{"id":685800,"date":"2006-03-30T14:38:58","date_gmt":"2006-03-30T14:38:58","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2006\/03\/meir_enn_ein_intelligens_ein_prat_med_as685800\/"},"modified":"2006-03-30T14:38:58","modified_gmt":"2006-03-30T14:38:58","slug":"meir_enn_ein_intelligens_ein_prat_med_as685800","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir_enn_ein_intelligens_ein_prat_med_as685800\/","title":{"rendered":"Meir enn ein intelligens. Ein prat med Astrid O. Knutsen"},"content":{"rendered":"<p>F\u00f8r sendinga fredag 24. mars fekk eg ein telefon fr\u00e5 Astrid O. Knutsen, som er rektor p\u00e5 Hylestad skule.<br \/>\nhttp:\/\/www.valle.kommune.no\/innhald\/h_hylestad_skule.htm<\/p>\n<p>Ho var ansvarleg fr\u00e5 Valle kommune for innslaget til Kommunen informerer denne fredagen klokka 19:00. Problemet hennar var at heile skulen skulle p\u00e5 studietur denne fredagen, og ho kom ikkje til \u00e5 vere heime slik at ho kunne kome i studio. Eg reiste difor ut og gjorde eit opptak med henne som vart sendt denne kvelden. Her kjem noko av det p\u00e5 bloggen. Grunnen til at det ikkje er lagt ut f\u00f8r, er at MD-en som opptaket vart gjort p\u00e5, l\u00e5g att i radioen etter sending<\/p>\n<p>-Vi skal til Telemark p\u00e5 studietur, vi reiser til \u00d8yfjell skole i Vinje kommune, ein liten, tredelt skole akkurat som Hylestad. Den driv med ein del interessante ting som vi vil sj\u00e5 n\u00e6rare p\u00e5.<br \/>\nhttp:\/\/www.vinje.kommune.no\/default.asp?uid=663&#038;CID=58<\/p>\n<p>-Vi har klart \u00e5 lage oss fri, vi tek ein av dei fem planleggingsdagane som vi til vanleg har i begynnelsen eller slutten av skule\u00e5ret. Dermed kan vi reise fr\u00e5 Hylestad skule klokka \u00e5tte fredag, og s\u00e5 reiser vi fr\u00e5 \u00d8yfjell skule til Straand Hotell i Vr\u00e5dal. http:\/\/www.quality-straandhotel.no\/<\/p>\n<p>-Der overnattar vi til laurdag, s\u00e5 held vi fram med arbeidet der utover laurdagen. Dette er ein personaltur, ikkje bare ein l\u00e6rartur, s\u00e5 vi har med oss andre i personalet og eit par foreldre fr\u00e5 FAU ogs\u00e5. Vi gleder oss, alle saman.<\/p>\n<p>-Kva driv \u00d8yfjell skule med?<\/p>\n<p>-Dei driv med mange spennande ting. Dei siste \u00e5ra har dei spesielt arbeidd med teorien om mange intelligensar, at eit menneske ikkje bare har logisk\/matematisk intelligens, men ogs\u00e5 kroppsleg intelligens, sosial intelligens, visuell intelligens. Dette har dei brukt mykje tid p\u00e5 \u00e5 l\u00e6re foreldre og elevar om, og s\u00e5 brukar dei det som utgangspunkt n\u00e5r dei skal drive tilpassa oppl\u00e6ring og lage arbeidsplanar.<\/p>\n<p>-Klarar dei \u00e5 f\u00e5 til eit opplegg med arbeidsplanar for alle elevar, ikkje bare for elevar med spesielle behov?<\/p>\n<p>-Det er det vi skal sj\u00e5 om dei klarar. Eg har vore der f\u00f8r og ser at dei lagar arbeidsoppg\u00e5ver som skal utvikle alle desse intelligensane, og s\u00e5 m\u00e5 elevane sj\u00f8lv fylle ut skjema for \u00e5 sj\u00e5 kva for ein intelligens som er dominerande hj\u00e5 dei. (Her er ei side om mangesidig intelligens): http:\/\/www.tftnorway.com\/artikkel\/dinetalenter.shtml<\/p>\n<p>-Harvardforskaren Howard Gardner er opphavsmannen til den teorien dei arbeider med, og elevane vil helst arbeide med det som dei kan best, men s\u00e5 lagar dei arbeidsoppg\u00e5ver for \u00e5 utvikle alle dei 7 intelligensane, og s\u00e5 m\u00e5 elevane velge oppg\u00e5ver som g\u00e5r p\u00e5 dei sidene som dei ikkje er s\u00e5 flinke p\u00e5, og dermed kan dei f\u00e5 utvikle fleire sider av seg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>-Det er jo s\u00e5 flott at vi har forskjellige intelligensar, og det som er viktig er at vi verdset dei ulike sidene, at det ikkje bare er den som kan matematikk, eller kan skrive fine stilar og er flink i norsk spr\u00e5k som er noko verd. Det vi kan p\u00e5 andre m\u00e5tar er jo ogs\u00e5 viktig. Eg ser nokre av elevane her, dei er utruleg flinke til \u00e5 jobbe med kroppen og hendene, sj\u00f8lv om dei ikkje er s\u00e5 flinke i dei s\u00e5kalla skulefaga.  Men det er viktig at elevane sj\u00f8lv l\u00e6rer at dette er viktig, og at vi som er rundt dei l\u00e6rer \u00e5 verdsette alle sider ved mennesket.<\/p>\n<p>-Tenkjer de \u00e5 bruke meir av denne teorien p\u00e5 Hylestad skule neste \u00e5r?<\/p>\n<p>-Vi har ikkje heilt bestemt oss korleis vi skal arbeide vidare med dette, men om vi g\u00e5r inn i modellen slik som \u00d8yfjell skule har gjort eller ikkje, s\u00e5 er det viktig for l\u00e6rarar \u00e5 vere klar over dette. L\u00e6rarar er klare over dette, men det er viktig \u00e5 f\u00e5 synligjort det.<\/p>\n<p>-Skulen har forandra seg mykje i l\u00f8pet av nokre \u00e5r, og ein er mykje meir observant p\u00e5 slike tilh\u00f8ve no enn f\u00f8r, sluttar Astrid O. Knutsen. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>F\u00f8r sendinga fredag 24. mars fekk eg ein telefon fr\u00e5 Astrid O. Knutsen, som er rektor p\u00e5 Hylestad skule. http:\/\/www.valle.kommune.no\/innhald\/h_hylestad_skule.htm Ho var ansvarleg fr\u00e5 Valle kommune for innslaget til Kommunen informerer denne fredagen klokka 19:00. Problemet hennar var at heile skulen skulle p\u00e5 studietur denne fredagen, og ho kom ikkje til \u00e5 vere heime slik &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/meir_enn_ein_intelligens_ein_prat_med_as685800\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Meir enn ein intelligens. Ein prat med Astrid O. Knutsen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-685800","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/685800"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=685800"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/685800\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=685800"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=685800"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=685800"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}