{"id":6449622,"date":"2009-07-04T22:47:33","date_gmt":"2009-07-04T22:47:33","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/07\/det-store-norske-spelet-6449622\/"},"modified":"2009-07-04T22:47:33","modified_gmt":"2009-07-04T22:47:33","slug":"det-store-norske-spelet-6449622","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-store-norske-spelet-6449622\/","title":{"rendered":"Det store norske spelet"},"content":{"rendered":"<p>Store norske spillet er et spill basert p\u00e5 Store Norske Leksikon. Her i Hadsel bur me hos vener som er glade i slike kunnskapsspel, og kveldane g\u00e5r fort n\u00e5r ein held p\u00e5 med slikt. Eg er med, sj\u00f8lv om eg hadde likt betre om det var basert p\u00e5 wikipedia. Det er slikt som gjer at wikipedia-teksten m\u00e5 vere open for \u00e5 brukast om att, ogs\u00e5 i kommersiell samanheng.<\/p>\n<p>I dag kom eit sp\u00f8rsm\u00e5l som eg svarte feil p\u00e5: Kor ligg Nordlyshallen. Og svaret var Hamar, noko eg fekk bekrefta p\u00e5 wikipedia og. Men framleis ville eg knapt tru det, for d\u00e5 vi var i Alta, er b\u00e5de eg og kona sikre p\u00e5 at vi s\u00e5g Nordlyshallen der. Dei profilerer seg som Nordlysbyen, dei skal byggje ny kyrkje og kallar den Nordlyskatedralen. Hamar, som knapt har nordlys anna enn i ein OL-logo fr\u00e5 1994, er noko feil stad for ein slik hall.<\/p>\n<p>Det er interessant \u00e5 ferdast p\u00e5 gamle vegar. At bilvegane er utbetra mange stader, er no s\u00e5 si sak. Langs vegane st\u00e5r det alt for mange teigar som ikkje lenger blir stelte, dei gror til med hundekjeks og andre vekster, og snart tek tre og buskar over dyrka jord att. Vi ser det godt mange stader her i Vester\u00e5len, sj\u00f8lv om dei no er i gang med sl\u00e5tten, og mange teigar etter kvart har spor av sl\u00e5maskin. Til og med like ved Landbruksskolen p\u00e5 Kleiva kunne ein sj\u00e5 slik utvikling.<\/p>\n<p>I dag tok vi den turen som vi gjerne tok turistar med p\u00e5 d\u00e5 vi budde her: K\u00f8yre rundt Hadsel\u00f8ya. Det er 42 km, maratondistansen, og d\u00e5 vi budde her, var vi medarrang\u00f8rar av turmarsjen Hadsel\u00f8ya Rundt. Den er no ein del av Hadsel Maraton, eit \u00e5rleg maratonl\u00f8p rundt \u00f8ya. Vi tok turen og opplevde at mange hadde fiksa p\u00e5 v\u00e5ningshus og l\u00e5ve, det var malt og stelt ganske mykje mange stader. I Vatndalen hadde dei til og med f\u00e5tt fiskeplass for funksjonshemma i Dalvatnet, der det av og til g\u00e5r opp laks fr\u00e5 sj\u00f8en.<\/p>\n<p>Det store norske spelet som denne reisa v\u00e5r er blitt, syner etter kvart at om ein skal kome seg heim att, m\u00e5 turen g\u00e5 med bil. Vi hadde ikkje f\u00e5tt hurtigrutebillett d\u00e5 vi drog, det er litt vanskeleg \u00e5 bestille n\u00e5r ein ikkje kan seie sikkert kva dag ein vil reise. N\u00e5r vi her oppe har s\u00f8kt p\u00e5 nettet for \u00e5 finne dei tilboda som annonsane for Hurtigruta lovar, f\u00e5r vi vite at anten er turane utselde eller s\u00e5 manglar det lugar eller er ur\u00e5d \u00e5 ta med bil. S\u00e5 vi planlegg no \u00e5 dra vidare s\u00f8rover i bil. Det skal bli interessant \u00e5 sj\u00e5 vegane i Nordland etter s\u00e5 mange \u00e5r. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Store norske spillet er et spill basert p\u00e5 Store Norske Leksikon. Her i Hadsel bur me hos vener som er glade i slike kunnskapsspel, og kveldane g\u00e5r fort n\u00e5r ein held p\u00e5 med slikt. Eg er med, sj\u00f8lv om eg hadde likt betre om det var basert p\u00e5 wikipedia. Det er slikt som gjer at &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/det-store-norske-spelet-6449622\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Det store norske spelet<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[27],"class_list":["post-6449622","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-ferie09"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6449622"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6449622"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6449622\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6449622"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6449622"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6449622"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}