{"id":6915464,"date":"2009-09-07T19:20:35","date_gmt":"2009-09-07T19:20:35","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/busettingssoga-i-setesdal-6915464\/"},"modified":"2009-09-07T19:20:35","modified_gmt":"2009-09-07T19:20:35","slug":"busettingssoga-i-setesdal-6915464","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6915464\/","title":{"rendered":"Busettingssoga i Setesdal 4"},"content":{"rendered":"<p><strong>Leonhard Jansen sitt foredrag i Valle radio har eit stort avsnitt om gardane i Valle:<\/strong><\/p>\n<p>Etter kvart som det vart fleire b\u00f8nder i same dalf\u00f8ret, m\u00e5tte det til ei fordeling mellom dei au. Fr\u00e5 f\u00f8r gjekk det langstrenger mellom dalf\u00f8ra. No vart det fastsett stuttare strenger som gjekk p\u00e5 tvers av dei gamle langstrengene. Somme stader i landet veit vi at desse har kryssa elva i dalbotnen, slik at garden har strekt seg fr\u00e5 langstreng til langstreng.<\/p>\n<p>Dette g\u00e5r ikkje direkte fram av det grensematerialet som er kjent hj\u00e5 oss. Likevel er det ikkje umogleg at til d\u00f8mes heile Hylestad ei gong kan ha vore ein slik kjempegard. Strengene mot Valle sokn og mot Austad sokn er noks\u00e5 beine liner fr\u00e5 fylkesgrense til fylkesgrense.<\/p>\n<p>Den dag i dag er grensa mot langstrengen dei fleste stader i sameige mellom fleire gardar. I Tveiteb\u00f8, til d\u00f8mes, er det slik, noko som kl\u00e5rt syner at heile dette omr\u00e5det i si tid har vore ein gard.<\/p>\n<p>Me finn au d\u00f8me p\u00e5 gardar med greie grensor, men som tydeleg er skilde ut fr\u00e5 ei st\u00f8rre eining. Helle er ein slik gard som utan tvil er dela fr\u00e5 garden Rysstad. Like tydeleg er det at Besteland i sin tur m\u00e5 vere dela fr\u00e5 Helle.<\/p>\n<p>Ein stad m\u00e5tte sj\u00f8lve busetjinga begynne, og det er ikkje unaturleg \u00e5 tenkje seg at utgangspunktet var det som i dag er rekna som grender, t.d. Nordbygdi i Bykle, Oveinang og Homme i Valle, Bygdi (Hovet) og Treungen i Hylestad, \u00c5rak og Jordal (eller \u00c5raksb\u00f8 og Jordalsb\u00f8) i Bygland. Innanfor kvar grend finn vi namnet p\u00e5 ein opphavsgard, og s\u00e5 kjem ei vidare oppdeling i namnegardar.<\/p>\n<p>Dei eldste gardsnamna er reine naturnamn &#8211; Ose og Straume kan tene som d\u00f8me. Slike namn kan vere fr\u00e5 tida d\u00e5 folk framleis vandra fr\u00e5 stad til stad, jakta og dreiv svedjebruk. N\u00e5r dei sidan vart fastbuande, var det rimeleg at dei slo seg ned der dei tidlegare hadde drive jordbruk, og slik vart det gamle namnet hangande med garden.<\/p>\n<p>Vi hentar eit d\u00f8me fr\u00e5  den sentrale vallebygda. Midt i rekkja av hus ligg Viki, som er eit naturnamn, og p\u00e5 sida er Rike som er eit noks\u00e5 uforkl\u00e5releg namn. Sunnafor er \u00c5kre, og Voll (no Prestegarden) ligg nordanfor det att, og end\u00e5 lenger nord er Jordet. Dei tri siste namna viser alle til at det har vorte drive jordbruk p\u00e5 staden. S\u00e5 byrja dei \u00e5 setje namna saman, og namn ihopsette med -vin (eng) og -heim vert rekna som dei eldste i s\u00e5 m\u00e5te. Men dette finn vi ikkje d\u00f8me p\u00e5 i Setesdal, om ikkje d\u00e5 Breive kan ha eit slikt opphav. S\u00e5 kom namn ihopsette med \u0096land, og i Valle har vi Nomeland og Steinsland rett over elva for Viki. S\u00e5 kom det ei fortetting. Kanskje var det s\u00f8nene i Viki som fekk dele fr\u00e5 noko jord. Iallfall heiter dei gardane Harstad og Kyrvestad, b\u00e5e ihopsette med mannsnamn, sunnafor \u00c5kre og mellom Voll og Viki. To gardar til vart pressa inn; Sagneskar og Kjelleberg, men s\u00e5 m\u00e5tte dei oppetter lia, til Tveiten og Brottveit. Innimellom dette er det og nokre gardar som vart borte samband med Svartedauden: Prestst\u00f8yl og Troendest\u00f8yl, D\u00f8li, Haugebirke og Kjosvid.<\/p>\n<p>I Valle gav det som m\u00e5  ha vore eit stort jorde \u0096 Voll \u0096 namn til heile prestegjeldet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Leonhard Jansen sitt foredrag i Valle radio har eit stort avsnitt om gardane i Valle: Etter kvart som det vart fleire b\u00f8nder i same dalf\u00f8ret, m\u00e5tte det til ei fordeling mellom dei au. Fr\u00e5 f\u00f8r gjekk det langstrenger mellom dalf\u00f8ra. No vart det fastsett stuttare strenger som gjekk p\u00e5 tvers av dei gamle langstrengene. Somme &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6915464\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Busettingssoga i Setesdal 4<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[19],"class_list":["post-6915464","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-busetting"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6915464"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6915464"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6915464\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6915464"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6915464"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6915464"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}