{"id":6444981,"date":"2009-07-03T22:11:19","date_gmt":"2009-07-03T22:11:19","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/07\/mot-hadsel-6444981\/"},"modified":"2009-07-03T22:11:19","modified_gmt":"2009-07-03T22:11:19","slug":"mot-hadsel-6444981","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mot-hadsel-6444981\/","title":{"rendered":"Mot Hadsel"},"content":{"rendered":"<p>S\u00e5 kom vi til Hadsel. Vi reiste fr\u00e5 Alta onsdag og kunne nyte ein flott Finnmarks-natur utover onsdagen. \u00c5 k\u00f8yre over Kv\u00e6nangsfjellet i str\u00e5lande sol med blank fjord langt der nede er ei oppleving som kan ta pusten fr\u00e5 nokon kvar. \u00c5 k\u00f8yre her i kolonne om vinteren er ei anna sak, den turen tek vel og pusten fr\u00e5 folk, men det er p\u00e5 eit anna niv\u00e5.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 vi kom nedover mot Oteren, kom regnet, s\u00e5 siste del av etappen den dagen gjekk i regn. Etter kvart vart det meste av skiten vaska av frontruta. Mygg og fugleskit m\u00e5tte gje tapt for vannmengdene og litt spyleveske fr\u00e5 vinteren.<\/p>\n<p>P\u00e5 turen kunne vi glede oss over lange strekningar som var fornya sidan sist vi var her, mange stader var fartsgrensa 90, s\u00e5 kilometer etter kilometer rann av garde. D\u00e5 vi kom til M\u00e5lselv, var vegen lagt om, s\u00e5 plutseleg var vi forbi alle hotella der og p\u00e5 veg til Bardu. Der landa vi p\u00e5 Bardu Hotell og kunne gremme oss over at Start tapte fotballkampen mot Lillestr\u00f8m f\u00f8r vi la oss.<\/p>\n<p>Torsdag var vi tidleg i veg og vart liggjande i ein lang bilk\u00f8 heilt til Bjerkvik, der vi svingte vestover. Plutseleg s\u00e5g vi att Bjerkvik Hotell, der vi budde ein gong vi mista klutchen p\u00e5 veg fr\u00e5 Troms\u00f8 til Vester\u00e5len. Vi las i NAF-boka om Elveg\u00e5rdsmoen, den gamle ekserserplassen her. Eg har hatt fleire \u00f8vingar med HV her medan eg budde i nord, men vi stoppa bare for \u00e5 fylle bensin.<\/p>\n<p>No var vi jo p\u00e5 trakter vi hadde k\u00f8yrt sv\u00e6rt mange gonger dei \u00e5ra vi budde her, ogs\u00e5 her i Ofoten kunne vi gle oss over mykje ny veg, s\u00e5 kilometrane gjekk unna, og snart kryssa vi Tjeldsundet og snudde s\u00f8rover mot L\u00f8dingen.<\/p>\n<p>-Skal vi bare k\u00f8yre Lofast med det same? spurde eg, -vi kan jo ta ferje fr\u00e5 Fiskeb\u00f8l til Melbu og kome til Hadsel den vegen.<\/p>\n<p>Men Reidun meinte vi fekk reise som vi hadde planlagt, og dermed gjekk turen utetter langs Gullesfjorden til Langvassbukt, vidare over mot Sigerfjord, vegen der var lagt i tunnel, s\u00e5 plutseleg dukka Sortlandssundet opp framfor oss. I det fjerne kunne vi sj\u00e5 den bl\u00e5 byen spegle seg i solglansen, regnet hadde gitt seg medan vi sov i Bardufoss, og i det fjerne s\u00e5g vi Storheia med antennen p\u00e5, plent som i gamle dagar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 kom vi til Hadsel. Vi reiste fr\u00e5 Alta onsdag og kunne nyte ein flott Finnmarks-natur utover onsdagen. \u00c5 k\u00f8yre over Kv\u00e6nangsfjellet i str\u00e5lande sol med blank fjord langt der nede er ei oppleving som kan ta pusten fr\u00e5 nokon kvar. \u00c5 k\u00f8yre her i kolonne om vinteren er ei anna sak, den turen tek &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/mot-hadsel-6444981\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Mot Hadsel<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[27],"class_list":["post-6444981","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-ferie09"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6444981"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6444981"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6444981\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6444981"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6444981"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6444981"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}