{"id":6667529,"date":"2009-08-06T22:58:43","date_gmt":"2009-08-06T22:58:43","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/08\/hypertekst-6667529\/"},"modified":"2009-08-06T22:58:43","modified_gmt":"2009-08-06T22:58:43","slug":"hypertekst-6667529","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hypertekst-6667529\/","title":{"rendered":"Hypertekst"},"content":{"rendered":"<p>Hypertekst er ei form som ikkje kunne eksistert utan data. Det best\u00e5r av ein tekst som har lenker til andre tekstar, slik at ein med eit klikk p\u00e5 lenka kan kome vidare til den aktuelle teksten eller biletet. N\u00e5r eg redigerer p\u00e5 wikipedia, brukar eg dette systemet, og det er ei str\u00e5lande oppfinning og kanskje basis for at world wide web er blitt s\u00e5 popul\u00e6rt.<\/p>\n<p>Systemet vart fyrst tenkt ut like etter krigen av r\u00e5dgjevaren til president Roosevelt, Vannevar Bush. Han kalla det Memex og tenkte seg at ein skulle kunne lenke saman all tilgjengeleg informasjon. Artikkelen han skreiv blei lesen av andre, som tok ideen vidare, og i 1965 kom ein p\u00e5 namnet, det var ein Ted Nelson som gjorde det, les eg p\u00e5 dansk wikipedia. V\u00e5r norske artikkel er ikkje s\u00e5 interessant, men det kan kome etter kvart: http:\/\/da.wikipedia.org\/wiki\/Hypertekst<\/p>\n<p>I 1967 kom det f\u00f8rste systemet som virka, og IBM, som hadde betalt for utviklinga, selde systemet til dei som stod bak Apollo-programmet. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Apollo-programmet Tjue \u00e5r seinare sende datafirmaet Apple ut hypercard-systemet, og end\u00e5 20 \u00e5r seinare kan vi ikkje tenkje oss korleis livet ville vore utan data og dermed utan hypertekst.<\/p>\n<p>I dag har eg skrive p\u00e5 eit par artiklar der eg har nytta systemet. Den eine var om pedagogen Eva Balke, der skreiv eg artikkelen fr\u00e5 starten av: http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Eva_Balke  Den andre var om Cormorantfeltet, eit oljefelt i Nordsj\u00f8en. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Cormorantfeltet Den var det ein som hadde starta i desember, men den var blitt st\u00e5ande med to linjer. No fann eg ein engelsk artikkel om emnet og kunne omsette det for artikkelen. Nederst i artikkelen er det ei lenke til ei lang liste over olje- og gassfelt i britisk del av Nordsj\u00f8en, og fr\u00e5 den kan ein g\u00e5 rundt til mange slike artiklar om felta. R\u00f8de lenker syner at artiklane ikkje er skrivne enno, men systemet fungerer n\u00e5r lenkene er bl\u00e5. Systemet er truleg det som gjer at ein heller vil lese der enn i Store Norske Leksikon, for dei har ikkje kome s\u00e5 langt i \u00e5 lage slike lenker. Og n\u00e5r eg ikkje har lyst til \u00e5 skrive noko, kan eg alltid lage ei lenke p\u00e5 wikipedia, og dermed gjere det litt meir leservennleg for brukarane. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Hypertekst er ei form som ikkje kunne eksistert utan data. Det best\u00e5r av ein tekst som har lenker til andre tekstar, slik at ein med eit klikk p\u00e5 lenka kan kome vidare til den aktuelle teksten eller biletet. N\u00e5r eg redigerer p\u00e5 wikipedia, brukar eg dette systemet, og det er ei str\u00e5lande oppfinning og kanskje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hypertekst-6667529\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hypertekst<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[71],"class_list":["post-6667529","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-wikipedia"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6667529"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6667529"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6667529\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6667529"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6667529"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6667529"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}