{"id":6365799,"date":"2009-06-22T20:25:42","date_gmt":"2009-06-22T20:25:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/06\/steikt-sei-og-schnitzel-6365799\/"},"modified":"2009-06-22T20:25:42","modified_gmt":"2009-06-22T20:25:42","slug":"steikt-sei-og-schnitzel-6365799","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/steikt-sei-og-schnitzel-6365799\/","title":{"rendered":"Steikt sei og schnitzel"},"content":{"rendered":"<p>N\u00e5r ein er p\u00e5 reise, er det alltid interessant \u00e5 oppleve matkulturen der ein ferdast. Noko som for meg ser ut som syregras og ugras har vore fast tilbeh\u00f8r som salat eller pynt p\u00e5 dei to middagane vi har hatt her i Sverige, som har vore velsmakande og fint lagde opp anten det er fisk eller flesk.<\/p>\n<p>Etter ein lang tur fr\u00e5 Morokulien svinga vi i kveldinga inn p\u00e5 B\u00e5lsta g\u00e4stgivareg\u00e5rd i Habo kommune. B\u00e5lsta er administrasjonssentrum i denne kommunen fem mil vest for Stockholm og like langt s\u00f8r for Uppsala. Arlanda ligg tre mil nordaust for oss, og vi ser fly over oss rett som det er.<\/p>\n<p>Vi fann denne staden p\u00e5 DTF travel sine sider p\u00e5 Internett. Dette er f\u00f8rste veka dei tek mot turistar som oss i sommar, og vi har vald \u00e5 stoppe her nokre dagar for \u00e5 oppleve litt ferie og ro i starten av turen. Vi tenkte at det var h\u00f8veleg anten vi skulle til Uppsala eller Stockholm, men det ser ut til at vi droppar Stockholm, det er nok \u00e5 f\u00e5 med seg andre stader.<\/p>\n<p>I dag var vi til Skoklosters kyrka, ei gammal klosterkyrkje. Nonnene forsvann ved reformasjonen, bygningane er vel og for det meste borte. Men ei gedigen kyrkje st\u00e5r att og minner om farne tider. Like ved kyrkja er Skokloster slott, ikkje mindre gedigent, men det var ikkje ope p\u00e5 m\u00e5ndagar, s\u00e5 kyrkja fekk vere hovudattraksjonen. Det kunne den godt vere, mausoleet i kapellet p\u00e5 s\u00f8rsida av koret viste ein sarkofag over feltmarskalk Herman Wrangel (1584 &#8211; 1647). Det var han som bygde opp att kyrkja etter forfallet som kom d\u00e5 nonnene reiste. Han gjorde vellukka krigstokt i Polen og tente s\u00e5 mykje at han og kunne bygge slottet, som i brosjyra omtalast som eit av Europas fremste barokkslott.<\/p>\n<p>Ein kunne studert kyrkja i dagevis, eg brukte ein time. Men eg fann ei cd-plate med orgelmusikk, ikkje av orgelet fr\u00e5 1804 som st\u00e5r p\u00e5 galleriet, det var ikkje spelbart, men av feltorgelet til Herman Wrangels son Carl Gustav fr\u00e5 1667. Det er bygd av Jochim Richborn i Hamburg og levert til Wrangels hovedkvarter i Stade ved Bremen. I 1674 kom det til Skokloster, der gjorde det teneste til 1802, d\u00e5 det nye orgelet vart bygd. S\u00e5 vart det flytta til andre kyrkjer i H\u00e5bo f\u00f8r det i 1931 vart lagra i kyrkja det h\u00f8yrde til. Vel 30 \u00e5r seinare, i 1963 restaurerte den danske orgelbyggjaren Mads Kjersgaard orgelet. I 1972 spelte han inn plate, den kjem du nok til \u00e5 f\u00e5 h\u00f8yre fr\u00e5 i Valle Radio til hausten.<\/p>\n<p>Etter kyrkjebes\u00f8ket tok vi turen innom kyrkjekafeen og fekk oss kaffe og kake. Dei driv vegkyrkje om sommaren i Skoklosters kyrka og d\u00e5 h\u00f8yrer litt servering med i opplegget, akkurat som vi hadde i Hylestad kyrkje i mange \u00e5r.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>N\u00e5r ein er p\u00e5 reise, er det alltid interessant \u00e5 oppleve matkulturen der ein ferdast. Noko som for meg ser ut som syregras og ugras har vore fast tilbeh\u00f8r som salat eller pynt p\u00e5 dei to middagane vi har hatt her i Sverige, som har vore velsmakande og fint lagde opp anten det er fisk &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/steikt-sei-og-schnitzel-6365799\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Steikt sei og schnitzel<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[27],"class_list":["post-6365799","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse","tag-ferie09"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6365799"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6365799"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6365799\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6365799"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6365799"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6365799"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}