{"id":6500896,"date":"2009-07-12T21:58:11","date_gmt":"2009-07-12T21:58:11","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/07\/tolmod-6500896\/"},"modified":"2009-07-12T21:58:11","modified_gmt":"2009-07-12T21:58:11","slug":"tolmod-6500896","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tolmod-6500896\/","title":{"rendered":"Tolmod"},"content":{"rendered":"<p>-Du m\u00e5 vere tolmodig, sa Reidun til meg d\u00e5 vi fredag, siste dagen av turen v\u00e5r, kom over norskegrensa p\u00e5 Finnskogen. Vi l\u00e5g bak fire campingbilar og det var ikkje lenger veg ein kunne kome forbi p\u00e5.<br \/>\n-Jad\u00e5, sa eg, utan \u00e5 meine det eller \u00e5 klare det.<\/p>\n<p>\u00c5 k\u00f8yre i 60 er ikkje ferie, men det er realiteten mange stader i Ferie-Noreg. Fotoboksar og vegstandard gjer sitt til at farten g\u00e5r ned. Snart hadde vi lagt Kongsvinger bak oss, utan \u00e5 stoppe sj\u00f8lv om vi aldri har vore turistar i den byen. Vi s\u00e5g fotballbanen til Tom Nordli, festningen som tronte over Glomma, men lysten til \u00e5 stoppe var minimal. Det var fredag, vi ville gjerne ut av Oslo f\u00f8r rushet mot S\u00f8rlandet sette inn. Fleire store kyrkjer kunne vore verd eit bes\u00f8k, mellom anna Str\u00f8m kyrkje i S\u00f8r-Odal http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Str%C3%B8m_kirke og Nes kirke og kirkeruiner kunne jo og vere verd eit bes\u00f8k. http:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Nes_kirke_(Akershus) Det ligg der Glomma og Vorma m\u00f8test, ikkje unaturleg \u00e5 kalle den staden for eit nes. Men snart kryssa vi Vorma, kom inn p\u00e5 ein bomveg &#8211; i Sverige har dei ikkje slikt &#8211; og s\u00e5 var det full fart p\u00e5 E-&#038;. No var vi p\u00e5 kjente trakter, s\u00e5 d\u00e5 det var avkj\u00f8ring til Nittedal, svinga vi automatisk av fr\u00e5 E-6. Etter stopp og proviantering av drikke og aviser bar det s\u00e5 vidare.<\/p>\n<p>Ut av Oslo vart det tett med trafikk nedover mot Drammen, men vi kryssa bruene der med godt mot og sikta oss inn p\u00e5 dei mange tunnellane i Vestfold. Fire felts motorveg er ikkje \u00e5 forakte. Bare s\u00e5 synd at den stoppar s\u00e5 fort, og der ein skal flette to felt saman til eitt, der g\u00e5r det i sneglefart. S\u00e5 opnar det seg litt att f\u00f8r ei atter m\u00e5 flette, og d\u00e5 trong eg formaninga fr\u00e5 Reidun.<\/p>\n<p>Vi har mange gonger stoppa p\u00e5 Lasses like s\u00f8r for Grenlandsbrua, men denne dagen var det sv\u00e6rt fullt der, s\u00e5 vi tok Telemarksvingen i staden, der hadde vi ikkje vore f\u00f8r. Kan nok vere vi stoppar der seinare og, roleg og fint for ein rast.<\/p>\n<p>Etter kvart var det bare \u00e5 kome heim som stod i hovudet p\u00e5 oss, vi hadde heilt gl\u00f8ymt at \u00c5nund K. var i Krager\u00f8 og godt kunne f\u00e5tt eit bes\u00f8k. I staden s\u00e5g vi fram til \u00e5 treffe Margunn og Stein p\u00e5 Harebakken, dei kom fr\u00e5 Kristiansand og hadde akkurat starta ferien, fyrste veka skulle dei ha p\u00e5 Sand\u00f8ya. Det vart eit hyggeleg m\u00f8te, dei har lese p\u00e5 bloggen og var godt oppdaterte p\u00e5 kva som hadde hendt p\u00e5 turen, s\u00e5 det var meir spesielle sp\u00f8rsm\u00e5l dei hadde. Eg fekk meg til og med 15 minutt, plent som plakatane langs vegen seier eg b\u00f8r f\u00e5 meg n\u00e5r eg vert tr\u00f8ytt, og s\u00e5 bar det s\u00f8rover att.<\/p>\n<p>Vi undra oss p\u00e5 om den nye vegen var ferdig, men der og m\u00e5 ein sm\u00f8rje seg med tolmod, den skal opne i august, og d\u00e5 vert det vel slik. Men bompengar vil dei jo ha&#8230;<\/p>\n<p>Denne fredagen regna det i Kristiansand, som truleg m\u00e5 h\u00f8yre med til dei indre bygder, for fr\u00e5 S\u00f8gne og s\u00f8rover var det solskin som helsa oss velkomen heim, b\u00e5de i veret og i ansikta til dei vi m\u00f8tte heime. Takk til dykk som har fylgt oss p\u00e5 turen og gjeve tilbakemelding og oppmuntring til \u00e5 skrive og alle dykk andre. Det er triveleg \u00e5 sj\u00e5 at nokon les det ein skriv. God sommar til alle dykk som skal p\u00e5 tur i nord og s\u00f8r. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>-Du m\u00e5 vere tolmodig, sa Reidun til meg d\u00e5 vi fredag, siste dagen av turen v\u00e5r, kom over norskegrensa p\u00e5 Finnskogen. Vi l\u00e5g bak fire campingbilar og det var ikkje lenger veg ein kunne kome forbi p\u00e5. -Jad\u00e5, sa eg, utan \u00e5 meine det eller \u00e5 klare det. \u00c5 k\u00f8yre i 60 er ikkje ferie, &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/tolmod-6500896\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Tolmod<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[27],"class_list":["post-6500896","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-ferie09"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6500896"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6500896"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6500896\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6500896"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6500896"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6500896"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}