{"id":6523166,"date":"2009-07-15T21:28:32","date_gmt":"2009-07-15T21:28:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/07\/open-sending-i-lindesnes-radio-6523166\/"},"modified":"2009-07-15T21:28:32","modified_gmt":"2009-07-15T21:28:32","slug":"open-sending-i-lindesnes-radio-6523166","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/open-sending-i-lindesnes-radio-6523166\/","title":{"rendered":"Open sending i Lindesnes Radio"},"content":{"rendered":"<p>Onsdagskvelden kom eg heim etter \u00e5 ha vore ein tur vestover. D\u00e5 eg kom mot Lyngdal, sette eg p\u00e5 n\u00e6rradioen, og det ser ut som om Lyngdal, Lindesnes, S\u00f8gne og Loland samarbeider om programma no i sommarperioden. Denne onsdagskvelden var det Open sending, dei som var programleiarar kalla seg To rustne h\u00f8ns.<\/p>\n<p>Det fekk meg til \u00e5 minnast ei dame eg kjenner som kommenterte sin situasjon slik: Sj\u00f8lv om egga er g\u00e5tt ut p\u00e5 dato, er det framleis liv i h\u00f8na.<\/p>\n<p>Men det var ikkje det eg skulle skrive om, eg f\u00e5r halde meg til saka og ikkje spore av. Eg tenkte \u00e5 gje sm\u00e5 gl\u00f8tt fr\u00e5 eit program som i prinsippet er som v\u00e5r open sending. Eg fekk ikkje med meg heile programmet, det var eg ikkje aleine om, for det var tordenver i omr\u00e5det, og straumen hadde vore borte. Fleire klaga p\u00e5 det, og programleiarane meinte at folk burde ha ein batteridriven reiseradio klar for slike tilfelle. Rett nok var dei klare over at slike radioar har ein tendens til \u00e5 ha flate batteri n\u00e5r ein treng dei, kanskje til og med s\u00e5 flate batteri at innhaldet har lekka ut og \u00f8ydelagt kontaktar og meir til. Men det hadde jo vore \u00e5 ty til n\u00e5r straumen var borte.<\/p>\n<p>I denne sendinga hadde dei ikkje rebusar, det var bare sp\u00f8rsm\u00e5l som vart lagde ut, og s\u00e5 kunne folk ringe og svare p\u00e5 det dei hadde peiling p\u00e5. Eg hugsar ikkje alle sp\u00f8rsm\u00e5la, men nokre eksempel kan du f\u00e5:<\/p>\n<p>1. Kva heiter kyrkjelyden til Aril Edvardsen<br \/>\n2. Kva heiter far til kong Harald<br \/>\n3. Kva tenkjer svenskane p\u00e5 n\u00e5r dei seier at dei skal fika<br \/>\n4. Kven er Ari Behn gift med<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5la var alts\u00e5 ganske lette, og det verka som om dei mest var grunnlag for \u00e5 ha ein liten samtale. Dei som ringte inn, var tydelegevis gamle kjente av programleiarane, vi fekk namnet noks\u00e5 fort, og det var ikkje alltid innringaren som presenterte seg, like ofte kunne det vere ei av dei to rustne h\u00f8nsa som kjende att stemmen. S\u00e5 prata dei om tordenveret og sommar og ferie. N\u00e5r det ikkje var telefonar, m\u00e5tte dei turrprate om laust og fast. Ettersom det var torever og fleire av dei faste ikkje hadde straum og difor ikkje hadde liv i radioen, var det litt daudt til \u00e5 begynne med. Men s\u00e5 kom straumen att, og d\u00e5 vart det fleire telefonar.<\/p>\n<p>I ein stille periode las dei opp siste leiarartikkel fr\u00e5 Lindesnes Avis, den handla om at det var ei skam at folk i Mandal m\u00e5 dra til S\u00f8rlandsbadet i Lyngdal for \u00e5 bade i dei kalde dagane n\u00e5r det ikkje er fristande \u00e5 slikke sol p\u00e5 Sj\u00f8sanden. Her var dei rustne h\u00f8nsa sv\u00e6rt enige med redakt\u00f8ren i avisa.<\/p>\n<p>Premien var enkel, eit flakslodd til to av dei som hadde rett svar p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5let. Og flakslodda sende dei i posten, enkelt og greitt. Programmet vara fr\u00e5 klokka 20 til 22, d\u00e5 vagla etter det dei sa sj\u00f8lv dei rustne h\u00f8nsa seg til neste sending. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Onsdagskvelden kom eg heim etter \u00e5 ha vore ein tur vestover. D\u00e5 eg kom mot Lyngdal, sette eg p\u00e5 n\u00e6rradioen, og det ser ut som om Lyngdal, Lindesnes, S\u00f8gne og Loland samarbeider om programma no i sommarperioden. Denne onsdagskvelden var det Open sending, dei som var programleiarar kalla seg To rustne h\u00f8ns. Det fekk meg &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/open-sending-i-lindesnes-radio-6523166\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Open sending i Lindesnes Radio<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6523166","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6523166"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6523166"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6523166\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6523166"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6523166"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6523166"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}