{"id":6938444,"date":"2009-09-10T19:35:46","date_gmt":"2009-09-10T19:35:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/busettingssoga-i-setesdal-6938444\/"},"modified":"2009-09-10T19:35:46","modified_gmt":"2009-09-10T19:35:46","slug":"busettingssoga-i-setesdal-6938444","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6938444\/","title":{"rendered":"Busettingssoga i Setesdal 7"},"content":{"rendered":"<p><strong>Leonhard Jansen sitt foredrag g\u00e5r mot slutten. Her fortel han om utvinning og smiing av jern. <\/strong><\/p>\n<p>\u0094Dei smida av myrjarn. Dei saud det sjave av surte. Mann og kone saud eit halvt bismarpund\u0094 (2,5-3 kg) \u0094til dagen. Til heile \u00e5ret saud dei p\u00e5 ei vike. Her visar verone etter dei i lidene. Der er store holor, og innmed er surtedike allst\u00f8dt\u0094. Slik st\u00e5r det i &#8220;Gamalt or S\u00e6tesdal&#8221;, enkelt og greitt. Vi f\u00e5r inntrykk av at det er tale om ei onn, ei vekes arbeid, og at det var berre til eige forbruk. soppa<\/p>\n<p>Den kunnskapen vi har om jernvinna i Setesdal, tek utgangspunkt i registreringane i Hovdenomr\u00e5det for 30 \u00e5r sidan. Omfanget er s\u00e5 stort at det er vanskeleg \u00e5  tenkje seg den organiseringa som m\u00e5 ha lege bak. Enorme mengder jern har vorte produsert og frakta til marknaden. I \u00e5ra som er g\u00e5tt har det og vorte klart at Hovden i seg sj\u00f8lv ikkje er einest\u00e5ande, men at verksemda har g\u00e5tt f\u00f8re seg i stort omfang p\u00e5 b\u00e5e sider av heia langt s\u00f8rover i dalf\u00f8ret. Registreringar tilsvarande dei p\u00e5 Hovden, er det ingen andre stader. Men det er heller ikkje leita eller vore utgravingar som kan samanliknast. Jernvinna p\u00e5 Hovden er datert til ein periode fr\u00e5 ca. 800 \u0096 1450, med 1200-talet som glansperiode. Ei utgraving Perry Rolfsen stod for p\u00e5 Straume, dvs. heilt nede i dalbotnen, er datert til romersk jernalder, noko som kan tyde p\u00e5 at jernvinna sin historie i Setesdal kan skuvast end\u00e5 nokre hundre\u00e5r tilbake.<\/p>\n<p>Restar etter jernutvinninga er vanlegast \u00e5 finne p\u00e5 heiane. Men kolgroper er det ogs\u00e5 mykje av nede i dalbotnen. Eg har stilt meg sp\u00f8rsm\u00e5let: Kvifor er det brent s\u00e5 mange kolgroper nede i dalbotnen n\u00e5r jernet vart vunne ut p\u00e5 heiane? Eg vil ogs\u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 gi eit svar.<\/p>\n<p>Levegrunnlaget for setesd\u00f8lane var samansett. Det var heller ikkje likeins for dei som budde i sidedalane og p\u00e5 heia, som for dei som budde nede i dalbotnen. Fjellbonden produserte eit overskot av jern og skinn, kan hende au kj\u00f8t og fisk. Bonden nede i dalbotnen dreiv i tillegg til korndyrking og husdyrhald, ogs\u00e5 med handverk \u0096 underforst\u00e5tt smedeyrket &#8211; og handel. Kor vidfemnande handelssambandet var, er ur\u00e5d seie, men avstandane er ikkje st\u00f8rre enn at utmarksbonden p\u00e5 Hovden godt kan ha selt varene sine til smedar lenger nede i dalen.<\/p>\n<p>Jernet vart der smia til barrar, som var ei handelsvare. Til utsmiingi trongst mykje kol, s\u00e5 dersom ein kan tenkje seg at r\u00e5jernet vart frakta nedetter dalen for \u00e5 smiast til jernbarrar, alts\u00e5 handelsvara, har vi ei forkl\u00e5ring p\u00e5 kvifor det er s\u00e5 mange kolgroper ogs\u00e5 nede i dalbotnen. Dei ferdige varene kunne seljast p\u00e5 marknaden i Valle eller andre stader m.a. i byte for korn.<\/p>\n<p>I denne samanhengen m\u00e5 vi au nemne Hylestadportalen. I alt seks motiv er utskorne p\u00e5 portalen, og av desse er to lagde til ei smie. Var det fordi d\u00f8lane kjende spesielt godt til dette handverket? Depotfunnet fr\u00e5 Helle, som ein tenkjer kan ha vore varelageret til ein smed, peikar i same lei: Smiing \u0096 med jern og s\u00f8lv &#8211; var og er eit viktig handverk i dalen!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Leonhard Jansen sitt foredrag g\u00e5r mot slutten. Her fortel han om utvinning og smiing av jern. \u0094Dei smida av myrjarn. Dei saud det sjave av surte. Mann og kone saud eit halvt bismarpund\u0094 (2,5-3 kg) \u0094til dagen. Til heile \u00e5ret saud dei p\u00e5 ei vike. Her visar verone etter dei i lidene. Der er store &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6938444\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Busettingssoga i Setesdal 7<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[19],"class_list":["post-6938444","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-busetting"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6938444"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6938444"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6938444\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6938444"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6938444"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6938444"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}