{"id":6165391,"date":"2009-05-23T21:39:54","date_gmt":"2009-05-23T21:39:54","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/05\/hans-kohler-6165391\/"},"modified":"2009-05-23T21:39:54","modified_gmt":"2009-05-23T21:39:54","slug":"hans-kohler-6165391","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hans-kohler-6165391\/","title":{"rendered":"Hans Kohler"},"content":{"rendered":"<p>Takka vere eit intervju i Jol i Setesdal 2007 har det n\u00e5 blitt ein artikkel om Hans Kohler i setesdalswiki. Basert p\u00e5 Gunnar Hillestad sitt interessante intervju med han, henta eg ut ein del faktaopplysningar som kan h\u00f8ve i eit leksikon. Med dette er setesdalswiki i gang med \u00e5 skrive artiklar mot 200, dette var artikkel nr. 105. I utgangspunktet vonar eg \u00e5 klare 100 artiklar i m\u00e5naden f\u00f8rste \u00e5ret. Enno er det ikkje g\u00e5tt ein m\u00e5nad sidan oppstarten.<\/p>\n<p><strong>Eg siterer fr\u00e5 artikkelen der:<\/strong><\/p>\n<p>Hans Kohler vaks opp i ein familie der faren var bonde og mora heimeverande. Han tok l\u00e6rarutdanning i Esslingen a.N. fr\u00e5 1935 til 1938, og mot slutten av studietida m\u00f8tte han Heide. P\u00e5 slutten av sin l\u00e6rarpraksis var han allmennl\u00e6rar og l\u00e6rar i jordbruk og landskapsl\u00e6re for h\u00f8gare klasse i folkeskulen og i ungdomsskulen. D\u00e5 teikna han saman med elevane. I 1939 vart han kalla inn til krigsteneste. Som tysk soldat var han med i angrepet p\u00e5 Russland, operasjon Barbarossa, 21. juni 1941. Erfaringane hans gjorde at han seinare vart ein svoren pasifist. 25. mai 1945 vart han teken til fange av russarane og var i fangeskap i fire \u00e5r. I fangeskapet vart teikning ein overlevingsteknikk, han teikna p\u00e5 alt han kunne finne, men fangevaktarane \u00f8ydela det s\u00e5 fort dei fann det.<\/p>\n<p>I 1951 kunne han endeleg gifte seg med Heide, 13 \u00e5r etter at dei m\u00f8tte kvarandre. Han fekk jobb som teiknel\u00e6rar i h\u00f8gare gymnasklasse. I den tida var kona heimeverande med sm\u00e5 barn. Familien var aktivt engasjerte i \u00abAktion S\u00fchnezeichen\u00bb (forsoningsteikn), der dei gav eit \u00e5r av livet til \u00e5 arbeidet i land som Tyskland hadde okkupert.<\/p>\n<p>Fleire \u00e5r ferierte dei i Noreg, og i 1966 kom dei til Setesdal. D\u00e5 han gjekk av i 1974, kj\u00f8pte familien hus p\u00e5 Rysstad. Her har dei som pensjonistar halde fram med sitt kunstnarlege arbeid.<\/p>\n<p>I 1995 fekk familien Kohler Valle kommune sin kulturpris. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Takka vere eit intervju i Jol i Setesdal 2007 har det n\u00e5 blitt ein artikkel om Hans Kohler i setesdalswiki. Basert p\u00e5 Gunnar Hillestad sitt interessante intervju med han, henta eg ut ein del faktaopplysningar som kan h\u00f8ve i eit leksikon. Med dette er setesdalswiki i gang med \u00e5 skrive artiklar mot 200, dette var &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/hans-kohler-6165391\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Hans Kohler<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6165391","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6165391"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6165391"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6165391\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6165391"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6165391"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6165391"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}