{"id":6951065,"date":"2009-09-12T22:53:19","date_gmt":"2009-09-12T22:53:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/frisknar-til-att-6951065\/"},"modified":"2009-09-12T22:53:19","modified_gmt":"2009-09-12T22:53:19","slug":"frisknar-til-att-6951065","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frisknar-til-att-6951065\/","title":{"rendered":"Frisknar til att"},"content":{"rendered":"<p>No er rekonvalesensperioden min over, s\u00e5 m\u00e5ndag er eg tilbake p\u00e5 skulen og tysdag vert det radio att. D\u00e5 startar eg mine tysdagssendingar og vonar at det vil g\u00e5 greitt \u00e5 kome i gang att. Niklos er i alle fall klar med eit program om Mendelssohn, det er 200 \u00e5r sidan han vart f\u00f8dd i \u00e5r.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv har eg vore p\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd og feira mor sin 92-\u00e5rsdag denne helga, og det var ein fin tur. D\u00e5 vi drog vestover fredagskvelden k\u00f8yrde vi mot ein k\u00f8 som var st\u00f8rre enn p\u00e5skerally p\u00e5 riksveg 9, som \u00c5smund \u00c5mli syng om. Det verka som om heile Stavanger skulle til S\u00f8rlandet denne helga, mon nokre skulle kanskje til Seljord p\u00e5 Dyrskue, for alt det eg veit.<\/p>\n<p>Det er alltid hyggeleg \u00e5 treffe familie i Rogaland, og n\u00e5r mor har ope hus, kjem alle som kan. S\u00e5 pratast me og gleder oss over vennskap og over \u00e5 f\u00e5 vere saman. Mor delte eit bibelord med oss denne kvelden: Einast i h\u00e5p til Gud er mi sjel stille, fr\u00e5 Salme 62. Og ho nyttar den gamle nynorsk-omsetjinga av Bibelen &#8211; Seippel sin nynorsk er klangfull og vakker \u00e5 h\u00f8yre.<\/p>\n<p>Denne gongen overnatta vi hj\u00e5 syster mi p\u00e5 Varhaug, og etter \u00e5 ha prata om mangt og mykje, fekk eg og smette inn noko om wikipedia, og d\u00e5 m\u00e5tte vi finne ein PC og sj\u00e5 litt p\u00e5 korleis det fungerer. Ho og mannen har vore misjon\u00e6rar i Bangladesh, s\u00e5 vi leita litt etter stoff om deira andre fedreland, utan \u00e5 finne s\u00e5 mykje p\u00e5 norsk, s\u00e5 her er det ei oppg\u00e5ve \u00e5 ta fatt p\u00e5. Om Gaute finn noko stoff, s\u00e5 kan det vel tenkjast at eg kan leggje inn noko. I s\u00e5 fall skal eg skrive om det p\u00e5 bloggen.<\/p>\n<p>Men kyrkja p\u00e5 Varhaug er fr\u00e5 1904 og har ei altertavle fr\u00e5 1609, s\u00e5 Gaute kom med ei brosjyre som dei hadde laga i \u00e5r i samband med jubileet. Det gav meg h\u00f8ve til \u00e5 utvide artikkelen om denne kyrkja p\u00e5 wikipedia, sj\u00e5 http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Varhaug_kirke<\/p>\n<p>Og kanskje m\u00e5 eg skrive litt om inventaret i kyrkja etter kvart.<\/p>\n<p>Ferda heimover til Mandal laurdag ettermiddag vart mykje rolegare enn turen vestover fredagskvelden. S\u00e5 vi kom heim i god form og gleder oss til \u00e5 stemme m\u00e5ndag, s\u00e5 startar eg turen til Valle. I \u00e5r skal eg ha undervisning p\u00e5 m\u00e5ndagskveldane, slik at vi kan ha eit tilbod til folk som jobbar, men som vil l\u00e6re litt norsk. Mange har ynskt \u00e5 f\u00e5 eit slikt tilbod, og d\u00e5 har eg funne ut at det h\u00f8ver godt \u00e5 gje det m\u00e5ndagskvelden. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>No er rekonvalesensperioden min over, s\u00e5 m\u00e5ndag er eg tilbake p\u00e5 skulen og tysdag vert det radio att. D\u00e5 startar eg mine tysdagssendingar og vonar at det vil g\u00e5 greitt \u00e5 kome i gang att. Niklos er i alle fall klar med eit program om Mendelssohn, det er 200 \u00e5r sidan han vart f\u00f8dd i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/frisknar-til-att-6951065\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Frisknar til att<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6951065","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6951065"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6951065"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6951065\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6951065"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6951065"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6951065"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}