{"id":6900544,"date":"2009-09-05T22:24:27","date_gmt":"2009-09-05T22:24:27","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/busettingssoga-i-setesdal-6900544\/"},"modified":"2009-09-05T22:24:27","modified_gmt":"2009-09-05T22:24:27","slug":"busettingssoga-i-setesdal-6900544","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6900544\/","title":{"rendered":"Busettingssoga i Setesdal 2"},"content":{"rendered":"<p>Eg held fram med stoff fr\u00e5 Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal.<\/p>\n<p>Yngre steinalder vert rekna fr\u00e5 3500 til 1800 f.Kr. Rundt Straumsfjorden p\u00e5 Austeheia var det for 30 \u00e5r sidan omfattande arkeologiske unders\u00f8kingar. Feltarbeidet vart leia mellom anna av Jan Henning Larsen og Per Oscar Nybruget, og Perry Rolfsen skriv i forordet i rapporten fr\u00e5 1981: \u0094Det er f\u00e5 vann i S\u00f8r-Norge det er funnet s\u00e5 mange fornminner som ved denne fjorden. Bakgrunnen for de mange fornminnene m\u00e5 v\u00e6re rike ressurser p\u00e5 vilt, fisk og myrmalm.&#8221;<\/p>\n<p>Seinare har det ogs\u00e5  vorte utf\u00f8rt ei pollenanalyse fr\u00e5 ei myr ved Straumsfjorden, som viser at det gjekk husdyr og beitte der 2600 \u00e5r f. Kr. S\u00e5 desse folka hadde ogs\u00e5 eit anna levegrunnlag. Det einaste vi har \u00e5 jamf\u00f8re med er analyser fr\u00e5 Breive heilt opp mot h\u00f8gfjellet, som viser at husdyrhaldet der kan daterast til 2800 f.Kr. D\u00e5 dyrka dei og bygg p\u00e5 Breive. Eit samanhangande jordbruk m\u00e5 vi likevel fram til kring 1500 f.Kr. for \u00e5 finne, og fr\u00e5 ca. 500 e. Kr. tek korndyrkinga seg kraftig opp.<\/p>\n<p>Jordbruket i yngre steinalder har truleg vorte drive p\u00e5 nomadisk vis, med svedjebruk \u0096 dvs. brenne skogen og dyrke korn der 2-3 \u00e5r, for s\u00e5 \u00e5 flytje seg til ein annan stad. P\u00e5 same vis har husdyra vorte drivne fr\u00e5 beite til beite. At det er kontinuitet i korndyrkinga fr\u00e5 eldre bronsealder passar for s\u00e5 vidt inn i skjemaet n\u00e5r det no er registrert bronsealdertufter p\u00e5 Moi. Men det m\u00e5 understrekast at det er all grunn til \u00e5 tru at busetjinga f\u00f8rst kom nede i dalane, p\u00e5 dei store flatene i Bygland og Valle som berre ligg 2-300 m over havet (som for eksempel Moi). Perry Rolfsen si utgraving av ei tuft p\u00e5 Skarg i Nordbygdi i Bykle daterer busetjinga der til kring 400 e.Kr. Heller ikkje Skarg kan reknast som eit f\u00f8rsteval for fast busetnad. Men det er unders\u00f8kingar som tyder p\u00e5 at folk alt s\u00e5 tidleg var bufaste ogs\u00e5 p\u00e5 heiane. I Finndalen i Valle var det utgravingar i 1940-\u00e5ra. Der synte det seg at den faste gardsbusetnaden kan daterast til folkevandringstida (400-600 e. Kr.).<\/p>\n<p>S\u00e5 vi f\u00e5r vel berre slutte oss til konklusjonen til ein kar som sat og skreiv om Setesdal tidleg p\u00e5 1700-talet, om at at dalen nok var \u0094opfunden og opdyrket noget efter Syndfloden, dog f\u00f8r Christi Tid\u0094.  <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg held fram med stoff fr\u00e5 Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal. Yngre steinalder vert rekna fr\u00e5 3500 til 1800 f.Kr. Rundt Straumsfjorden p\u00e5 Austeheia var det for 30 \u00e5r sidan omfattande arkeologiske unders\u00f8kingar. Feltarbeidet vart leia mellom anna av Jan Henning Larsen og Per Oscar Nybruget, og Perry Rolfsen skriv i forordet &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6900544\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Busettingssoga i Setesdal 2<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[19],"class_list":["post-6900544","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-busetting"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6900544"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6900544"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6900544\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6900544"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6900544"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6900544"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}