{"id":6433682,"date":"2009-07-01T21:01:47","date_gmt":"2009-07-01T21:01:47","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/07\/utan-internett-6433682\/"},"modified":"2009-07-01T21:01:47","modified_gmt":"2009-07-01T21:01:47","slug":"utan-internett-6433682","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/utan-internett-6433682\/","title":{"rendered":"Utan internett"},"content":{"rendered":"<p>Ferie er \u00e5 vere utan Internett, og fr\u00e5 laurdag til i dag har eg vore utan slik luksus. Eg har heller ikkje sett himmel og jord i r\u00f8rsle for \u00e5 skaffe tilgang til Internett, s\u00e5 det som eg skreiv p\u00e5 laurdagskvelden, kunne eg ikkje realisere. Men i dag drog vi fr\u00e5 Tverrelvdal i Alta og sette kursen mot Vester\u00e5len, og i kveld fekk eg tilgang til Internet att. Dermed kjem ein rapport med oppdatering.<\/p>\n<p>Vi overnatta p\u00e5 ein gong p\u00e5 turen fr\u00e5 B\u00e5lsta til Alta, og kunne nyte gode vegar nordover i Sverige. Vi svinga s\u00e5 vidt innom L\u00f6v\u00e5nger, der vi ferierte i 1984, d\u00e5 Sigmund var sv\u00e6rt ung. Staden s\u00e5g ut om lag som d\u00e5, kanskje det bare var litt ny maling. Men fleire av butikkane var nedlagde, mellom anna bakeriet som leverte kaka til bursdagen hans den gongen.<\/p>\n<p>Opp gjennom Sverige opplevde vi b\u00e5de reinsdyr i vegen og elg n\u00e6r vegen. Det gjorde vi i dag og, men i p\u00e5 Alteidet var reinsdyra i vegkanten og elgen ute p\u00e5 ei myr. Dagens dyr hadde det kaldare enn dyra i Sverige, i dag er det bare 10-12 grader, der var det minst dobbelt s\u00e5 mykje. Reidun gjekk inn p\u00e5 ICA i Pajala og handla litt, men vi kom heilt til Munio i Finland f\u00f8r vi fekk oss mat p\u00e5 turen, ein hyggeleg lunsjbuffet p\u00e5 ein Shell-stasjon. Der m\u00f8tte eg ein kar fr\u00e5 Hammerfest som skulle k\u00f8yre Harley i eit \u00e5r, og akkurat hadde starta p\u00e5 turen. Eg \u00f8nskte han god tur og lukke til med \u00f8konomien undervegs.<\/p>\n<p>I Kautokeino stoppa vi s\u00e5 vidt for \u00e5 ta eit par bilete til Wikipedia, men myggen gjorde at det ikkje var s\u00e5 triveleg &#8211; eit tilsvarande kyrkjebilete vart det i Maze, men bortsett fr\u00e5 det gjekk det rake vegen til til Tverrelvdalen, og mellom halv \u00e5tte og \u00e5tte om kvelden var vi framme.<\/p>\n<p>To lange dagsetappar hadde d\u00e5 f\u00f8rt oss heilt fr\u00e5 B\u00e5lsta til Alta, og no kunne vi igjen ta livet med ro nokre dagar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ferie er \u00e5 vere utan Internett, og fr\u00e5 laurdag til i dag har eg vore utan slik luksus. Eg har heller ikkje sett himmel og jord i r\u00f8rsle for \u00e5 skaffe tilgang til Internett, s\u00e5 det som eg skreiv p\u00e5 laurdagskvelden, kunne eg ikkje realisere. Men i dag drog vi fr\u00e5 Tverrelvdal i Alta og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/utan-internett-6433682\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Utan internett<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[27],"class_list":["post-6433682","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-ferie09"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6433682"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6433682"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6433682\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6433682"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6433682"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6433682"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}