{"id":6186208,"date":"2009-05-27T14:33:46","date_gmt":"2009-05-27T14:33:46","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/05\/baptistbesk-6186208\/"},"modified":"2009-05-27T14:33:46","modified_gmt":"2009-05-27T14:33:46","slug":"baptistbesk-6186208","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/baptistbesk-6186208\/","title":{"rendered":"Baptistbes\u00f8k"},"content":{"rendered":"<p>Generalsekret\u00e6r Magnar M\u00e6land i Det norske baptistsamfunn bes\u00f8kte Valle i g\u00e5r. Dei to sist ankomne familiane fr\u00e5 Burma er baptistar, og d\u00e5 var det naturleg \u00e5 kome ein tur til Valle, fortalde han i sendinga fr\u00e5 klokka 19:45 til 20:30. Han kom p\u00e5 slaget, for dei hadde hatt husgudsteneste f\u00f8r han gjekk i radioen, og d\u00e5 han hadde vore hj\u00e5 oss, gjekk han opp i Leite att for \u00e5 ha kyrkjekaffe med dei andre.<\/p>\n<p>16 av dei knapt 100 kyrkjelydane til baptistane i Noreg feirar gudsteneste p\u00e5 eit anna spr\u00e5k enn norsk, s\u00e5 ting har endra seg ganske mykje. Ei stund var baptistane eit kyrkjesamfunn med lite vekst i Noreg, ein kykjelyd lurte p\u00e5 \u00e5 leggje ned f\u00f8r den b\u00f8lgja med innvandrarar med baptistisk bakgrunn kom. Det er om lag 2000 burmesarar i Noreg no, dei aller fleste av desse er baptistar. Det er to folkegrupper, chin og karen, i Valle bur det karenarar.<\/p>\n<p>Magnar M\u00e6land er fr\u00e5 \u00c5lg\u00e5rd, s\u00e5 vi har om lag same dialekten. Han har vore generalsekret\u00e6r ein periode p\u00e5 seks \u00e5r, men sluttar til sommaren. Vi var i grunnen enige om at Oslo ligg noko usentralt til. Han har hatt ei ordning der han har vore p\u00e5 reisefot ei veke, med bes\u00f8k i kyrkjelydar landet rundt, og med arbeid p\u00e5 hovudkontoret, og s\u00e5 ei veke heime. Men fr\u00e5 august startar han som pastor i Stavanger baptistmenighet.<\/p>\n<p>Han fortalde levande fr\u00e5 eigen tur til Burma i desember, der han fekk treffe baptistar, men og fr\u00e5 bes\u00f8k i Thailand i flyktningleirar nord i landet p\u00e5 grensa mellom Burma og Thailand. Det bur mellom 40.000 og 60.000 personar i den st\u00f8rste, Mae La, som nokre av v\u00e5re flykningar budde i. Han fortalde om korleis Thailand godtek leirane s\u00e5 lenge det internasjonale samfunnet skaffar det som trengs for \u00e5 drive dei og sa at ein s\u00e5g b\u00e5de Kirkens N\u00f8dhjelp og Leger uten grenser sitt hjelpearbeid der. Baptistane har mange kyrkjer i desse leirane, flyktningane organiserer det sj\u00f8lv, ein leir har ein bibelskule med 200 elevar. Vi snakka litt om korleis nordmenn som drog til USA og bygde kyrkjer og feira gudsteneste p\u00e5 norsk, om kor viktig hjartespr\u00e5ket er i kyrkja og om korleis nordmenn i Spania no for tida fyller den norske sj\u00f8mannskyrkja og ikkje dei spanske katedralane, sj\u00f8lv om dei bur lenge p\u00e5 ein stad.<\/p>\n<p>Med p\u00e5 turen var presidenten i European Baptist Federation, Toma Magda fr\u00e5 Kroatia og to burmesiske tolkar, Peter og Maria. Magnar M\u00e6land fortalde at dei var p\u00e5 ei rundreise for \u00e5 bes\u00f8ke baptistar. Den starta i Bergen og gjekk s\u00f8rover langs kysten f\u00f8r dei kom til Setesdal, deretter gjekk turen austover f\u00f8r Toma Magda skulle returnere. Her er ei lenke som presenterer Magnar M\u00e6land: http:\/\/www.baptist.no\/sommerfest\/sf_2003\/pres_maland.htm <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Generalsekret\u00e6r Magnar M\u00e6land i Det norske baptistsamfunn bes\u00f8kte Valle i g\u00e5r. Dei to sist ankomne familiane fr\u00e5 Burma er baptistar, og d\u00e5 var det naturleg \u00e5 kome ein tur til Valle, fortalde han i sendinga fr\u00e5 klokka 19:45 til 20:30. Han kom p\u00e5 slaget, for dei hadde hatt husgudsteneste f\u00f8r han gjekk i radioen, og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/baptistbesk-6186208\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Baptistbes\u00f8k<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6186208","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6186208"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6186208"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6186208\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6186208"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6186208"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6186208"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}