827"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6957827"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}