{"id":6933862,"date":"2009-09-09T22:44:44","date_gmt":"2009-09-09T22:44:44","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/busettingssoga-i-setesdal-6933862\/"},"modified":"2009-09-09T22:44:44","modified_gmt":"2009-09-09T22:44:44","slug":"busettingssoga-i-setesdal-6933862","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6933862\/","title":{"rendered":"Busettingssoga i Setesdal 6"},"content":{"rendered":"<p><strong>Vi held fram med busettingssoga i Setesdal. I dette avsnittet kjem Leonhard Jansen inn p\u00e5 handel i gamal tid. <\/strong><\/p>\n<p>Difor meiner eg at eit utgangspunkt for dr\u00f8ftingar omkring Setesdal si forhistorie liks\u00e5vel kan gjerast i ljos av kunnskap ein har om liv og levem\u00e5te vestafor. Det er ting som kan tyde p\u00e5 at Valle kan ha vore eit knutepunkt for ferdsla mellom austland og vestland. Nemninga Bispevegen p\u00e5 vegen mellom Setesdal og Fyresdal er vel ein indikasjon p\u00e5 at dette har vore ein vanleg nytta veg for stavangerbiskopen og hans menn. Ein embetsveg, men ogs\u00e5 ein veg som kan ha vore sentral for handel mellom aust og vest. Det er d\u00e5 ogs\u00e5 omstende som kan tyde p\u00e5 at det i vikingtida har g\u00e5tt f\u00f8re seg ein utstrekt handel ogs\u00e5 i Setesdal. Ei grunngjeving for slike tankar legg Jan Henning Larsen fram i ein artikkel han kallar Vikingtids handelsplass i Valle, Setesdal fr\u00e5 1980.<\/p>\n<p>Valle er ogs\u00e5 i dag ein stad der veger m\u00f8ttest, og ein urimeleg stor del av gravfunna fr\u00e5 yngre jernalder i Aust-Agder er gjorde her. Det som sl\u00e5r ein er at ein her finn uvanleg mykje importerte gjenstandar, s\u00e5 mykje at det ikkje er mogeleg \u00e5 samanlikne med andre delar av Aust-Agder. (Og som eg var inne p\u00e5 ovanfor, kanskje er ikkje det heilt rett \u00e5 gjere det heller!) Vidare ei uvanleg stor mengde med vektlodd og perlar, gjenstandar arkeologane er samde om at helst vart nytta til \u00e5 vege gull og sylv med i samband med handel.<\/p>\n<p>Konklusjonen til Jan Henning Larsen er at ein i vikingtida har hatt ein eller fleire marknadsplassar, og at dei m\u00e5 ha lege i n\u00e6rleiken av Valle kyrkje, eventuelt n\u00e6r Hylestad kyrkje. Omr\u00e5det l\u00e5g sentralt langs gamle ferdslevegar, og utmarksn\u00e6ringane gav eit overskot som laut seljast.<\/p>\n<p>At slik handel ikkje berre er tenkt, vert mellom anna underbygd av ei nedteikning fr\u00e5 om lag \u00e5r 1700. Der heiter det \u0094En Miil fra Bykle staaer en gammel Boe kaldet Koup-mands Bua, der synes Nordm\u00e6ndene, og S\u00e6terbyggerne at have m\u00f8dt hvert Aar med sine Warer at s\u00e6lge. Nordm\u00e6ndene med Salt, Heste, Kl\u00e6der, L\u00e6rret, Fisk og andet saadant, S\u00e6terbyggerne med Bueskap, Huder og Skind\u0094.<\/p>\n<p>Kaupmannsbui ligg i St\u00f8yledalen i Nordbygdi i Bykle.<\/p>\n<p>Handelen det vert fortalt om, var tydelegvis slutt den tid kjelda v\u00e5r sette seg ned med fj\u00f8rpenn og blekk. Han nemner heller ikkje det som hadde vore usedvanleg spennande \u00e5 h\u00f8yre noko om \u0096 handel med jern. Jernvinna m\u00e5 ha hatt avgjerande betydning for setesd\u00f8lane sin eksistens fr\u00e5 vikingtid til h\u00f8gmellomalder. Utan ei inntekt som gav grunnlag for kj\u00f8p av n\u00f8dvendige matvarer, er det vanskeleg \u00e5 tenkje seg at busetnaden kunne breie seg slik den gjorde. At det var samanhengar g\u00e5r mellom anna fram av eit funn av ei vikingtidsgrav fr\u00e5 Straumsfjorden like ved Skjoldm\u00f8yfjellet. Grava inneheldt kniv, fil og sigd av jern. I same omr\u00e5det er det tolv jernvinneanlegg. Ein kan difor med god grunn rekne at den gravlagde har hatt gard i n\u00e6rleiken (p\u00e5 ein av st\u00f8ylane), og produsert jern for sal.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Vi held fram med busettingssoga i Setesdal. I dette avsnittet kjem Leonhard Jansen inn p\u00e5 handel i gamal tid. Difor meiner eg at eit utgangspunkt for dr\u00f8ftingar omkring Setesdal si forhistorie liks\u00e5vel kan gjerast i ljos av kunnskap ein har om liv og levem\u00e5te vestafor. Det er ting som kan tyde p\u00e5 at Valle kan &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6933862\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Busettingssoga i Setesdal 6<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[19],"class_list":["post-6933862","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-busetting"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6933862"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6933862"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6933862\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6933862"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6933862"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6933862"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}