{"id":6159807,"date":"2009-05-22T20:59:17","date_gmt":"2009-05-22T20:59:17","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/05\/blogglause-dagar-6159807\/"},"modified":"2009-05-22T20:59:17","modified_gmt":"2009-05-22T20:59:17","slug":"blogglause-dagar-6159807","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/blogglause-dagar-6159807\/","title":{"rendered":"Blogglause dagar"},"content":{"rendered":"<p>To dagar utan \u00e5 skrive p\u00e5 bloggen. Det er sjeldan. Men onsdag f\u00f8r Kristi Himmelfartsdag drog eg til \u00c5lg\u00e5rd utan PC, og d\u00e5 vert det lite blogging.<\/p>\n<p>Turen over fjellet til Sirdal let meg i undring over kor lite sn\u00f8 det var. Eg har kj\u00f8rt over fjellet langt seinare p\u00e5 \u00e5ret med meir sn\u00f8. Til d\u00f8mes var det ikkje sn\u00f8 p\u00e5 vegen opp til Roskreppdammen, s\u00e5 eg svinga opp dit for \u00e5 sj\u00e5 om det var mykje vatn i fjorden. Det var det ikkje. Laaaangt nede s\u00e5g eg vatnet. Det m\u00e5 bli mykje regn i sommar for \u00e5 fylle opp att magasinet til vinteren. Eg lurer p\u00e5 kor mykje dei har lov til \u00e5 tappe ned. Det kan jo ikkje vere bra for for fisken \u00e5 ha s\u00e5 vekslande tilh\u00f8ve.<\/p>\n<p>Denne dagen var det sv\u00e6rt stor trafikk over fjellet. Lange rekker kom mot meg fr\u00e5 vestsida, s\u00e5 det vart ein noko ujamn tur. Ein svingar ut p\u00e5 m\u00f8teplassar n\u00e5r store doningar kjem til m\u00f8tes, sj\u00f8lv om ein dei fleste gongene bare legg seg heilt ut p\u00e5 kanten av vegen og vonar at det g\u00e5r godt.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 Svartevatn i Sirdal svinga eg over p\u00e5 Hunnedalsvegen. Det er nesten alltid regn n\u00e5r eg kj\u00f8rer gjennom Hunnedalen, og det var mykje regn der denne dagen og. Nedover mot Byrkjedalstunet var det vegarbeid, og sj\u00f8lv om det var blitt kveld, klokka var vel mot \u00e5tte, s\u00e5 var det arbeid med utviding av vegen. Risa sine folk har ingen lett jobb, det er tre minutt med arbeid, s\u00e5 m\u00e5 dei sleppe nye k\u00f8ar fram.<\/p>\n<p>Eg fekk ikkje h\u00f8yre s\u00e5 mykje av sendinga onsdagskvelden, bare fyrste delen av nyhetstimen, der vi overf\u00f8rte fr\u00e5 opninga av S\u00f8lvgarden hotell. Litt d\u00e5rlege tilh\u00f8ve gjorde at det ikkje vart fullgodt i bilen. Og s\u00e5 h\u00f8yrde eg fyrste delen av samtalen Bj\u00f8rgulv hadde med Lisbeth p\u00e5 biblioteket om datakurset dei hadde hatt onsdagen. Det var interessant at folk melde seg p\u00e5 for \u00e5 f\u00e5 l\u00e6re \u00e5 bruke data. Det vert nytt kurs i juni, etter det eg kunne skj\u00f8ne.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>To dagar utan \u00e5 skrive p\u00e5 bloggen. Det er sjeldan. Men onsdag f\u00f8r Kristi Himmelfartsdag drog eg til \u00c5lg\u00e5rd utan PC, og d\u00e5 vert det lite blogging. Turen over fjellet til Sirdal let meg i undring over kor lite sn\u00f8 det var. Eg har kj\u00f8rt over fjellet langt seinare p\u00e5 \u00e5ret med meir sn\u00f8. Til &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/blogglause-dagar-6159807\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Blogglause dagar<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6159807","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6159807"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6159807"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6159807\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6159807"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6159807"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6159807"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}