{"id":6542404,"date":"2009-07-18T21:50:00","date_gmt":"2009-07-18T21:50:00","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/07\/orgelkonsertar-6542404\/"},"modified":"2009-07-18T21:50:00","modified_gmt":"2009-07-18T21:50:00","slug":"orgelkonsertar-6542404","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/orgelkonsertar-6542404\/","title":{"rendered":"Orgelkonsertar"},"content":{"rendered":"<p>I Setesd\u00f8len i g\u00e5r, fredag 17. juli 2009, var det ein liten notis om eit brev Niklos K. Besteland har sendt til Valle kommune:<\/p>\n<p>Niklos K. Besteland p\u00e5 Besteland i Hylestad meiner at det er for d\u00e5rleg at Valle kommue brukar flust med pengar p\u00e5 ulike kulturelle tiltak, mellom anna konsert med Lillebj\u00f8rn Nilsen, men ikkje sikrar orgelkonsertar i kyrkjene i kommunen.<\/p>\n<p>-Det er ingen tilbod om dette i \u00e5r, anten for bygdefolk eller tilreisande. Det er for svakt. Det er ei skam at me har nytta skattepengar til dyre orgel, men ikkje maktar \u00e5 sikre at nokon spelar p\u00e5 dei. Me b\u00f8r ha organist i full stilling, skriv Besteland i eit brev til Valle-ordf\u00f8rar Bj\u00f8gulv Sverdrup Lund.<\/p>\n<p>Niklos er ein trugen medarbeidar i Valle Radio. Annankvar veke kjem han med eit gjennomarbeidd program med kyrkjemusikk som han presenterer i programmet Postludium. Dette programmet har vi hatt klokka 20:30 i alle dei \u00e5ra vi har hatt tysdagssending. Han har ei stor samling med musikk av denne typen og deler med seg av informasjon om b\u00e5de komponisten, ut\u00f8varen og orgelet det vert spelt p\u00e5. Av og til f\u00e5r eg tilbakemelding fr\u00e5 folk om at dei likar Niklos sine program, og det er ingen tvil om at han sj\u00f8lv trivst med den oppg\u00e5va og ser fram til ein ny bolk til hausten.<\/p>\n<p>Og Niklos har eit poeng. Det er jo eit lite paradoks at vi har f\u00e5tt gode orgel i begge kyrkjene, men bare brukar dei til dei faste hendingane i kyrkjene, gudsteneste, bryllaup og gravferd. Instrumenta har godt av \u00e5 verte brukte og kunne med fordel vore grunnlag for ein serie med sommarkonsertar, slik det skjer i mange andre kyrkjer. I Oddernes kyrkje har organisten Ian Richards kvar sommar ein orgelkonsertserie med arrangement kvar onsdag og sundagskveld, ofte med gjestemusikarar. I Lyngdal er det Sommerkveld i kirken med musikk kvar fredagskveld. Der samarbeider organisten med sv\u00e6rt mange musikarar i l\u00f8pet av sommaren. Men det er alt for f\u00e5 som skipar til slike arrangement, s\u00e5 Valle er i selskap med mange kyrkjer p\u00e5 Agder. Om det skal kallast godt eller d\u00e5rleg selskap, kan du som les bloggen sj\u00f8lv bestemme.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I Setesd\u00f8len i g\u00e5r, fredag 17. juli 2009, var det ein liten notis om eit brev Niklos K. Besteland har sendt til Valle kommune: Niklos K. Besteland p\u00e5 Besteland i Hylestad meiner at det er for d\u00e5rleg at Valle kommue brukar flust med pengar p\u00e5 ulike kulturelle tiltak, mellom anna konsert med Lillebj\u00f8rn Nilsen, men &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/orgelkonsertar-6542404\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Orgelkonsertar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[50],"class_list":["post-6542404","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-orgel"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6542404"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6542404"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6542404\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6542404"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6542404"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6542404"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}