{"id":6137392,"date":"2009-05-18T19:15:09","date_gmt":"2009-05-18T19:15:09","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/05\/fiskemte-6137392\/"},"modified":"2009-05-18T19:15:09","modified_gmt":"2009-05-18T19:15:09","slug":"fiskemte-6137392","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fiskemte-6137392\/","title":{"rendered":"Fiskem\u00f8te"},"content":{"rendered":"<p>Fisk i heiane har vore eit tema eg har skrive ein del om p\u00e5 bloggen, ikkje minst fordi Tom Arild Homme og Torjus Uppstad og andre fiskefolk har vore ivrige og interesserte i \u00e5 kome i radioen og fortelje om aktuelle saker. No er Torjus reist fr\u00e5 Valle og Tom Arild flytte til Evje for eit par \u00e5r sidan, trur eg &#8211; tida g\u00e5r no kalleg fort.<\/p>\n<p>Men i kveld kalla Setesdal Vesthei &#8211; Ryfylkeheiane Landskapsvernomr\u00e5de inn til fiskem\u00f8te p\u00e5 Sylvgarden. Dag Matzow skulle legge fram siste rapporten fr\u00e5 Espen Enge om Fiskeunders\u00f8kelser i Sira-Kvina-vassdragene sommeren 2008. Den er ganske s\u00e5 fersk.<\/p>\n<p>Problemstillinga p\u00e5 m\u00f8tet var:<br \/>\n\u0095 Kva er status \u0096 p\u00e5 Austheia og Vestheia?<br \/>\n\u0095 B\u00f8r kalkinga halde fram?<br \/>\n\u0095 Er andre tiltak ogs\u00e5 p\u00e5kravde?<\/p>\n<p>Han gjekk gjennom rapporten som syner at kalkinga har bore frukt og mange vatn, s\u00e6rleg i nord, no er rimeleg gode, nokre har sogar aldri vore utsette for s\u00e6rleg mykje sur nedb\u00f8r. Men vatna ligg h\u00f8gt til fjells og dei er s\u00e5rbare, s\u00e5 kalking har vore viktig.<\/p>\n<p>For dei 15 fiskefolka, med eitt unntak var alle menn, var det eit interessant m\u00f8te. Matzow tala i 45 minutt med ljosbilete, s\u00e5 var det samtale i halvannan time etterp\u00e5. Rapporten finn du her:<br \/>\nhttp:\/\/www.svr.no\/Modules\/alldocuments.aspx?Category.ID=1136  S\u00e5 kan du lese han og gjere deg opp di eiga meining.<\/p>\n<p>Eg trur eg vil seie at konklusjonen hans var at no er det n\u00f8dvendig med driftsplanar for vatna i fjellet. I Nomeland driftehei kjem det no ein slik plan, dei har f\u00e5tt pengar for \u00e5 kome i gang med turistrelaterte aktivitetar. Tarjei Haugen fr\u00e5 SVR var m\u00f8teleiar. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Fisk i heiane har vore eit tema eg har skrive ein del om p\u00e5 bloggen, ikkje minst fordi Tom Arild Homme og Torjus Uppstad og andre fiskefolk har vore ivrige og interesserte i \u00e5 kome i radioen og fortelje om aktuelle saker. No er Torjus reist fr\u00e5 Valle og Tom Arild flytte til Evje for &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/fiskemte-6137392\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Fiskem\u00f8te<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6137392","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6137392"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6137392"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6137392\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6137392"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6137392"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6137392"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}