{"id":6660931,"date":"2009-08-05T22:56:45","date_gmt":"2009-08-05T22:56:45","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/08\/skalldyrfestival-6660931\/"},"modified":"2009-08-05T22:56:45","modified_gmt":"2009-08-05T22:56:45","slug":"skalldyrfestival-6660931","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skalldyrfestival-6660931\/","title":{"rendered":"Skalldyrfestival"},"content":{"rendered":"<p>I dag var Lindesnes Avis full av stoff om Skalldyrfestivalen. Ordf\u00f8raren skal opne den i morgon klokka 18, og Bryggegata i Mandal var stengd i dag. Det er mykje som skal riggast til for den store festivalen, som ikkje er musikk-festival, men matfestival, som namnet seier.<\/p>\n<p>Mellom anna skal dei k\u00e5re ny verdsmeister i rekepilling. Ho som vann i fjor var intervjua i avisa i dag, og d\u00e5 fekk vi vite at ho jobbar p\u00e5 Lindesnes Gjestehus og alle rekene dei brukar der, vert rensa av dei tilsette. Ikkje rart at ho vinn ein slik konkurranse d\u00e5, og ho sette visst til og med verdsrekord. Nummer to var kollegaen hennar p\u00e5 gjestehuset, s\u00e5 vidt eg forsto. Dei m\u00e5 vel kallast proffar, begge to.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv er eg ikkje glad i \u00e5 rense reker. N\u00e5r vi er p\u00e5 rekeparty, passar eg p\u00e5 \u00e5 sitje ved sida av kona, s\u00e5 reinskar ho til meg, eg legg p\u00e5 majonesen og har elles nok med \u00e5 ete dei sm\u00e5 r\u00f8de, som F\u00e6drelandsennen kallar delikatessene.<\/p>\n<p>Fredagskvelden skal Flekker\u00f8yguttane ha konsert i Mandal kirke, og sundag er det festivalgudsteneste midt i Bryggegata. Det har vore fine opplevingar \u00e5 vere p\u00e5 desse gudstenestene, for eit par \u00e5r sidan talte Aril Edvardsen der. Kantoriet syng alltid p\u00e5 desse arrangementa, og etter gudstenesta held dei ofte ein liten konsert. Om veret er h\u00f8veleg, kan det vel tenkjast at eg tek turen dit.<\/p>\n<p>Elles var eg i byen i g\u00e5r og s\u00e5g at dei heldt p\u00e5 \u00e5 rigge tivoli, som dei pleier. Det er mykje \u00e5 bruke pengane p\u00e5 i desse dagane. Men i avisa les eg at dei vil ha fleire natteravnar, slik at dei kan avgrense problema noko, mange ungdommar har nytta denne helga til \u00e5 m\u00f8tast i Mandal og drikke seg stupfulle. Eg vil vone at det ikkje vert s\u00e5 mange slike \u00e5 sj\u00e5 denne gongen og \u00f8nskjer dei lukke til med Sakkdyrfestivalen 09.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var Lindesnes Avis full av stoff om Skalldyrfestivalen. Ordf\u00f8raren skal opne den i morgon klokka 18, og Bryggegata i Mandal var stengd i dag. Det er mykje som skal riggast til for den store festivalen, som ikkje er musikk-festival, men matfestival, som namnet seier. Mellom anna skal dei k\u00e5re ny verdsmeister i rekepilling. &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/skalldyrfestival-6660931\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Skalldyrfestival<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6660931","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6660931"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6660931"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6660931\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6660931"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6660931"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6660931"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}