{"id":6312147,"date":"2009-06-15T22:46:02","date_gmt":"2009-06-15T22:46:02","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/06\/refleksjonar-6312147\/"},"modified":"2009-06-15T22:46:02","modified_gmt":"2009-06-15T22:46:02","slug":"refleksjonar-6312147","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/refleksjonar-6312147\/","title":{"rendered":"Refleksjonar"},"content":{"rendered":"<p>I kveldinga tok eg ein k\u00f8yretur rundt Homme. Tanken var \u00e5 sj\u00e5 etter nokr motiv eg kunne ta bilete av til setesdalswiki, men det skuma etter kvart, s\u00e5 eg f\u00e5r sj\u00e5 seinare om det h\u00f8ver.<\/p>\n<p>Ein kunne ikkje unng\u00e5 \u00e5 leggje merke til at det mange stader er jord som ligg brakk. Truleg burde vi g\u00e5tt ut litt meir ope og h\u00f8yrt p\u00e5 vegner av v\u00e5re burmesiske bebuarar om det var nokon som ville l\u00e5ne dei jord til \u00e5 dyrke gr\u00f8nnsaker. Vi spurde oss litt for i v\u00e5r, men fekk ikkje napp, og det er trist, for dei hadde likt \u00e5 ha ein jordflekk \u00e5 dyrke opp, og det burde vere r\u00e5d \u00e5 finne noko. No f\u00e5r vi sj\u00e5 til neste sommar, om ikkje nokon melder seg etter \u00e5 ha lese denne bloggen d\u00e5.<\/p>\n<p>Vel ute p\u00e5 Riksvegen att oppdaga eg at det er kome ny asfalt p\u00e5 strekninga nord for Valle. Det er ikkje s\u00e5 ofte eg k\u00f8yrer der, s\u00e5 det var triveleg \u00e5 oppdage. Sj\u00f8lv om klokka var n\u00e6rare 22, var folk fr\u00e5 NCC ute for \u00e5 m\u00e5le tykkelse p\u00e5 det nye laget med asfalt. Dei ligg ikkje p\u00e5 latsida, dei som har asfaltjobb om sommaren.<\/p>\n<p>I Valle har no bensinstasjonen ope til klokka 22. Erna og Will satsar p\u00e5 god service til oss, ingen tvil om det. Eg fortalde ein nederlandsk turist eg kom i prat med i dag at bensinstasjonen v\u00e5r er driven av nederlendarar. Han ville ta turen bort og prate med dei. Han hadde valet mellom \u00e5 dra til Arendal eller over fjellet til Stavanger. Du kan sikkert gjette kva eg r\u00e5dde han til, det var ikkje arendalsturen, nei. Eg fortalde om Suleskarvegen som har h\u00f8gaste punkt p\u00e5 1052 meter, og der han f\u00e5r oppleve h\u00f8gfjellet f\u00f8r han kjem ned p\u00e5 andre sida og kan stoppe p\u00e5 Kv\u00e6ven og sj\u00e5 panoramafilm p\u00e5 infosenteret der.<\/p>\n<p>Og Joker-butikken har ope til klokka 20. I dag hadde dei norske jordb\u00e6r til 44 kroner, men det s\u00e5g ut til at dei fekk avsetning sj\u00f8lv til den prisen. Avisene seier at nordmenn bl\u00e6s i finanskrisa og ferierer som aldri f\u00f8r. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I kveldinga tok eg ein k\u00f8yretur rundt Homme. Tanken var \u00e5 sj\u00e5 etter nokr motiv eg kunne ta bilete av til setesdalswiki, men det skuma etter kvart, s\u00e5 eg f\u00e5r sj\u00e5 seinare om det h\u00f8ver. Ein kunne ikkje unng\u00e5 \u00e5 leggje merke til at det mange stader er jord som ligg brakk. Truleg burde vi &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/refleksjonar-6312147\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Refleksjonar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6312147","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6312147"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6312147"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6312147\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6312147"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6312147"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6312147"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}