{"id":6600441,"date":"2009-07-27T21:08:52","date_gmt":"2009-07-27T21:08:52","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/07\/komper-6600441\/"},"modified":"2009-07-27T21:08:52","modified_gmt":"2009-07-27T21:08:52","slug":"komper-6600441","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/komper-6600441\/","title":{"rendered":"Komper"},"content":{"rendered":"<p>Kompe er S\u00f8rlandet sin nasjonalrett, akkurat som vi heime har komla og dei lenger nord p\u00e5 Vestlandet har baill. Nynorsk wikipedia har artikkelen under det rogalandske namnet, http:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Komle  D\u00e5 eg s\u00f8kte p\u00e5 kompe p\u00e5 bokm\u00e5lswikipedia, kom eg til artikkelen om potetball. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Kompe Det kjem av at ein p\u00e5 wikipedia har h\u00f8ve til \u00e5 lage omdirigeringar fr\u00e5 ein tittel som betyr det same til artikkelen om emnet. Og kj\u00e6rt barn har mange namn, den engelske artikkelen om denne matretten heiter Raspeball.<\/p>\n<p>Om lag p\u00e5 denne tida i fjor skreiv eg om kompe p\u00e5 bloggen. Det var fyrste mandagen i august, og eg funderte p\u00e5 kva eg skulle skrive om, og d\u00e5 nemnde eg kompe i artikkelen s\u00e5 vidt det var. I dag er temaet opph\u00f8gd til overskrift, og det skuldast nok at eg var p\u00e5 butikken i dag og kj\u00f8pte eit heilt spann med komper, 12 i talet, for 10 kroner pr. stk. Det er eit tilbod dei har p\u00e5 Tilbudssenteret i Mandal kvar mandag, og i dag var eg heldig og kom f\u00f8r dei var utselde. Det stod folk i k\u00f8 og fleire handla like mykje som meg, s\u00e5 ein kan nok tenkje at i dag var det den store kompedagen i Mandal. Men det er no helst slik kvar mandag. S\u00e5 popul\u00e6rt har det blitt at andre butikkar har pr\u00f8vd p\u00e5 same opplegget andre dagar, det har ikkje vore like stor suksess.<\/p>\n<p>S\u00e5 var det heim med eit stort spann med komper. Fram med sm\u00f8r og sukker og sjeldan g\u00e5r middagslaginga heime s\u00e5 fort som p\u00e5 kompedagane. F\u00f8r ein veit ordet av det er det tid for oppvasken, den tek maskina seg av, og i staden kan ein la kompene s\u00f8kkje og middagsluren sige p\u00e5. D\u00e5 f\u00e5r regnet plaske i fred, yr.no meinte at det skulle vere opphald i eit par timar, og det var det, noko som f\u00f8rte til lange k\u00f8ar i alle rundkj\u00f8ringane i Mandal d\u00e5 eg handla, men elles var nok dagen helst ein innedag for ferierande. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Kompe er S\u00f8rlandet sin nasjonalrett, akkurat som vi heime har komla og dei lenger nord p\u00e5 Vestlandet har baill. Nynorsk wikipedia har artikkelen under det rogalandske namnet, http:\/\/nn.wikipedia.org\/wiki\/Komle D\u00e5 eg s\u00f8kte p\u00e5 kompe p\u00e5 bokm\u00e5lswikipedia, kom eg til artikkelen om potetball. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Kompe Det kjem av at ein p\u00e5 wikipedia har h\u00f8ve til \u00e5 lage omdirigeringar &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/komper-6600441\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Komper<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6600441","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6600441"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6600441"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6600441\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6600441"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6600441"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6600441"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}