{"id":6893759,"date":"2009-09-04T22:04:42","date_gmt":"2009-09-04T22:04:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/09\/busettingssoga-i-setesdal-6893759\/"},"modified":"2009-09-04T22:04:42","modified_gmt":"2009-09-04T22:04:42","slug":"busettingssoga-i-setesdal-6893759","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6893759\/","title":{"rendered":"Busettingssoga i Setesdal"},"content":{"rendered":"<p><strong>Leonhard Jansen <\/strong>heldt i sommar eit foredrag om busettingssoga i Setesdal p\u00e5 eit seminar som Setesdalsmuseet skipa til. Foredraget vart sendt i Valle Radio onsdag 2. september, og d\u00e5 eg spurde han om \u00e5 f\u00e5 manuskriptet for \u00e5 ha p\u00e5 bloggen, fekk eg eit hyggeleg svar med ein lang tekst. Det er str\u00e5lande at vi har ein institusjon i bygda som kan formidle forskning og syne oss historiske linjer som ein ikkje s\u00e5 lett elles ville finne. Tusen takk til Leonard.<\/p>\n<p><strong>Ein reknar at heile Setesdal vart isfri ei gong mellom 6- 7000 f. Kr.<\/strong> Dei sv\u00e6re ismassane hadde verka som eit sandpapir p\u00e5 landskapet. Alt laust vart rive med og f\u00f8lgde med isen.<\/p>\n<p>Det meste av lausmassane vart lagt att i dalane &#8211; sidedalane og hovuddalf\u00f8ret. Det som i dag er den flataste og beste jorda er gamal elvebotn.<\/p>\n<p>Dei f\u00f8rste som kom var nok ikkje s\u00e6rleg opptekne av jordsmonnet. Jakt og fangst stod \u00f8vst p\u00e5  lista over viktige gjerem\u00e5l, og ikkje minst reinsdyra med sine \u00e5rvisse trekkruter var ei sikring for tilv\u00e6ret. Fr\u00e5 heiane er det registrert buplassar fr\u00e5 steinalderen som er over 7000 \u00e5r gamle.<\/p>\n<p>P\u00e5 buplassane finn vi avslag av flint, bergkrystall og kvarts; og steinflingrer med kvasse egger og slagmerke p\u00e5, som vart liggjande att n\u00e5r jaktarane smia seg v\u00e5pen av stein. Av og til kan ein kome over sj\u00f8lve reiskapen eller deler av han; ein pilespiss, ein skrapar, ei sundslegen \u00f8ks osb. Vidare finn vi raudaktig kokstein; sundbrend stein som har vorte bruka til koking eller steiking. Korleis det vart gjort skal vi vere med p\u00e5 seinare i dag.<\/p>\n<p>I samband med kraftutbyggingane er det gjort mange funn, ein del fr\u00e5 eldre steinalder, men det meste fr\u00e5 yngre steinalder. Det er lite som tyder p\u00e5 at nokon har vore bufaste. Mangel p\u00e5 tufter etter hus er det rimeleg \u00e5 tolke som eit indisium p\u00e5 at folk budde i telt eller l\u00e5g under hellerar og der det elles var r\u00e5d \u00e5 s\u00f8ke ly. Dei eldste spor etter hus er s\u00e5 vidt eg kjenner til det som no er grave ut p\u00e5 Moi, og som vi skal h\u00f8yre meir om i morgon.<\/p>\n<p>Folka vi snakkar om er med andre ord veidefolk p\u00e5 vandring. Til Vesteheia kom dei fr\u00e5 Lista, J\u00e6ren og Ryfylke. Til Austeheia \u0096 der var det au reinsdyr i forhistorisk tid, sj\u00f8lv om den stamma som er der no kjem fr\u00e5 tamreinhaldet \u0096 var det nok folk fr\u00e5 kysten i Aust-Agder som helst kom. Kanskje kom dei i \u00e5rlege syklusar \u0096 kvar gong reinsdyra kom p\u00e5 trekk akkurat der det var lageleg \u00e5 felle dei. Vi talar om drivjakt av ulike slag. Fangstsystem med dyregraver er noko som h\u00f8yrer ei seinare tid til, fr\u00e5 kring 700 f. Kr. til 1500 e. Kr. Det emnet er forresten noko diffust. Det er registrert s\u00e5 f\u00e5 dyregraver, at mykje tyder p\u00e5 at fangsten i v\u00e5re heiar har g\u00e5tt f\u00f8re seg p\u00e5 heilt andre m\u00e5tar enn for eksempel austp\u00e5, der det er dokumentert gigantiske fangstsystem. Eg vil tippe at bogestilla i v\u00e5re heiar m\u00e5 ha hatt ein langt viktigare funksjon i den gamle fangsten enn vi har trudd til no. Men dette emnet lyt eg late liggje og heller kome inn p\u00e5 det som er temaet mitt: busetjinga.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Leonhard Jansen heldt i sommar eit foredrag om busettingssoga i Setesdal p\u00e5 eit seminar som Setesdalsmuseet skipa til. Foredraget vart sendt i Valle Radio onsdag 2. september, og d\u00e5 eg spurde han om \u00e5 f\u00e5 manuskriptet for \u00e5 ha p\u00e5 bloggen, fekk eg eit hyggeleg svar med ein lang tekst. Det er str\u00e5lande at vi &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/busettingssoga-i-setesdal-6893759\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Busettingssoga i Setesdal<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[19],"class_list":["post-6893759","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-busetting"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6893759"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6893759"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6893759\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6893759"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6893759"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6893759"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}