{"id":6383014,"date":"2009-06-24T20:17:04","date_gmt":"2009-06-24T20:17:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/06\/bla-og-gul-6383014\/"},"modified":"2009-06-24T20:17:04","modified_gmt":"2009-06-24T20:17:04","slug":"bla-og-gul-6383014","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bla-og-gul-6383014\/","title":{"rendered":"Bl\u00e5 og gul"},"content":{"rendered":"<p>Eg skreiv i g\u00e5r at eg i dag skulle skrive om fargar. Bakgrunnen var at Tante Brun og Tante Bl\u00e5 har kafear i Sigtuna. Elsa Beskow skreiv b\u00f8ker der ho var inspirert av tantene sine som budde i Storgata. Reidun tok seg ein tur for \u00e5 sj\u00e5 seg litt rundt der, men ho fann ikkje desse tantene, s\u00e5 det er nok like greitt \u00e5 rote litt i bokhylla heime, for ho hugsa historiene fr\u00e5 b\u00f8ker ho las for borna v\u00e5re.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv vart eg sitjande hagen utanfor Strand kafe og studere siste nummer av NU, som vel er noko liknande Se og H\u00f8r heime. Du veit, slike blad ein les p\u00e5 legekontoret, men som ingen kj\u00f8per sj\u00f8lv, i alle fall ingen eg kjenner, men som alle har les og har ei meining om. Dette NU var kanskje eit nummer kraftigare enn v\u00e5re norske, i alle fall var det eit vakkert bilete av ei h\u00f8ggravid Rebecca Loos heilt naken. Veit du ikkje kven ho er. Det hadde eg og gl\u00f8ymt, men det var visstnok ei som hadde hatt litt for n\u00e6rt tilh\u00f8ve til David Beckham for nokre \u00e5r sidan. Deretter hadde ho vore kjendis, men s\u00e5 fann ho seg ein norsk lege, og no bur dei i Hemsedal, men skulle visst flytte til Oslo innan terminen. Det var mykje anna sladder \u00e5 fordjupe seg i, s\u00e5 tida gjekk ganske fort medan Reidun var ute og ikkje fann tantene. Snart var ho tilbake, og turen heimover har eg alt fortalt om i g\u00e5r.<\/p>\n<p>I dag gjekk turen til Uppsala, som eigentleg var m\u00e5let for reisa v\u00e5r. Eg ville sj\u00e5 katedralen der, domkyrkja i Uppsala er vel verd \u00e5 bes\u00f8ke n\u00e5r ein er turist. Eg skreiv inn namnet mitt i gjesteboka, men s\u00e5g ikkje andre norske namn ved eit flyktig gjennomsyn. Det er truleg litt tidleg i sesongen, men det var mykje folk. Til og med ein russisk buss svinga opp p\u00e5 Nathan S\u00f6derbloms plass.<\/p>\n<p>Vel inne i v\u00e5penhuset angra eg p\u00e5 at vi ikkje hadde reist litt tidlegare, for det var messingmusikk. Linn\u1ebd-kvintetten spelta s\u00e5 det gjalla mellom veggene, og dei hadde tidlegare spelt i t\u00e5rnet. Det synte seg at det var eit konsertprogram dei kalla t\u00e5rnmusikk som gjekk kvar veke fr\u00e5 tysdag til laurdag, det hadde dei gjort i mange \u00e5r. I dag stod Edward Elgar: Chanson de Matin p\u00e5 programmet, deretter Victor Ewalds Quintet no. 3, og det var den vi fekk med oss. Noko s\u00e5 nydeleg! Mange andre meinte sikkert det same, for applausen fr\u00e5 300 menneske var lang og hjarteleg. Det var s\u00e5 ein kunne ha lyst til \u00e5 dra dit i morgon og, d\u00e5 skulle dei spele H\u00e4ndel, Purcell, Boyce og Pachelbels Kanon arrangert av J. Littleford. Her kan du lese om gruppa: http:\/\/www2.unt.se\/pages\/1,1826,MC=5-AV_ID=925143,00.html?from=puff<\/p>\n<p>Dei har spelt inn plate, s\u00e5 eg fekk med eit lydminne til Valle Radio. Eg fekk og h\u00f8yre orgelspel, for midt mellom alle turistane etter konserte hadde ein av organistane der time med ei ung jente som spelte Tr\u00e4umerei p\u00e5 det nye Ruffati-orgelet fr\u00e5 2008. Det var som \u00e5 sitje p\u00e5 masterclass, mykje publikum stoppa og s\u00e5g p\u00e5 og tok bilete av l\u00e6rar, elev og orgel.<\/p>\n<p>Eg fekk alts\u00e5 med meg mykje denne dagen. I butikken i v\u00e5penhuset hadde dei fleire plater, s\u00e5 det kjem nok litt i Valle Radio til hausten.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg skreiv i g\u00e5r at eg i dag skulle skrive om fargar. Bakgrunnen var at Tante Brun og Tante Bl\u00e5 har kafear i Sigtuna. Elsa Beskow skreiv b\u00f8ker der ho var inspirert av tantene sine som budde i Storgata. Reidun tok seg ein tur for \u00e5 sj\u00e5 seg litt rundt der, men ho fann ikkje &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bla-og-gul-6383014\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bl\u00e5 og gul<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[27],"class_list":["post-6383014","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-ferie09"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6383014"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6383014"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6383014\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6383014"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6383014"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6383014"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}