{"id":6675447,"date":"2009-08-07T22:59:58","date_gmt":"2009-08-07T22:59:58","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/08\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-6675447\/"},"modified":"2009-08-07T22:59:58","modified_gmt":"2009-08-07T22:59:58","slug":"sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-6675447","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-6675447\/","title":{"rendered":"Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke"},"content":{"rendered":"<p>I fleire \u00e5r har dei hatt ein konsertserie i Lyngdal kyrkje som heiter Sommerkveldsmusikk. Organisten set opp eit program for heile skuleferien, kvar fredagskveld inviterer ho til konsert og bibellesing i kyrkja. Etter kvart er det ei fast gruppe som finn desse konsertane meiningsfulle, s\u00e5 det er som regel fr\u00e5 80 til 200 tilh\u00f8yrarar p\u00e5 desse konsertane.<\/p>\n<p>I kveld spelte organist Jorunn Moen Nocturne og Bryllupsmarsj fr\u00e5 Midtsommernattsdr\u00f8m av Felix Mendelssohn-Bartholdy. I tillegg spelte ho til fellessangen N\u00e5 la oss takke Gud og s\u00e5 akkompagnerte ho Ingrid Gr\u00f8van i Morgen! av Richard Strauss og Ave Maria av Franz Schubert, Ingrid Gr\u00f8van song og fem songar fr\u00e5 Haugtussa av Catharinus Elling: Ved Gj\u00e6tlebekken, Sm\u00e5sporven, Elsk, Haren og R\u00e5dlaus. Ingrid Gr\u00f8van er fr\u00e5 Lyngdal, ho har teke mastergrad i sang p\u00e5 Grieg-akademiet i Bergen og har vore l\u00e6rar p\u00e5 Kongshaug musikkgymnas. Ho song og den religi\u00f8se folketonen Jeg r\u00e5de vil alle og Ja, engang mine \u00f8yne skal av biskop Karl Marthinussen og Sigurd Lunde. I stykka av Elling vart ho akkompagnert av Ilze Jaunzeme, pianist fr\u00e5 Latvia. Ho spelte solo satsar fr\u00e5 Carnaval, opus 9 av Robert Schumann og Sonate nr. 4, opus 30 av Alexandre Scriabin. Det sprudlande spelet hennar var ei oppleving, ei lita jente med ein stor musikk i fingrar og kropp!<\/p>\n<p>P\u00e5 desse konsertane er det bibellesing, i \u00e5r med tema Kvinner i m\u00f8te med Jesus. Her las Britt Opsahl fr\u00e5 Luk. 13, 10-17. Og s\u00e5 presenterer dei ei salme p\u00e5 desse konsertane. I \u00e5r er det salmer av Svein Ellingsen, han har 26 salmer i Norsk Salmebok og 14 i Salmer97. Denne gongen var det <em>Fylt av glede over livets under<\/em>. I staden for \u00e5 syngje den, kunne vi h\u00f8yre den, det gjev ei anna oppleving enn sangen.<\/p>\n<p>Etter arrangementet var det ein kaffekopp p\u00e5 kyrkjebakken. 20 grader og vel s\u00e5 det, folk stoppa og prata litt saman. Vi vart saman med nokre andre inviterte heim til organisten, der vanka det is og b\u00e6r og Mozell og prat. Ein triveleg slutt p\u00e5 ein triveleg kveld.<\/p>\n<p>Og neste fredag, som er siste fredag i denne konsertserien, spelar Wolfgang Plagge og k\u00e5serer om musikken. Er du p\u00e5 dei kantane den kvelden, b\u00f8r du pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 det med deg, det er ei stor oppleving. Det startar klokka halv \u00e5tte. Her kan du lese meir om Plagge: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Wolfgang_Plagge<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I fleire \u00e5r har dei hatt ein konsertserie i Lyngdal kyrkje som heiter Sommerkveldsmusikk. Organisten set opp eit program for heile skuleferien, kvar fredagskveld inviterer ho til konsert og bibellesing i kyrkja. Etter kvart er det ei fast gruppe som finn desse konsertane meiningsfulle, s\u00e5 det er som regel fr\u00e5 80 til 200 tilh\u00f8yrarar p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/sommerkveldsmusikk-i-lyngdal-kirke-6675447\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6675447","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6675447"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6675447"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6675447\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6675447"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6675447"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6675447"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}