{"id":6575017,"date":"2009-07-23T19:06:38","date_gmt":"2009-07-23T19:06:38","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/07\/dyrepark-k-6575017\/"},"modified":"2009-07-23T19:06:38","modified_gmt":"2009-07-23T19:06:38","slug":"dyrepark-k-6575017","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dyrepark-k-6575017\/","title":{"rendered":"Dyrepark-k\u00f8"},"content":{"rendered":"<p>Tysdag var eg til S\u00f8rlandsparken. Vermeldinga var skiftande ver, mest regnbyger, men i grunnen var det ganske h\u00f8veleg utan dei store regnskylla vi hadde f\u00f8r helga, heldigvis.<\/p>\n<p>Trafikken innover var og h\u00f8veleg. Reidun skulle i ei gravferd klokka halv eitt, s\u00e5 eg sette henne av litt f\u00f8r tolv, og etter ein liten tur i kvadraturen, tenkte eg at eg ikkje ville sl\u00e5ss om parkeringsplass, men heller dra til S\u00f8rlandsparken. Der er det jo nok parkeringsplass. Fretex sitt utsal som f\u00f8r var p\u00e5 Lund, flytta til S\u00f8rlandsparken for eit par \u00e5r sidan, og kanskje hadde dei nokre gamle Hvem Hva Hvor som eg kunne sl\u00e5 kloa i for ein billig penge medan eg venta p\u00e5 henne.<\/p>\n<p>Utover fr\u00e5 byen gjekk det i god fart forbi bomstasjonen p\u00e5 Lund og over Oddernesbrua. Men d\u00e5 eg kom opp mot bensinstasjonen p\u00e5 H\u00e5nes, tetna trafikken. Eg tenkte at det var mange som gjorde som eg og drog til S\u00f8rlandsparken i det usikre veret. Nokre var det som svinga av og inn i Barst\u00f8lveien, men dei fleste heldt kursen opp bakken. Der er det ein ny avkj\u00f8rsel til S\u00f8rlandsparken lengst til h\u00f8gre og to felt vidare mot Oslo. I det midterste feltet gjekk trafikken tregt og stoppa, i det ytterste var det god flyt. Sj\u00f8lv la eg meg innerst og kom inn til S\u00f8rlandssenteret utan problem.<\/p>\n<p>Men etter kvart skj\u00f8na eg at k\u00f8en skulle til Dyreparken. D\u00e5 eg seinare h\u00f8yrde lokale nyheter p\u00e5 S\u00f8rlandssendinga, som burde heitt Agdersendinga, hadde det vore ny bes\u00f8ksrekord den dagen og, bare ei veke etter at siste rekorden var sett. Over 17.000 betalande gjester.<\/p>\n<p>Eg m\u00e5tte tenkje p\u00e5 det ei stund. Det er lange k\u00f8ar over alt, trur eg. Ein g\u00e5r i k\u00f8 og ser p\u00e5 dyra, g\u00e5r i k\u00f8 for \u00e5 handle noko i kafeane og i lang k\u00f8 for \u00e5 kome fr\u00e5 parkeringsplassen til inngangen.<\/p>\n<p>-Det er sikkert betre \u00e5 g\u00e5 i Dyreparken etter fellesferien, seier dotter mi med to dyreinteresserte born. D\u00e5 dei budde i S\u00f8gne, hadde dei \u00e5rskort og gjekk der ofte. Det fristar ikkje like mykje no. Det einaste m\u00e5 vel vere om ein gjer sj\u00f8lve k\u00f8st\u00e5inga til ein del av opplevinga og ikkje til noko ein m\u00e5 gjennom f\u00f8r sj\u00f8lve opplevinga kjem. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Tysdag var eg til S\u00f8rlandsparken. Vermeldinga var skiftande ver, mest regnbyger, men i grunnen var det ganske h\u00f8veleg utan dei store regnskylla vi hadde f\u00f8r helga, heldigvis. Trafikken innover var og h\u00f8veleg. Reidun skulle i ei gravferd klokka halv eitt, s\u00e5 eg sette henne av litt f\u00f8r tolv, og etter ein liten tur i kvadraturen, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/dyrepark-k-6575017\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Dyrepark-k\u00f8<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6575017","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6575017"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6575017"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6575017\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6575017"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6575017"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6575017"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}