{"id":6374094,"date":"2009-06-23T21:51:49","date_gmt":"2009-06-23T21:51:49","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/06\/bandittar-6374094\/"},"modified":"2009-06-23T21:51:49","modified_gmt":"2009-06-23T21:51:49","slug":"bandittar-6374094","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bandittar-6374094\/","title":{"rendered":"Bandittar"},"content":{"rendered":"<p>-De var da noen rigtige banditter, sa ein dansk turist til meg i dag. Vi hadde begge vore p\u00e5 slottstur, i Sigtuna kan ein bes\u00f8ke fire slott p\u00e5 nokre timar. Vi har pr\u00f8vd oss p\u00e5 to slott til no, Skokloster og Steninge, Begge har vore stengde p\u00e5 vekedagar, dei ventar ikkje turistar f\u00f8r i fellesferietida fr\u00e5 4. juli. Men vi snakka alts\u00e5 om slott og om folka som bygde dei. Vi var enige om at dei trong mange husmenn for \u00e5 drive eigedomane, og eg las om ein som grunnla rikdomen sin ved felttog i Polen der han f\u00f8rde heim krigsbytte fr\u00e5. Slik samla dei rikdom nok til \u00e5 bygge og vedlikehalde dei eigedoman vi i dag reiser lange vegar for \u00e5 sj\u00e5.<\/p>\n<p>Han meinte nok helst at kyrkjene ogs\u00e5 skaffa seg rikdom p\u00e5 same m\u00e5te, sj\u00f8lv om eg nok trudde at kyrkjene meir var baserte p\u00e5 donasjonar enn p\u00e5 krigsbytte, sj\u00f8lv om donasjonane kanskje kunne vere krigsbytte. Eg har lese Ken Folletts b\u00f8ker om katedralbygging i England, og der g\u00e5r det nok fram at ikkje mykje menneskeleg er framand for dei som gjennom generasjonar arbeidde p\u00e5 dei store byggverka. Den som er komen litt opp i \u00e5ra vil nok skj\u00f8ne det intuitivt.<\/p>\n<p>Men om sj\u00f8lve slottet var stengt, var barokkparken open, s\u00e5 i tropevarmen var det godt \u00e5 finne skugge under store tre. I steinl\u00e5vebygningen bak slottet var det kafe, der var det mange som tok lunsjen sin, og medan vi var der kom det fleire bussar som hadde bestilt mat der. Inne var det glasbl\u00e5sing og sal av souvenirar i fyrste etasje, der tok Reidun ein tur, medan eg gjekk p\u00e5 loftet for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 kunsten til Yrj\u00f6 Edelmann, den svenske kunstnaren som er blitt kjent for sine maleri av pakkar, mellom anna av vodkaflaska Absolut, av ein innpakka racerbil og mange andre slike livaktige bakkar, nokre m\u00e5 ein mest g\u00e5 bort \u00e5 ta p\u00e5 for \u00e5 finne ut at dei ikkje er tredimensjonale. Du kan lese meir om Edelmann p\u00e5 svensk wikipedia: http:\/\/sv.wikipedia.org\/wiki\/Yrj%C3%B6_Edelmann  Eg burde vel skrive ein artikkel p\u00e5 norsk ogs\u00e5, han er kjent nok til det. F\u00f8dd i 1941 og starta som illustrat\u00f8r, mellom anna var det eit bokomslag til ei James Bondbok der.<\/p>\n<p>Og utanfor stod det ei krukke av Kjell Nupen, s\u00e5 d\u00e5 var linjene heimover oppretta.<\/p>\n<p>Etterp\u00e5 gjekk turen til Sigtuna, der k\u00f8yrde vi litt rundt og kom forbi folkeh\u00f8gskolen og andre kjende institusjonar, Men vi ville ha oss noko mat og hamna heilt nede ved hamna, der var det ein strandkafe som hadde nydelege rekesm\u00f8rbr\u00f8d og nydelege blomebilete til salgs. Og meir n\u00e5dde vi ikkje f\u00f8r trongen til \u00e5 ta middagskvil heldt p\u00e5 \u00e5 overmanne oss. Snart var vi heime att, godt \u00e5 kome inn i ein sval bygning og slenge seg nedp\u00e5, slumre litt f\u00f8r middag og Allsang p\u00e5 Skansen p\u00e5 TV. Men det var eit kjedeleg program, det var meir futt i fotballkampen mellom Sverige og Serbia. Serbia fekk to spelarar utvist, og det var sju gule kort, alts\u00e5 rimeleg dramatisk. S\u00f6ta bror vann, truleg var farbror b\u00e5de bl\u00e5 og gul etter kampen.<\/p>\n<p>Dette med fargar f\u00e5r eg kome attende til i morgon.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>-De var da noen rigtige banditter, sa ein dansk turist til meg i dag. Vi hadde begge vore p\u00e5 slottstur, i Sigtuna kan ein bes\u00f8ke fire slott p\u00e5 nokre timar. Vi har pr\u00f8vd oss p\u00e5 to slott til no, Skokloster og Steninge, Begge har vore stengde p\u00e5 vekedagar, dei ventar ikkje turistar f\u00f8r i fellesferietida &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/bandittar-6374094\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Bandittar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[27],"class_list":["post-6374094","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-ferie09"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6374094"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6374094"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6374094\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6374094"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6374094"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6374094"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}