{"id":6926636,"date":"2009-09-08T22:30:02","date_gmt":"2009-09-08T22:30:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/busettingssoga-i-setesdal-6926636\/"},"modified":"2009-09-08T22:30:02","modified_gmt":"2009-09-08T22:30:02","slug":"busettingssoga-i-setesdal-6926636","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6926636\/","title":{"rendered":"Busettingssoga i Setesdal 5"},"content":{"rendered":"<p><strong>Her fylgjer eit nytt avsnitt om busettingssoga i Setesdal, eit foredrag Leonhard Jansen heldt p\u00e5 eit seminar som Setesdalsmuseet arrangerte, og som vi sendte opptak fr\u00e5 i Valle Radio onsdag 2. september 2009.<\/strong><\/p>\n<p>Dette er berre som eit d\u00f8me p\u00e5 korleis busetnaden kan ha utvikla seg. Og stadnamna er med og fortel oss litt om rekkjef\u00f8lgja dei kan ha vorte rydda. Det er fornfunn n\u00e6r sagt over alt, s\u00e5 dei m\u00e5 vere rydda i f\u00f8rkristen tid. Det er noko av problemet vi st\u00f8yter p\u00e5 n\u00e5r det gjeld busetnaden p\u00e5 heiane, at vi ikkje utan vidare finn den type fornminne som gjer oss sikre p\u00e5 at vi har med gamal busetnad \u00e5 gjere. Det kan hange saman med at dei fleste av dei er rydda etter at kristendomen vart innf\u00f8rt, og at gravplassen deira vart ved kyrkja, og at dei ikkje dreiv tradisjonelt jordbruk h\u00f8gt til fjells, men t.d. dreiv jernvinne, jakt og fangst i kombinasjon med husdyrhald og litt korndyrking. Det er faktisk registrert ein heil del \u00e5kerreinar p\u00e5 heiane etter kvart, men sv\u00e6rt mange stader der det er grunn til \u00e5 tru at det har vore busetjing, manglar dei.<\/p>\n<p>Tradisjonen, med hovudforankring i <em>Gamalt or S\u00e6tesdal<\/em>, vil ha det til at busetjinga tok til p\u00e5  heiane: \u0094Det fyrste S\u00e6tesdal var bygd, sat der snart ikkje folk med \u00e5i; det var p\u00e5 heidane og i heimeh\u00f2lli dei rudde. I Bykleheidane var gardar; der var tykke bygdel\u00f2g det bil &#8220;Storedaui&#8221; kom til dalen. (&#8212;)<\/p>\n<p>I Valle var upprudt so f\u00e6lt p\u00e5 heidi. I Finndalen var b\u00e5de konge og prest.\u0094 I Hylestad var Bj\u00f8rgedalen bygd. Der var tri gardar; b\u00e5de Fisst\u00f8yl og Skjellest\u00f8yl og Harst\u00f8yl var gardar. (&#8212;) I Sandnes p\u00e5 \u00c5raksledi, var Haugetveit, Brasstveit og Tr\u00e6ltveit opprudde fyrst. P\u00e5 Sk\u00e5medalsheidi var fullt stor kyrkjesokn. I Tr\u00e6ledalane p\u00e5 B\u00f8sheidi, var ei heil bygd. Der l\u00e5g Ormelid, og Knutslid og Gjyst\u00f8yl og Skjeii og N\u00f8velting.\u0094<\/p>\n<p>Dette er nokre utdrag av ei lang tekst. Skildringa inneheld p\u00e5standar som i utgangspunktet f\u00e5r oss til \u00e5 stusse litt. Men n\u00e5r ein f\u00e5r tenkt seg litt om, underbyggjer dei tankar som ein lett gjer seg n\u00e5r ein ferdast i heia, at det ein ser ikkje berre er minnesmerke etter st\u00f8ylsdrift. Det m\u00e5 ha budd folk p\u00e5 mange av stadene.<\/p>\n<p>I h\u00f8gmellomalderen m\u00e5 vi sj\u00e5 f\u00f8re oss eit ganske tett befolka Setesdal. Alle stader der det i dag bur folk, var det ogs\u00e5 folk for 7-800 \u00e5r sidan. I tillegg kjem bufaste folk i sidedalar og i parallelldalar. Levegrunnlaget har vore husdyrhald og kanskje ogs\u00e5 jakt. Skatten vart gjerne m\u00e5lt ut i ei vare som skatteytaren lett kunne skaffe. T.d. p\u00e5 Austlandet var det tunner korn, og p\u00e5 Vestlandet v\u00e5ger fisk. I Setesdal er m\u00e5let huder og skinn.<\/p>\n<p>D\u00e5 det f\u00f8rste till\u00f8pet til ein sentraladministrasjon vart bygt ut, vart Setesdal lagt under Stavanger bispesete. Skatten m\u00e5tte fraktast over heia, og nemninga Skinnevegen lever den dag i dag. Forresten var det mange Skinnevegar som alle enda opp vestp\u00e5. Sv\u00e6rt sannsynleg var all vesentleg kontakt med kystn\u00e6re strok vestover, til Ryfylke og Stavanger. R\u00e5byggjelag h\u00f8yrde inn under Gulating, og etter kvart til Stavanger lagd\u00f8me. Ikkje f\u00f8r i 1556 vart vi forlena saman med Nedenes len. Kristiansand vart etablert som by i 1641, men f\u00f8rst d\u00e5 det kom postveg oppover dalen i 1844 vart den byen viktig n\u00e5r bonden skulle selje eigne varer og kj\u00f8pe att det dei ikkje hadde nok av sj\u00f8lve som korn og salt, brennevin til seg sj\u00f8lv og vakkert t\u00f8y til kona. Eit unntak m\u00e5 sj\u00f8lvsagt gjerast for somme av bygdene lenger nede i dalen der det sj\u00f8lvsagt var freistande \u00e5 take stuttaste vegen ned til ei hamn p\u00e5 s\u00f8rlandskysten. Men skatten m\u00e5tte au dei betale i Stavanger.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Her fylgjer eit nytt avsnitt om busettingssoga i Setesdal, eit foredrag Leonhard Jansen heldt p\u00e5 eit seminar som Setesdalsmuseet arrangerte, og som vi sendte opptak fr\u00e5 i Valle Radio onsdag 2. september 2009. Dette er berre som eit d\u00f8me p\u00e5 korleis busetnaden kan ha utvikla seg. Og stadnamna er med og fortel oss litt om &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6926636\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Busettingssoga i Setesdal 5<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[19],"class_list":["post-6926636","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-busetting"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6926636"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6926636"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6926636\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6926636"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6926636"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6926636"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}