{"id":6292395,"date":"2009-06-12T22:02:42","date_gmt":"2009-06-12T22:02:42","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/06\/betre-veg-6292395\/"},"modified":"2009-06-12T22:02:42","modified_gmt":"2009-06-12T22:02:42","slug":"betre-veg-6292395","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/betre-veg-6292395\/","title":{"rendered":"Betre veg"},"content":{"rendered":"<p>Etter nok ein tur fr\u00e5 Valle til Mandal der eg p\u00e5 strekninga nord for Ose kunne syngje av glede for den gode vegen vi har f\u00e5tt, var det interessant \u00e5 lese i Setesd\u00f8len denne veka om kvifor vi kan glede oss over denne vegen. Bykle kommune har lagt store deler av sine inntekter inn i fondet som vart brukt for \u00e5 f\u00e5 finansiert vegen. Dette gjorde dei fyrst med \u00e5 forskuttere vegen nord for Bykle, og n\u00e5r pengane etter kvart kom inn att, vart dei brukte lenger nede i dalen.<\/p>\n<p>No h\u00f8gg ein ut traseen som resten av vegen fr\u00e5 Tveit til Langeid skal fylgje, og i haust startar dei opp. Det er alts\u00e5 von om \u00e5 f\u00e5 utbetra vegen end\u00e5 meir i l\u00f8pet av eit \u00e5r eller to, og m\u00e5let er \u00e5 f\u00e5 gul stripe fr\u00e5 byen til Bj\u00e5en innan 2018, heiter det i avisa.<\/p>\n<p>P\u00e5 tur nedover i dag stoppa eg hos Niklos p\u00e5 Besteland og fekk ein prat og ein kopp kaffe. Sj\u00f8lv om vi ikkje skal ha program saman p\u00e5 tre m\u00e5nader, s\u00e5 er det alltid hyggeleg \u00e5 snakke saman, og han har alltid noko interessant \u00e5 dele med for den som er interessert i orgelmusikk.<\/p>\n<p>S\u00e5 stoppa eg p\u00e5 Ose for \u00e5 f\u00e5 eit bilete av Annemor Sundb\u00f8. Ho har nett omsett ei engelsk bok om vottar til norsk, den skal kome ut i haust, trur eg. Vi gjekk opp i utstillinga hennar i Storstoga, den er snart ferdig for sommarsesongen og er absolutt verd eit bes\u00f8k. Gensarar i alle variantar prydar veggene. Og Annemor fortalde, som ho har gjort s\u00e5 mange gonger i Valle Radio gjennom \u00e5ra.<\/p>\n<p>Trafikken har auka monaleg no i juni og b\u00e5de norske og tyske turistar set pris p\u00e5 den gode vegen. Eg trur nok dei er litt oppgitte over standarden p\u00e5 Riksveg 9 fleire stader, akkurat som vi faste trafikantar er. Men det er von i hangande sn\u00f8re, og akkurat no kan ein vel nesten seie at det er meir enn von, det er napp. S\u00e5 f\u00e5r vi glede oss til \u00e5 f\u00e5 fisken i b\u00e5ten, det vil seie ny veg med gul midtstripe p\u00e5 dei siste strekningane etter kvart.<\/p>\n<p>P\u00e5 Skomedal hadde eg ei naturoppleving. Plutseleg kom ein brun skugge over vegen litt langt framme. Og like etter kom ein til. Midt p\u00e5 ljose dagen kryssa to r\u00e5dyr vegen framom bilen. Dei gjekk gjennom ein granehekk p\u00e5 vestsida av vegen og borte var dei, inne i ein hage. Eg tenkte at den hekken var s\u00e5 tett at det ikkje var noko som kom gjennom der, men det s\u00e5g ikkje ut til \u00e5 hindre dei noko i det heile tatt. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Etter nok ein tur fr\u00e5 Valle til Mandal der eg p\u00e5 strekninga nord for Ose kunne syngje av glede for den gode vegen vi har f\u00e5tt, var det interessant \u00e5 lese i Setesd\u00f8len denne veka om kvifor vi kan glede oss over denne vegen. Bykle kommune har lagt store deler av sine inntekter inn i &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/betre-veg-6292395\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Betre veg<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6292395","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6292395"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6292395"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6292395\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6292395"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6292395"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6292395"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}