{"id":6130738,"date":"2009-05-17T17:44:56","date_gmt":"2009-05-17T17:44:56","guid":{"rendered":"http:\/\/blog.setesdalswiki.no\/2009\/05\/gratulerer-med-dagen-6130738\/"},"modified":"2009-05-17T17:44:56","modified_gmt":"2009-05-17T17:44:56","slug":"gratulerer-med-dagen-6130738","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gratulerer-med-dagen-6130738\/","title":{"rendered":"Gratulerer med dagen"},"content":{"rendered":"<p>Denne helsinga g\u00e5r b\u00e5de i h\u00f8ve 17. mai og i h\u00f8ve at Alexander Rybak vann Eurovision Song Contest.<\/p>\n<p>For \u00e5 ta det siste f\u00f8rst: Eg s\u00e5g bare litt av showet, og det er eg glad for. D\u00e5 eg benka meg for \u00e5 fylgje poenginnsamlinga opplevde eg at ei dame dei kalla Svab\u00f8 fekk munndiare og skulle snakke over programleiarane, s\u00e5 poenga m\u00e5tte ein f\u00e5 visuelt, ho stoppa ikkje n\u00e5r Alexander fekk 12 poeng heller. Uff, seier no eg, som er blitt s\u00e5 vaksen at eg mindre og mindre toler bakgrunnsst\u00f8y, og i alle fall ikkje dobbel. For all del, f\u00e5 henne bort, dette var pjatt og plapring, ikkje seri\u00f8s formidling av ei musikkoppleving.<\/p>\n<p>Det ser ut til at det ikkje bare var eg som meinte dette. D\u00e5 eg i g\u00e5r kveld kom opp for \u00e5 skrive p\u00e5 bloggen, las eg kommentarar p\u00e5 nettet, og det var mange som var av den same oppfatning, s\u00e5 eg kan ikkje vere s\u00e5 utgammal heller.<\/p>\n<p>Men det var hyggeleg at ein glad gutt vann denne gongen. Det vert eit eventyr for Alexander om han held koken, den energien som lyste ut av framf\u00f8ringa hans, den var sterk \u00e5 oppleve.<\/p>\n<p>S\u00e5 kom dagen i dag. Eg fekk ut flagget om ikkje heilt p\u00e5 slaget \u00e5tte, s\u00e5 i alle fall f\u00f8r ni, og gjorde som eg hadde sagt, s\u00e5g reportasje p\u00e5 tv fr\u00e5 feiringa rundt om i landet. Det er ei glede at feiringa held seg oppe, og eg let meg imponere over flotte bunader i nord og s\u00f8r. Kanskje gjekk ho som var i Valle m\u00e5ndag og henta ny bunad ein stad i toget for alt det eg veit.<\/p>\n<p>Men her i s\u00f8r kom regnet etter kvart, heldigvis for dei som feira at dei gjorde unna feiringa om morgonene, f\u00f8r regnet kom. Det veks og gror for harde livet, sj\u00f8lv om sommarlege temperaturar let vente p\u00e5 seg.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne helsinga g\u00e5r b\u00e5de i h\u00f8ve 17. mai og i h\u00f8ve at Alexander Rybak vann Eurovision Song Contest. For \u00e5 ta det siste f\u00f8rst: Eg s\u00e5g bare litt av showet, og det er eg glad for. D\u00e5 eg benka meg for \u00e5 fylgje poenginnsamlinga opplevde eg at ei dame dei kalla Svab\u00f8 fekk munndiare og &hellip; <a href=\"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/gratulerer-med-dagen-6130738\/\" class=\"more-link\">Les meir om <span class=\"screen-reader-text\">Gratulerer med dagen<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_s2mail":"","footnotes":""},"categories":[6],"tags":[],"class_list":["post-6130738","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ymse"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6130738"}],"collection":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6130738"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6130738\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6130738"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6130738"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/setesdalswiki.no\/blog\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6130738"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}