{"id":6194977,"date":"2009-05-28T21:41:15","date_gmt":"2009-05-28T21:41:15","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/05\/pa-konsert-6194977\/"},"modified":"2009-05-28T21:41:15","modified_gmt":"2009-05-28T21:41:15","slug":"pa-konsert-6194977","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-konsert-6194977\/","title":{"rendered":"P\u00e5 konsert"},"content":{"rendered":"<p>I g\u00e5r trossa eg middagskvilstrongen og gjekk p\u00e5 konsert. Eg har det slik at om eg g\u00e5r heim i femtida og tek middagskvil, s\u00e5 vert det som regel for lenge til at eg kan gjere noko fornuftig seinare den kvelden. Men i g\u00e5r gjekk eg innom biblioteket, og s\u00e5 vart eg sitjande og snakke litt med Lisbeth, og dermed strauk lysten p\u00e5 middagskvil p\u00e5 d\u00f8r, s\u00e5 det vart til at eg tok turen til Spelestoga.<\/p>\n<p>Der fekk vi h\u00f8yre mykje flott i tillegg til at vi fekk sprudlande eplecider i glassa, til og med fleire serveringar medan vi sat og h\u00f8yrde p\u00e5 musikken. I to avdelingar spelte \u00d8ystein Kikut p\u00e5 flygelet der s\u00e5 ein vart l\u00f8fta ut over tid og rom. S\u00e5 nydeleg ein kveld.<\/p>\n<p><em>Kari, wait for me<\/em> fr\u00e5 filmen Windjammer var starten. Sidan kom \u00d8ysteins eigen bearbeiding for piano av <em>musikk fr\u00e5 balletten Don Juan<\/em> av Chr. W. Gluck, f\u00f8r han spelte ein <em>Nocturne<\/em> av John Field. D\u00e5 kom lysten til \u00e5 sove att, men litt epledrikk heldt meg vaken, og d\u00e5 han etterp\u00e5 spelte <em>marsj fr\u00e5 operaen Norma <\/em> av V. Bellini, kunen ingen sove.<\/p>\n<p>Deretter fylgde <em>polsk sang<\/em> av Carl Burow, valsen <em>Over B\u00f8lgen<\/em> av Juvenito Rosas og Richard Wagners <em>Sang til Aftenstjernen<\/em> fra Tannh\u00e4user, <em>B\u00f8nn<\/em> fra operaen Jegerbruden av Carl Maria von Weber, valsen <em>Kysset <\/em>av Luigi Arditti og marsjen <em>Unter dem Doppeladler<\/em> av Joseph Frantz Wagner f\u00f8r han avslutta f\u00f8rste avdeling med sitt eige intermezzo <em>Good Night to You<\/em>.<\/p>\n<p>Andre avdeling starta med Franz Liszts bearbeiding av Mendelssohns <em>P\u00e5 sangens vinger<\/em>, det var storarta. S\u00e5 kom hans eigen <em>Good Night Everybody<\/em> og evergreen fr\u00e5 <em>A Star Is Born<\/em> av Barbara Streisand. Grieg kom mot slutten av programmet, med <em>Til v\u00e5ren<\/em> og <em>Imporvisata over 2 norske folketoner<\/em>, opus 29. Til slutt overraska han oss med <em>Black &#038; White Rag<\/em> av George Botsford. D\u00e5 var eg ikkje tr\u00f8ytt lenger, nei, og han fortente den applausen han fekk fr\u00e5 oss 11 som h\u00f8yrde p\u00e5 han. Gratis var det og, Folkeakademiet hadde p\u00e5 spanderbuksene denne kvelden.<\/p>\n<p>P\u00e5 vegne av glade lyttarar takkar eg for ein sjeldan kveld. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I g\u00e5r trossa eg middagskvilstrongen og gjekk p\u00e5 konsert. Eg har det slik at om eg g\u00e5r heim i femtida og tek middagskvil, s\u00e5 vert det som regel for lenge til at eg kan gjere noko fornuftig seinare den kvelden. Men i g\u00e5r gjekk eg innom biblioteket, og s\u00e5 vart eg sitjande og snakke litt &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/pa-konsert-6194977\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">P\u00e5 konsert<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6194977","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6194977"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6194977"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6194977\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6194977"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6194977"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6194977"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}